mandag, oktober 29, 2007

Utfordring med vri.

Ellen Beate utfordra meg til dette:



REGLER för utmaningen lyder som följer:Varje utmanad hund ska skriva 6 underliga/konstiga fakta om sig själv och samtidigt ange reglerna för leken på sin hemsida. Sedan väljer man 6 nya hundar och gör en lista av deras namn. Efter det är gjort skriver personen en kommentar i de utmanades gästbok för att de ska fnatta in och läsa på ens egen hemsida för mer information.
Oki, då kör vi...




Sidan eg har ein merkeleg aversjon mot å skrive på Ayla sine vegne, blir det EG som skriv om Ayla, i stadenfor at ho skriv om seg sjølv.

Dessuten sender eg ikkje utfordringa vidare. Eg er såååå kjip!!! :-)



Here goes.



1. Ayla er veldig glad i jord, og eter gjerne til ho blir mett om ho ikkje blir stansa.

2. Ayla er overbevist om at ho er det som styrer på Vistnes. Alle andre er gjester (dei ho har helst på før), eller inntrengerar (alle, heilt til ho får slått fast om ho har helst på dei før eller ikkje).

3. Ayla liker vera med på sykkeltur.

4. Rå sjømat er litt ekkelt, men det går fint an å svelge det heilt.

5. Det fins nesten ingenting i denne verda som er kjekkare enn å få beskjeden "Lukk" (gjelder kjøkkendøra inne).

6. Ayla likte aldeles ikkje å bli kost med då ho var lita. Nå tigger ho om kos. :-)

søndag, oktober 28, 2007

Oppdatering innbilt svangerskap.

På tidleg ettermiddag i dag, då eg hadde vore ute og handla, såg et tre dråpar blod på golvet her. Holdt litt papir inntil vulva på Ayla, men det blei ikkje farge.

Så ringte eg til dyrlegen for å høyre kor hysterisk eg skulle bli, men av det eg forklarte til henne om den generelle allmenntilstanden til Ayla, kunne eg fint sjå det an.
Ho sa at bloddråpane burde stoppe like kjap som dei kom, og dersom Ayla blei slakk utover ettermiddagen og kvelden, eller ho drakk mykje, eller ikkje hadde apetitt, eller blei generelt dårleg, måtte eg kome med ein gong.

Eg kunne fortelje at ho ikkje drikk meir enn vanlig, at ute er ho den same som ho alltid er - men at inne er ho kanskje bittelitt roligare (as in: følger ikkje etter meg KOR EG GÅR), at ho har god matlyst, og litt meir kosete enn vanlig. Eg fortelde også om episoden i går, og at ho har melk i jura. (eg sliter litt med å kalle puppene til Ayla for jur.. Kyr har jur..)

Ho er dessuten meir vokten av seg. Bjeffer for lydar ho TRUR ho høyrer, og eg syns det er veldig slitsom, for eg støkker sånn! Men eg veit ikkje om det er fordi eg er åleine og ho skal passe på meg, eller fordi ho er full i hormoner akkurat no.

Eg snakka med Vetle tidlegare i dag, og høyrte med han om han kunne huske at Ayla er verre til å stjele i forbindelse med at ho har hatt løpetid. Og han syns det høyrdes truleg ut. Derfor vil eg sjå an neste løpetid, og dersom ho får endå verre symptomer i forbindelse med den, vil eg vurdere sterilisering. Ho skal jo likevel ikkje brukast i avl.

Håper bare ho ikkje går og savner kvalpar ho trur ho har fått.. :-(

lørdag, oktober 27, 2007

Sjuk? Lengtar ho? Innbilt drektighet?

I går drog Vetle nedover til Risør, så eg er åleine med hundane denne helga.
Då eg kom heim frå jobb på fredag, kledde eg meg om med ein gong, og tok dei med meg ut på tur. Då me hadde kome eit par hundre meter, måtte eg stoppe opp pga noko, og då la Ayla seg ned etter at ho hadde oppført seg litt rart. Eg heiv ein godbit bortover langs grusvegen, og ho pilte etter den med høg hale og var brått seg sjølv igjen.

På resten av turen som varte nesten halvannan time, haldt ho seg i umiddelbar nærhet av meg, og eg syns eg kunne merke at ho faktisk var litt sliten... eller ikkje sliten, men fornøydd.

Då me kom inn, skulle eg berre sjekke litt mail og sånt på laptopen før eg skulle lage meg middag, og då gjekk Ayla rundt i leiligheten og peip og klynka. Eg syns det var rart, for ho hadde vore godt på do på turen. Eg skreiv det på konto for Vetle-lengt, og syns det var veldig søtt.

Etter middag tok eg for meg badet. Der har det blitt litt av ein haug denne siste veka, og det likte Ayla veldig godt. Ho kraup inni kroken sin og låg der. Sjølv om eg gjekk ut av badet også. Vanligvis pleier ho å sprette opp når eg forlater eit rom, men ikkje i går.

Litt seinare opna eg døra inn til soverommet for at det ikkje skulle vera så kaldt når eg skulle legge meg, og mens eg sat i stova, gjekk Ayla inn på soverommet og stjal ein av bamsane som står ved mi side av senga. Ho gjekk inn på datarommet og la seg i sofaen der, og det var der eg fant henne då eg lurte på kor ho hadde blitt av. Vanligvis når ho stjeler noko, legger ho det berre ved sida av seg og passer på det. Tingen er knapt nok våt eingong, men i går var bamsen kliss våt. Då eg tok den frå henne, blei ho uroleg, og etter dette begynte ho å klynke mens ho vandra rundt i leiligheten igjen.

Ho har også vore veldig veldig kosete i det siste.

Livmorbetennelse og innbilt drektighet har vore langt framme i hovudet mitt i det siste, for eg leste eit innlegg på Canis nettopp om ei som hadde falsk drektighet på hunden sin. Og Krissi hadde livmorbetennelse på Snuppa, og etter eg leste det innlegget, har eg vore litt på vakt etter sånne ting.
Sjekka kalenderen og bloggen, og den 25. august skreiv eg at Joey hyler så snart Ayla rører på seg. Det skulle dermed vera ganske nøyaktig ni veker sidan ho var høgløpsk, og ca åtte sidan løpetida slutta. Nærmare bestemt 63 dagar sidan høgløpsk, og det er jo dønn eit svangerskap, er det ikkje?

Ettersom kvelden gjekk, forsvant ho igjen. Då låg ho på senga vår med ikkje mindre enn TRE bamsar rundt seg. Dette har skjedd fleire gonger før også, så det skulle ikkje vore noko rart ved det. Dersom døra står open, går ho inn dit, stjeler ein bamse, og legger seg på senga. Når eg då kjem inn og tar det frå henne, koser me litt og så tar eg henne med ut igjen. Men i går, kikka ho veldig etter bamsane, og var ikkje så interessert i kosen. Så skulle eg kose henne på magen, og då kjente eg det... Ehm.. puppene? pattane? jura? var blitt større, og då eg klemte passe hardt, kom det væske ut.

Det kan med andre ord sjå ut som om Ayla har fått innbilt drektighet. Eg syns ho har vore litt meir på tuppa dei siste dagane, og har boffa på lydar ho vanligvis ville ignorert. Ho har også sove meir, og mast meir om kos. Matlysta har vore der, og ute på tur har ho vore sitt sedvanlige kvikke, kontaktsøkande Ayla.

http://www.charlottes.no/?page=hunden_tekst1&mode=10

http://www2.orionpharma.no/templates/Page____1904.asp

http://debatt.sol.no/show.fcgi?category=3500000000000012&conference=131&posting=20500000001630031

Her stod det veldig bra:
http://www.vetmed.lsu.edu/eiltslotus/theriogenology-5361/canine_pregnancy.htm


I dag morges høyrde det ut som om ho skrapa på døra, men etterkvart som eg høyrde etter, virka det meir som om ho gravde inni buret. Då eg slapp dei ut fra romet sitt, gjekk ho rett til døra, og eg høyrde det surkla i magen hennar. Ho sprang bort til graset langs kanten på plenen og åt.
Då eg serverte frokosten, åt ho først godt, men så stoppa det opp.

Lettare hysterisk som eg jo er, tenker eg på jurbetennelse, livmorbetennelse, og andre uhumskhet og kjenner at eg helst skulle hatt nødnummeret til dyrlegen på hurtigtast på mobilen. Usj...

Det står at ein skal aktivisere ei tispe med innbilt drektighet, så det får eg gjer. Eg trur også at eg skal la vær å trene passeringar til det har gått over. Halde ved like, ja, auke kriteriene, nei. Og så må eg følge med på om det kommer væske fra kjønnet hennar m.t.p livmorbetennelse. Og halde eit auge med om ho verkar slapp og får dårleg apetitt. Huff, stakkars Ayla...

torsdag, oktober 25, 2007

Pay IT Forward. (Advarsel: på bokmål!)

Siv hadde eit innlegg om Pay It Forward, som eg ønsker å formidle i min blogg også.

Husker du filmen Pay it forward med gutten som tror på det gode i mennesker og sender en god gjerning videre til en person i den tro at alle gode gjerninger vil gjøre verden til et bedre sted? Jeg var innom en blog som har funnet en måte vi bloggere kan gjøre det samme på.

Slik fungerer det:

Jeg vil sende en håndlaget gave til de tre første som legger igjen en kommentar i bloggen min, og som spør om å få delta i en Pay it forward(PIF)-utveksling. Jeg vet ikke hva gaven vil bli ennå, og det er ikke sikkert du vil motta den verken i morgen eller i neste uke. Men jeg lover deg at du skal motta den i løpet av de neste 365 dagene. Du trenger ikke gjøre noe for meg, men legg gjerne dette samme løftet i din egen blogg.

Har du lyst å være med å gjøre verden til et litt bedre sted, så er det bare å skrive en kommentar på denne posten om det. Kontaktinformasjon utveksler på vi privaten.

Om den ikke blir så veldig mye bedre, verden altså, så vil det være morsomt å ta seg tid til å lage noe til et kjent eller ukjent menneske og å få lov til å gi dette mennesket en gave som de kan bli glade for. Det gjør i allefall min dag bedre å kunne bidra med noe slikt.

onsdag, oktober 24, 2007

Tur til sentrum.

Tok på meg alt eg har av varme klede, og tok med meg Ayla opp til sentrum. Det er ein tur på 3,5 km langs noko som ikkje kan kallast anna enn landeveg. Der er ikkje fortau, men der er då i det minste gatelys. Tanken var å slite henne mentalt ut opp til sentrum, og så få til nokre godt preparerte passeringar. Eg hadde ikkje gått ein kilometer før den første muligheten dukka opp frå ein sideveg. Ein mann. Det var blitt mørkt. Hjertet gjekk litt ekstra fort, for eg bestemte meg for å fortsetje å gå, i stadenfor å be henne sette seg sånn som eg pleier å gjer. Det gjekk heilt fint! Ho var avslappa og fin i munnen når ho tok i mot godbitane, og begynte straks å snuse langs grøfta då mannen var passert.

Halvannan kilometer lenger oppe såg eg eit par skuggar langt borte. Eg såg også eit blinkande halsband, og håpte at ho skulle gå forbi ved hjelp av snadderbitane. Den andre hunden bjeffa og klynka og folka kjefta på han. Eg klikka og skrøyta om kvarandre, alt for å komme meg forbi uten at ho skulle bjeffe. Ho plar nemlig bli mykje meir stressa og på tuppa etter at ho har hatt eit utfall.
Eg hadde ingen grunn til å frykte noko, for ho togg godbitar som om ho aldri hadde gjort anna. Eg var så stolt då me hadde kome oss forbi! :-)

Nærmare sentrum er der fortau, og det kom eit par syklistar som passerte bakfra, og så kom det ei dame forfra. Eg kikka ned på Ayla og såg at ho hadde roleg lunteholdning. Ho såg ikkje nevneverdig interessert ut, og eg vurderte i eit nanosekund å teste om ho ville klare å passere uten godbitar. I neste nanosekund ombestemte eg meg, sidan dama ville passere så nært oss. Fortauet var ikkje SÅ bredt.
Me kom oss forbi uten problem. Heilt fantastisk! :-)

Før me kom oss opp til torget, midt i sentrum, fekk me passering av tre enkeltpersonar og to som stod og prata. Eg kunne puste letta ut og ringe til Vetle for å be han komme og hente oss. Eg måtte heim og øve på saksofonen, så eg hadde ikkje tid til å gå heim igjen.

Me sat og venta på han på ein liten grashaug, og rund på torget var der kanskje 20-25 ungdommar som herja og prata og gaulte og var slik ungdommar er.
Då Vetle kom, ba eg Ayla sette seg ved sida av meg, og ho fekk ikkje reise seg før eg spurte om ho ville helse. Ho har blitt så flink!!!!! Supre hunden min!!

mandag, oktober 22, 2007

Mandagstrening 22. oktober

Klarte å gløyme å printe kriterieplanen, så då blei det stort sett tulletrening igjen. Fy meg.

Nesten det første som skjedde då eg skulle ha ut Ayla mens me likevel stod og prata, var at ho hoppa rett opp på Ann Kristin. Ayla har då ikkje hoppa opp på nokon på aldri så lenge! Dermed måtte eg trene på det igjen. Fekk Ann Kristin til å prøve å lokke Ayla til å hoppe opp på seg, og klarte til slutt å få henne til å sette seg når ho kom bort til Ann Kristin. Takk og pris for at det er såpass enkelt å trene vekk igjen! :-)

Ellers fekk eg trent litt på å halde kontakten sjølv om det var litt bjeffing rundtomkring, og det syns eg ho får til ganske så bra nå. Eg hugser med rødmande kinn den gongen i fjor der eg måtte be dei andre på KlikkerTRENERkurset om å vera stille, ellers klarte ikkje Ayla å konsentrere seg... *blush* Godt å ha noko å skulde på...

Me gjekk også åttetall mellom Bente, Bente, Solfrid og Ann Kristin der Ayla holdt kontakten DØNN stort sett heile veien. Då eg oppdaga jukset mitt (eg klikka rett før me skulle passere mennesket, og så fekk ho godbiten idet me passerte, og voila, problem løyst), blei det litt vanskeligare for henne, men ho skjønte poenget etterkvart, og eg venta med å klikke til ETTER me hadde passert. :-)

Det virker som om helse-kommandoen min kun betyr yr glede for Ayla nå. Når me har trent på litt omvendt lokking, eller at ho skal sitte ved sida av meg når eg prater med folk, og eg då spør om ho vil gå og helse, blir ho kjempeglad og springer bort til personen og stiller seg med sida inntil beina og kikker på meg. Når ho er ferdig, kjem ho bort til meg igjen. Dette har eg ikkje trent bevisst på, men trur nok at det har hjelpt at eg har brukt personar ho liker veldig godt (og det gjer ho jo med dei alle når ho bare har fått konstatert at dei ikkje skal myrde henne og partere henne opp og selgje henne på QXL som prima biffkjøt).

Eg lærte dessuten at Ayla ikkje har små kvalpar på menyen. Veslemøy hadde med seg vesle Oscar (eller Åsgår, som eg trudde han heitte) på fire mnd(?) med seg. Ayla fekk helse, og helste kjempefint! Eg gjekk vekk litt, sånn at ho ikkje skulle bli voktande eller beskyttande eller kva no som føregår i instinktene hennar, og mens ho stod og snuste på Oscar som stod mellom beina på Bente, gjekk det ei vilt framand dame forbi bak Bente. Ayla stod slik at ho såg dama, men var ivrig opptatt med å snuse på Oscar. Eg fekk litt noia, for eg stod så langt vekke, og plutseleg kikka Ayla seg rundt for å sjå kor eg var blitt av. Eg smatta, og ho høyrde nok ikkje med ein gong kor lyden kom fra, for ho pilte etter denne framande dama.

Eg ropte på henne, og ho snudde på ein femøring og gallopperte opp igjen til meg! :-) Ikkje bort til Bente og Veslemøy og Oscar, men til meg! Juhu!
Litt seinare låg ho i Dekk, og fekk klikk og godbit med Oscar som maksimal forstyrrelse der han gjekk og snuste henne i rumpa og i øyret og på sida. Ayla låg heilt i ro og nistirra på meg.
Så: Jippi!! Ayla eter ikkje kvalpar!! Juhu!!!

Og eg har gjort ei oppdaging eg ikkje heilt likte... Eg må belønne meir med leik! Ho velger vekk leika til fordel for godbitar! :-O

søndag, oktober 21, 2007

Bøkene mine

Anders Hallgren - Den gamla hunden, om den eldre hundens fysiska och psykiska velbefinnende
Anne Lill Kvam - Nesearbeid for hund, skritt for skritt fra godbitsøk til sporsøk
Aslaug Høydal - Dyresoger, og andre sanne soger
Barry Eaton - Dominans og lederskap, fakta eller overtro ?
Bruce Fogle m. fl.. - Store hundebok
C.Køste & M. Egtvedt - Lydighetstrening i teori og praksis, fra grunnferdigheter til konkurranse
Emma Parsons - Klikkertrening og dempende signaler, slik trener du bort aggresjonsproblemer hos hunder
Eva Bodfäldt - Kontakt, samspillet mellom deg og hunden din
Geir R. Nordenstam - Du og hunden
Geir R. Nordenstam - Full kontroll, en bok om moderne lederskapstrening av hund og hundeeier
Gry Løberg - Valpesosialisering
H. Bresson - Rottweiler
Heinrich Von Beine - A step by step book about ROTTWEILERS
Jean Donaldson – Oh Behave ! Dogs from Pavlov to Premack to Pinker
Jean Donaldson - The culture clash, a new way of understanding the relationship ….
Jeffrey Masson - Hunder lyver aldri om kjærlighet, om hunders følelser
K. Haase & J. Oleby - Hundemassasje og stretching
Karen Pryor - Clicker training for dogs
Karen Pryor - Don't shoot the dog ! The new art of teaching and training, revised edition
Karen Pryor - Klikkertrening for utstillingshunden, en artikkelsamling fra AKC gazette
Kay Laurence – Learning games, Learning about dogs
Leslie McDevitt et.al. – Control Unleashed
Liz Palika - How to train your rottweiler
Margit Sandemo - Jovisst har dyrene sjel, en samling historier av og for dyrevenner
Mary Macphail - Pet owner's guide ROTTWEILER, expert advice on care and training
Merete Andersen - Freestyle - å danse med hunder
Merete Andersen - Veien til en bra kar, å være en glad hundeeier
Nicole Wilde - Help for your fearful dog, a step-by-step guide to helping your dog conquer his fears
P. McConnell m. fl.. - Feisty Fido, help for the leash-aggressive dog
Pamela Dennison - Click your way to rally obedience
Pamela Dennison -Bringing light to Shadow, a dog trainers diary, from aggressive rescue dog to canine good citizen
Patricia McConnell - The other end of the leash
R.Fjellanger m. fl.. - Hundens beste venn, læring og samspill med det gode
Richard Beauchamp - Rottweilers for dummies, a referance for the rest of us
Roy Hunter - Fun nosework for dogs, teach your dog to enjoy using his nose
Rupert Sheldrake - Uforklarlige krefter hos dyr
Sven Jerverud m. fl.. - Din hund søker, søk från grunden til bruks elit, uppletande, redningshund, specialhundar
Terry Ryan - Coaching people to train their dogs
Turid Rugaas - Bjeffing, språket som høres
Turid Rugaas - På talefot med hunden, de dempende signalene
Ulla Barvefjord - Rottweilern, en utmerkt brukshund
Ulla Barvefjord - Valpen vår, fra valp til flink hund
Ulvund m. fl.. - Min hundefortelling
William E. Campbell - Behavior problems in dogs
Øyvind Asbjørnsen et.al - Utrolige hundehistorier
Aage Christensen - Min hund, ROTTWEILER
Åsa Ahlbom - Fra valp til voksen hund
Åsa Ahlbom - Rasekunnskap

DVDane mine.

Barbara Handelman - Clickertrain your own assistance dog
Bob Bailey - The fundamentals of animal training
Broitman & Lippman - Take a bow wow and Bow wow take 2
Jan Fennell - The dog listener
Karen Pryor - Clicker Magic ! The art of clicker training with Karen Pryor
Karen Pryor - Don't shoot the dog, Lydbok
Kathy Sdao - Cujo meets Pavlov
Kathy Sdao - Improve your “I-Cue”
Leslie Nelson - Pet obedience + teaching pet people
Pamela Dennison - Camp R.E.W.A.R.D. for aggressive dogs
Pamela Dennison - Positive solutions for solving standard behavioral problems
Patricia McConnell - Both ends of the leash
Susan Garretts - Crate games, for selfcontrol and motivation
Ted Turner - Classics of training featuring Ted Turner
Turid Rugaas - Calming signals, what your dog tells you

tirsdag, oktober 16, 2007

Fantastisk tur med Ellen Beate og Kira! :-)

EB skulle låne litt litteratur og DVDar, så me avtalte å treffes ved Vistnestunet og ta ein liten tur med hundane. Første halvdel gjekk begge i band, og det blei ikkje bråk eller styr. Då me kom ned til drivhuset, slapp eg Ayla laus, og ho sprang rundt og koste seg uten å stikke bort til Kira for å kødde :-)

Då Kira også fekk springe laus heiv ho seg ned i leikebukk, og dermed var leken i gong. Ayla svarte momentant på invitasjonen, og dei sprang og koste seg!

Me blei enige om at me ville gå den lengste runden på ca 2,7 km, og då måtte tøttene i band igjen. Me kalte inn, og dei kom som to kuler til sine respektive stolte "mødre"! Juhu!

Ved sjøen slapp me dei igjen, og dei fant ut kor dei hadde kvarandre. Ayla la veldig opp til at Kira skulle egle henne, og då Ayla ikkje syns det var kjekt lenger, kom det ein kort beskjed, og så var ting i sin skjønnaste orden igjen. Med andre ord; to språksikre unge tisper!

Eg må innrømme at eg var halvkald for at Ayla skulle svare til mine fordommar og nærmast pryle Kira. Ho har jo hatt tendensar til å bølle med yngre hundar, og Kira er jo nåken mnd yngre. Men det gjekk bare heilt gullfint!

Været var typisk Vistnesvær, med sterk vind, men heldigvis ikkje regn. Det blei mørkt før me kom tilbake, men FOR EIN FANTASTISK TUR!! Som balsam for sjela!! :-)

Kriterieplan for mandag 15. oktober

Dekk under vanlig marsj.
Veksle mellom FVF og dekk under marsj.
Luke ut frivillige dekk fullstendig.
KUN klikke for dekk som skjer på mitt signal
Lange strekker FVF uten dekk.

Eller skal eg droppe denne, og vente til me treng den?


Denne trente eg ikkje på.

Vente ved sida av meg når folk kjem til oss.
Sitte i ro når eit menneske står eit stykke unna og lokker forsiktig på henne.
Sitte i ro når eit menneske står tre meter unna og lokker forsiktig på henne
Sitte i ro når eit menneske står to meter unna og lokker forsiktig på henne.
Sitte i ro når eit menneske står to meter unna og lokker meir og meir på henne.
Belønne med lek her?
Mål for kvelden: Ayla sitter i ro når eit menneske står to meter unna og lokker på henne.


Her begynte eg nok altfor vanskelig. Ellen Beate begynte fem meter fra, og Ayla byksa fram for å helse. Me justerte litt på avstand og lokkestyrke, og dermed sat Ayla som støypt. Då me auka kriterier, sat ho veldig uroleg, og ho reiste seg eit par gonger. Eg brukte det å komme til EB som belønning, og då såg Ayla ut til å skjønne leiken betre. Endte opp med at EB kunne stå ca 2 meter frå og klappe seg på låra og prate til Ayla mens Ayla sat og såg på meg. Bra økt!!

Neste gong må eg ha som mål at ho skal vera roligare i kroppen, og så må det ikkje lagast smatte eller kysselydar. :-)

Innkalling
Komme kjapt inn i KORREKT utgangsstilling fem gonger på rad fra like foran meg.
Komme kjapt inn i korrekt utgangsstilling fra ein halvmeters avstand.
Komme kjapt inn i korrekt utgangsstilling fra ein meters avstand.
Komme kjapt inn i korrekt utgangsstilling fra to meters avstand.
Mål for kvelden: Komme kjapt inn i korrekt utgangsstilling fem gonger på rad fra ein meters avstand.
Korleis skal eg få det til? Belønne med leik eller veldig gode godbitar. Belønne med lek? Avstandsbelønning? Springe bort til medhjelpar for å ete godbitar or handa deira?
Klikke KUN FOR RETTE SITTAR!!!

Dette fekk eg trent litt på før dei andre kom, og ser at når ho skal tilby frivillig innsitt, er den skeiv. Når eg seier "HER", setter ho seg beint.

Stå under marsj
Få fram frivillig stå under baklengs marsj, og legge på ”TÅ!”
Belønne når ho står etter mitt signal, og ikkje belønne når ho står på eige initiativ.


Dette fekk eg trent på, og det var veldig vellykka! :-)

Target med frys.
Springe til target fra ulike vinklar
Springe til target fra ulike avstandar og vinklar
Springe til target og stå der i halvt sekund
Springe til target og stå der i eitt sekund
Springe til target og stå i to sekunder
Mål for økta: Ayla springer til target og står der i ro i to sekunder


Dette fekk eg trent på før dei andre kom, men targetet var vel ikkje heilt det beste.. Ei lita plastbøtte med botnen opp. Ho sprang bort til den, og forstod raskt at det var det som skjedde der borte ho fekk belønning for, men så klarte eg å klikke TO gonger på rad for at ho brukte labben oppå den og fekk den til å trille bortover, og då var det gjort. Derfor ga eg opp, og bestemte meg for å forsøke kone neste gong. Eg har nokre stykker fra då Joey og eg gjekk lydighet, så eg får finne fram dei igjen.


______________________________


Me trente på Tasta Skule i går, og der er det ikkje akkurat fritt for folk. Heilt på slutten var det bare Bente, EB og meg igjen, og me stod og prata mens Ayla fekk godbitar for å ligge i ro. Oppe ved skulen stod to unge gutar, og den eine laga ein rar lyd. Ayla spratt opp og voktebjeffa, og eg reagerte momentant med å lage kysselyd og sei SJÅ! og kasta godbitar på bakken. Ho snudde seg rundt før eg var ferdig med SJÅ ordet, og så var det ikkje meir lyd. Eg merka at ho var litt på tuppa, og BURDE HA SATT HENNE I BILEN. Men gjorde eg det?
Eg hadde også gått tom for snadderbitar, så då det strømma ut folk frå skulen, gjekk eg tom for både godbitar og snadderbitar. Eg fekk nokre av EB, men dei rakk heller ikkje, så det kom EIT boff fra Ayla. Ho snudde seg deretter lynkjapt opp mot meg, og fekk leverpostei eg kom på at eg hadde i vesten. :-)

Då ramla eit snev av fornuft inn i hovudet på meg, og i den augneblinken eg såg at me ville komme oss bort til bilen uten at det blei vanskelig for Ayla, då pilte me bort og ho fekk slappe av i bilen til me skulle kjøre heim. :-)

Etterpåklokskapen forteller meg: Når Ayla ligger sånn samen med meg og eg står i gruppe og prater, virker det som om ho vokter meir enn ellers. Dersom ho har voktereagert på lydar i ein sånn situasjon, blir ho ekstra vár for andre ting. Eg bør då ALLTID ha klart snadderbitar OG godbitar. Om eg trur at eg ikkje har nok, bør eg sette Ayla i bilen.

tirsdag, oktober 09, 2007

Mandagstrening, endelig litt system på galskapen!

Satte meg kriterieplan i går:

Dekk under vanlig marsj.
Kjapp neddekk nært meg i sakte framover marsj.
Kjapp neddekk nært meg i roleg framover marsj.
Kjapp neddekk nært meg i vanlig framover marsj.
Kjapp neddekk nært meg i vanlig framover marsj, og at eg går fra
Mål for kvelden: Fem kjappe neddekk nært meg i vanlig framover marsj.


Her nådde eg målet! Juhu!

Vente ved sida av meg når folk kjem til oss.
Sitte i ro når eit menneske kjem veldig rolig mot oss.
Sitte i ro når eit menneske kjem roleg mot oss og prater.
Sitte i ro når eit menneske kjem roleg mot oss og stopper ein meter frå oss og prater med meg.
Sitte i ro når eit menneske kjem roleg mot oss og som forsiktig prøver å lokke på Ayla.
Mål for kvelden: Sitte i ro når eit menneske kjem roleg bort mot oss og som forsiktig prøver å lokke på Ayla.

Her kom eg så langt som til å sitte i ro når eit menneske (fullstendig framand!!) kjem roleg mot oss og stopper ein meter frå oss og prater med meg. Veldig fornøyd med det!
Neste mandag vil eg forsøke å få ein av dei ho kjenner til å lokke henne ut av stilling, og så gradvis gjer det vanskeligare og vanskeligare for henne å sitje i ro.



Innkalling
Komme kjapt inn i KORREKT utgangsstilling fem gonger på rad fra like foran meg.
Komme kjapt inn i korrekt utgangsstilling fra ein halvmeters avstand.
Komme kjapt inn i korrekt utgangsstilling fra ein meters avstand.
Komme kjapt inn i korrekt utgangsstilling fra to meters avstand.
Mål for kvelden: Komme kjapt inn i korrekt utgangsstilling fem gonger på rad fra to meters avstand.

Her kom eg ikkje langt i det heile tatt. Ho setter seg skeivt, før ho justerer seg til ho sit beint. Eg trur kanskje det har blitt ein kjede av det. Ein kjedeleg kjede. Åe!! Eg skal derfor høgne verdien på belønninga, og vera gnien på kva eg klikker for. Jepp, det var ei god løysing! :-)


Ellers var ho usedvanlig engel og gull denne kvelden! Bare happy-bappy, og det passerte litt folk forbi oss mens me stod og trente, uten at ho brydde seg. Eg trente til og med med bandet hengande laus etter henne!

mandag, oktober 08, 2007

Eg må snart klype meg i armen!


Flott passeringsbilde av Ayla. :-)


Hytta

Månafossen. 92 meter fritt fall.







I helga har Ayla og eg vore på hyttetur. Joey var også med første natta, men Vetle kom og henta han på fredagen. Ho har vore engel heile helga, og på lørdag skulle me gå tur til Månafossen. Det stod i NAF boka at det skulle ta 20-25 minutter å gå dit, og at det til tider var bratt og ulendt. Vel, det var å underdrive VELDIG! I løpet av dei første 550 metrane, hadde me ei stigning på 150 meter! Det er masse, det!

Vel, dersom det nå ringer ei bjelle hos dei som leser bloggen min.. Når eg nevner NAF bok, tur, severdighet... om at det kanskje var andre folk der den dagen... og Ayla sine "issues".. Vel, det er her eg må klype meg i armen. Ikkje eit einaste bjeff heile dagen, og det var ikkje fordi me gjekk der åleine, for det var me så absolutt ikkje! Dei gongene folk skulle passere, enten mot oss eller fordi dei tok oss igjen, gjekk eg litt vekk frå stien der det var mulig. Eit par plasser hadde me bare eit par meter mellom oss og dei passerande.

Eg husker ikkje alle passeringane, men eg trur eg gjekk vekk frå stien kanskje 8-10 gonger, og til saman passerte nok 25-30 folk. Alle aldrar, og ein mann snakka til og med til oss uten at ho reagerte. :-) Kva han sa? "Du har kontroll på bikkja, ser jeg!" Eg smilte og svarte "Ja, eg prøver så godt eg kan." og kjente at eg nok svevde litt opp fra bakken. :-)

Turen tok 3,5 timar, og Ayla var dønn sliten etterpå. :-)


I dag er det mandag, og eg har fått ein ny ting å trene på i dag. Eg har nemlig begynt å få til frivillig dekk under marsj!! OMG!! Ho slenger seg ned, men av og til eit stykke vekk fra meg. I kveld blir kriteriene eg skal klikke for:
* Kjapp neddekk nært meg i sakte framover marsj.
* Kjapp neddekk nært meg i roleg framover marsj.
* Kjapp neddekk nært meg i vanlig framover marsj.
* Kjapp neddekk nært meg i vanlig framover marsj, og at eg går fra. (?)
Eg skal holde på kriteriene, og eg skal tenke 80% regelen. Den eg får med meg som skal sjå på meg skal få den beskjeden at når dei teller at eg klikker 8 av hennar ti forsøk, skal me gå vidare til neste kriterie. EG SKAL FÅ DETTE TIL!!!

Eg må også tenke litt på kva anna eg skal trene på då, sånn at det ikkje blir forvirrande for Ayla.
Eg ser ikkje heilt for meg å trene f.eks sitt i FVF eller at ho skal gå FVF i lenger og lenger strekningar, i og med at eg skal trene på at ho bare skal legge seg midt i FVF.

Tannvisning er ei stund sidan me har trent på nå. Sitte fint mens folk kommer mot oss.

Og fellesdekk? Eller blir det for masse ligging, tru?

Kva med oppsitt etter at eg har klikka for dekk i FVF?

Må tenke litt på det, og så oppdatere 0001Plan

tirsdag, oktober 02, 2007

Må ta meg samen på mandagstreningane!!!

Etter nok ei rotete mandagstrening sat eg og irriterte meg grøn på veg heim i bilen i går kveld. At eg ikkje skal klare å førebu meg betre enn eg gjer! Fanken, altså!

Eg kjem jo ingen veg når eg tar det som det kjem gong etter gong etter gong! Kriterier fyk opp og ned som jojoar, og me beveger oss ikkje frå flekken!
Derfor har eg bestemt meg for at eg skal lage kriterieplan før neste mandag. FOR å ikkje gape over for mykje, skal eg velje med tre øvelsar der me skal ha tydeleg framgong etter neste mandagstrening, for dette her held ikkje lenger! Eg MÅ skjerpe meg!

Stakkars Ayla!


Når det er sagt, er eg veldig fornøyd med koss Ayla reagerte på at der var ny hund på trening i går. Ho bjeffa ikkje då Kari-Kari kom heller, og det er vel første gong DET har skjedd! OG me har for alvor innført "Skal du gå og hilse?" når me trener i nærheten av folk. I går gjorde eg slik: Utstyrte figurant (May Kristin, begge Bentene og Solfrid. Etter tur, altså) med eit par godbitar, og så ba eg Ayla komme i utgangsstilling. HO sat og sat og fekk klikk etter klikk, og så spurde eg henne om ho ville gå og hilse. Ho pilte bort til personen, og fekk snuse. Gjentok å komme i utgangsstilling, og så spørsmålet på nytt, og denne gongen fekk ho godbit. Tredje gongen blei ho klappa. Neste gong eg trener på dette, skal eg bytte på rekkefølgen på dei tre variantane: Ingenting skjer, ho får godbit, og ho blir klappa. Eg vil også variere på at personen kjem opp til oss mens me trener, eller at me kjem bort til personen og eg ber henne sitte i ro.

Det blir jo på ein måte litt slik Kari-Anne trener med Heidi her og nederst her.

Plan for neste mandag kjem i dette innlegget: 001 Plan