tirsdag, oktober 27, 2009

Litt forskjellig..

Helse
I dag skal me til dyrlegen og få kortison. Håper dette vil virke, for om eg har sagt eg har vore lei av halt hund før, er det INGENTING mot koss eg har det nå..

Me får trent litt om morgonen og ellers på lufteturar og slikt, men det skal ikkje rare krumspringa til før ho haltar etter kvile. Metacam måtte me slutte med pga ho spydde av dei. Så nå har me to-tre brett med smertestillande me ikkje kan bruke. Jippi...

Kurs
Ellers nærmer det seg kurs i Kongsberg, og eg gleder meg sånn at det kjennes som om tida snegler seg avgårde! :-) Kurset tar for seg problemløysing og atferdsfordjupning, og eg veit at me skal innom særdeles interessante emner i løpet av helga. Vetle blir også med, så har eg eit ekstra par øyrer og auger i tilfelle det begynner å koke litt for meg, noko som ikkje er heilt utenkjeleg.

Treningstips
Og så fant eg ein artikkel av Anne Lill Kvam om ID-spor: http://www.samojedhund.no/trening_idspor.php?meny=3

Rally
Me har dessuten meldt oss på Rallylydighetskonkurranse 16. november i Klasse 2, og har begynt å trene til det.

201 8 TALL - MAT
202 STOPP – STÅ - GÅ IFRA - BERØR
203 TILBAKE - FOROVER FRA STÅ
204 STOPP - GÅ IFRA – INNKALLING
205 SNU OG KALL INN
206 AVSLUTT HØYRE
207 HØYRE FREM
208 AVSLUTT VENSTRE
209 VENSTRE FREM
210 STOPP - VRI 180 GRADER – HØYRE – STOPP
211 STOPP - VRI 180 GRADER – VENSTRE – STOPP
212 STOPP - FRA SITT - HELT OM HØYRE OG FREM
213 STOPP - FRA SITT - HELT OM VENSTRE FREM
214 SITT FORAN - 1,2,3 STEG BAKOVER
215 SEND OVER HOPP
216 STOPP - LØP I FRA – KALL INN FORAN I FART
217 DEKK UNDER MARSJ
218 STOPP – SITT – SPRINGMARSJ
219 STOPP - HØYRE SKRITT – STOPP
220 HELOMVENDING – VENSTRE

Er øvelsane eg må kunne. Og nr 216 er litt meir tricky enn det kan sjå ut som. Dessuten skal hunden vera laus, heilt utan halsband og alt slik som i agility

I tillegg til dei øvelsane, vil det jo framleis vera skilt frå Klasse 1 som dukker opp:

101. STOPP – SITT
102. STOPP – SITT – STÅ
103. STOPP – SITT – DEKK
104. STOPP – SITT – DEKK – SITT
105. STOPP – SITT - GÅ RUNDT
106 STOPP – SITT – DEKK - GÅ RUNDT
107 HØYRE SVING
108 VENSTRE SVING
109 HELT OM HØYRE
110 HELT OM VENSTRE
111 270 GRADER HØYRE
112 270 GRADER VENSTRE
113 360 GRADER HØYRE
114 360 GRADER VENSTRE
115 SITT FORAN - HØYRE FREM
116 SITT FORAN - VENSTRE FREM
117 SITT FORAN - HØYRE SITT
118 SITT FORAN - VENSTRE SITT
119 SAKTE MARSJ
120 SPRING MARSJ
121 VANLIG MARSJ
122 SIDE STEG HØYRE
123 STOPP - VRI 90 GRADER HØYRE – STOPP
124 STOPP - VRI 90 GRADER VENSTRE – STOPP
125 SPIRAL HØYRE - HUND UTSIDE
126 SPIRAL VENSTRE - HUND INNSIDE
127 STOPP - 1,2,3 STEG FREM
128 STOPP - VRI HØYRE - 1 STEG – STOPP
129 DOBBEL 8
130 ENKEL 8

Utfordringane eg må få gjort noko med før konkurransen er:
1. Skilt og kjegler er ikkje target
2. Halde seg på bakken på vri-til-venstre-øvelsar (ho har ein tendens til å bruke låret mitt som støtte)
3. Få visshet i korleis skilta skal utføras
4. Få nerver under kontroll
5. Prøve med skikkelig hinder for å sjå om ho faktisk vil hoppe over, slik ho gjer med alle hinder me støter på som kan likne på noko me vil få i konkurranse.
6. Trene uten band med folk rundt oss

Bortsett frå dette meiner eg me er klare. :-)

tirsdag, oktober 13, 2009

Såvidt litt trening igjen

Eg har bestemt meg for å prøve kortison for haltinga til Ayla, så nå må eg bare få bestilt time hos dyrlegen og få det gjort. Eg er så lei av å ikkje kunne gjer noko med henne, for eg vil ut og gå langs sjøen MED hund! Eg vil trene på hopping, konkurranse, eg vil kunne trene feltsøk og spor og andre kjekke ting UTEN å tenke på at ho må passe seg med foten.

Så nå skal me altså prøve kortison.

Ellers blir det lite trening. Eg har null motivasjon, og jo lenger tid det går mellom kvar gong eg har henne med på trening, desto høgare blir terskelen for å gjer det.

Dessuten har ho hatt eit utfall mot ein joggar nå nylig, og det var nedtur de luxe. Ho har ALDRI reagert på joggerar før, men han her kom bakfra og jogga VELDIG nærme oss. Han meinte sjølv han var minst tre meter frå oss, men vegen er ikkje tre meter akkurat der. Joggaren blei dritforbanna, og eg var heilt på grininga der han stod og kjefta på oss. Det gjorde jo ikkje akkurat ting bedre for Ayla heller.

Men i går hadde eg henne altså med på rallytrening. Først skulle eg demonstrere litt med henne på grunnkurset (der eg forøvrig har BARE KNALLFLINKE deltakarar som trener masse mellom kveldane og har så god framgong at det er heilt utrulig!), og ho jobba godt. Eg MÅ få vekk targetatferden på skilta!! Det må vera første prioritet fra nå av!!

Etter kurset gjekk me opp på grusbanen der rallyTRENINGA føregjekk, og holdt oss godt i utkanten. Ho konsentrerte seg fint, og var bare sånn måtelig interessert i dei andre hundane. Ho kikka på dei, men når dei bjeffa, nistirra ho på meg. Det er nemlig ein annan lyd enn klikkeren som betyr godbit hjå oss ;-)

Eg dreiv litt for meg sjølv der i utkanten, og var der vel 20 minutter, kanskje. På den tida kunne eg ikkje sjå at ho var veldig stressa, og i pausar la ho seg ned og kikka på dei andre med nokre få rynker mellom øyrene. Måtelig interessert, med andre ord. Eg må berre få ut fingeren og gjer dette meir, men terskelen kjennes framleis høg.

Og så har eg så smått starta søket etter min neste hund. Veit ikkje heilt sikkert kva det blir endå, men eg har fleire alternativ å sjekke ut...

mandag, oktober 12, 2009

Å gi medisiner til ein hund.

Veldig mange hundeeigarar opplever at hunden blir sjuk ein eller fleire gonger. Denne opplevinga kan enten vera heilt ok, eller ganske ekkel for hunden. Me kan gjer ganske mykje for å gjera det greiast mogleg for hunden, og som med det meste anna her i livet, gjeld det å vera føre vár.

Å gi medisiner til ein hund kan vera litt av ei bragd. Eller det kan vera eit stykke kake, eller piece of cake som dei seier over fjorden.
Av medisiner fins det mange variantar, og den vanligaste er nok tablettar. Ellers er det pasta ( ei tjukk smørje av ubestemmelig konsistens), pulver, flytande gusje, stikkpiller, sprøyter, og muligens eit par andre variantar som ikkje eg har kreativitet nok til å komme på.

Eg skal konsentrere meg om dei vanligaste formene.

Nokre tablettar skal gis saman med mat for å unngå at hunden får dei på tom mage. Korleis skal ein gjer dette dersom hunden f.eks ikkje ønsker å ete?
Eit alternativ er å dytte tabletten langt nok ned i halsen til hunden så den ikkje greier å spytte den ut igjen. Akkurat kor langt dette er, det veit eg etter første forsøk. Dei har alltid klart å krølle tunga på ein slik måte at tabletten har kome ut att. Gong nummer to har eg stappa fingen så langt ned i halsen deira at dei nesten brekker seg. Heldigvis har eg ikkje trengt å gjer dette særlig mange gonger. Det er ikkje nokon hyggeleg måte å få servert nødvendige medisiner på.

Korleis skal ein gjer då?

* Ein kan knuse tabletten før ein legg det på tunga til hunden. Då er det ikkje så lett for hunden å spytte det ut.
* Sjølv om ikkje hunden vil ha sin eigen mat, kan det hende at det går an å lure i den noko snaddermat. Legg tabletten(e) på eit fat og klem litt leverpostei eller makrell over.
* Lat som om det er ei belønning, få hunden til å gjer noko, og server tablettene saman med ein godbit med mykje smak.
* Hvis ein ikkje klarer noko av desse andre måtane, og MÅ tvinge tablettane i hunden, pass på å halde snuten (forsiktig) lukka ei stund så hunden må svelge eit par gonger før ein slepper taket.

Alt dette høyres enkelt og greit ut, men det er nødvendigvis ikkje det når hunden først har blitt sjuk. Difor kan det vera lurt å starte treninga lenge før hunden blir sjuk, for så å håpe på at me aldri treng å bruke desse ferdighetene. Ein kan altså trene både bevisst og ubevisst på å medisinere sjuk hund.

Når ein får kvalpen heim, begynner ofte den aller første treninga: me gir kvalpen ein godbit frå handa.

Den gode og flinke kvalpeeigaren, venner kvalpen til å bli sett i munnen. Den lure og smarte kvalpeeigaren, venner også kvalpen forsiktig – litt om litt – å bli haldt rundt snuten. Opp gjennom oppveksten til kvalpen, sit ein gjerne ofte på golvet og koser med den. Då kan ein passe på å halde rundt den i korte økter mens den er avslappa. Hundar flest syns ikkje det er så kult å bli haldt rundt, men ein kan trene dei til å takle det. I ein nødsituasjon, der ein ikkje har anna valg enn å halde dei i ro, vil dei dermed kjenne att situasjonen og ha mange minner frå å bli haldt rundt i avslappande augneblink. Dette kan føre til at hunden får mindre panikk, og undersøkinga/medisineringa/behandlinga som krev at hunden ligg roleg, ikkje blir så traumatisk som den raskt kunne blitt.

Kosestundene kan også nyttast til å lære hunden nærmast å slappe av på kommando. Når kvalpen ligg på golvet og slapper av, liksom litt sånn velta over på sida, eller i fanget (for dei som har små hundar), stryk den langs munnvikane og nedover langs sida og ribbeina. Kvalpen skal vera avslappa og søvnig heile tida. Rolege rørsler. Når ein ser at kvalpen er heilt hinsides og nesten søv, sei med låg og avslappa stemme ”Roooooooliiiiiig…” mens ein stryker. Sei det om og om igjen på same måten kvar gong. Dersom kvalpen ser ut til å vakne til, slutt å stryke og slutt og seie ”Rolig”. Dersom hunden ikkje ser ut til å like å bli kost med på denne måten, forsøk å stryke framme på brystet - opp og ned, framleis rolege rørsler. Ikkje alle hundar liker å bli kost med på sida av kroppen.


Men kva skal dette vera godt for? Vel, det kjem særdeles godt med når me står hjå dyrlegen og hunden treng å ligge for å bli undersøkt. Dersom me ”sparer” trikset til dei gongene, og er flinke til å trene på ”Rolig”, vil hunden takle situasjonen mykje betre. Joey sovna nesten hjå veterinæren ein gong eg prøvde dette med han. Han hadde fått skada ei klo, og veterinæren syns det var best om han låg. Eg ba han leggje seg på bordet, begynte å stryke og seie ”Rooooliiiig”, og sjølv om veterinæren haldt på med kloa og foten, så lukka Joey augene og begynte å puste tyngre. :-)

Når me trener med godbitar, får ein mykje gratis som ein kanskje ikkje tenker over der og då. Men jo meir me trener med hunden, desto meir hjernevaska blir den på at det me serverer som belønning er gode greier. Om det brått ligg eit par tablettar mellom godbitane, er det ikkje sikkert hunden registrerer det, eingong. Den er så vant til å berre sluke alt den får, at det meste går ned på høgkant. (Med mindre det er rå scampi, steikt brosme, eller årets første jordbær. Helsing Ayla.)

Å pakke inn tablettar i ei skinkeskive, går dårleg her i heimen. Tablettane ramler ut stort sett kvar gong. Pasta (ZooLac, ormekur, o.s.v) er derimot enkelt å servere via skinke.
Ein stor pølsebit, kjøttkake, fiskekake, klump med skånefor på boks og andre liknande substansar er kjekke å stappe tablettane inni.
Pasta kan ein servere på fat med leverpostei over. Eller bare klemme det ut på fingen og stryke det av på tunga til hunden.

Eit godt tips til kreative tankesjeler som meg sjølv: Få nøyaktig instruksjon om kor ofte og korleis medisinene skal leveres. Då Ayla skulle ha smertestillande etter steriliseringa, stod dette på pakken: ”To tabletter daglig.”
Når mi erfaring då er at antal tablettar skal fordelast ut over dagen, gjerne i forbindelse med måltider, tolka eg det slik at ho skulle ha ein tablett til kvart måltid. Ikkje visste eg at Metacam virker i 24 timar og at to tablettar er det ein rottweiler på 45 kg må ha per gong for at det skal fungere skikkelig. Altså: Få nøyaktige instruksjonar om medisiner og stell.

Ofte blir det nødvendig å dryppe medisiner i øyra eller auga, og då er det særdeles nyttig om hunden er vane med å bli håndtert. Ekstra enkelt blir heile opplegget om ein trener inn at hunden skal halde haka si i ei utstrekt hand.

Der er mange ting ein skal trene på når ein får hund, men desse øvelsane angrer ein sjeldan på når først hunden har blitt sjuk:
* å bli tatt på potane, mellom tærne, og klosjekk/klipping
* å bli undersøkt i auger, øyrer, munn
* å bli undersøkt på pungen (hannhundar), eller rundt kjønn og pattar(tisper)
Dette er noko ein kan trene på inne, når kvalpen likevel er rolig og søvnig, og dersom ein starter heilt forsiktig med å bare ta på hunden på ulike plasser kvar dag når ein likevel koser med den, får ein mykje gratis. Og gratis er kjekt!

Det er ille nok å ha sjuk hund, men eg må seie at det hjelper godt å sjå at hunden syns det er heilt greit å bli snudd og vendt på og me ikkje treng å tvinge den til noko. Alt er vande situasjonar, ingenting er ukjent eller skummelt. Dessutan får ein ofte skryt frå veterinærane når ein har gjort ein god jobb på eigahand. Det gjer jo jobben deira mykje enklare også. Dei får undersøkt ein nesten avslappa hund, i staden for ein hund som står og spenner seg og reagerer på berøring – ikkje fordi det er vondt, men fordi det er ekkelt og ukjent.

Håper ingen får nytte av desse tipsa, for me vil ha friske hundar! :-)

mandag, oktober 05, 2009

Deilig tur på vatnet idag.

Sola stod høgt og åleine på himmelen idag, så me bestemte oss for ein rask tur på vatnet i kano. Snakk om lading av batteri! :-)

søndag, oktober 04, 2009

Id-spor på hytta

Me har reist på hytta på langhelg, og koser oss med tegning, kryssord, stampbading, klargjering til vinteren, peisfyring, god mat og altså spor til Ayla. Her er eit fantastisk sporterreng, og mulighetene er uendelige!

I går var me oppe ved Gautefall skisenter og fekk oppleve snø, og idag stoppa regnet så me kunne legge eit id-spor. Id-spor er at hunden skiller ut eitt spor blant fleire, og velger bevisst å følge det sporet den har fått beskjed om gjennom ein gjenstand som høyrer sporleggaren til.

Dette lærte me om på Trollerud i sommar, men eg har ikkje fått prøvd på det før nå.

Me gjekk ned til myra nedanfor hyttefeltet, og bandt Ayla til et tre mens Vetle og eg la sporet. Ho lurte fælt på kva som skjedde, men venta tålmodig til me kom tilbake.
Vetle la ei t-skjorte i starten av sitt spor, og eg ingenting. Me gjekk med ca ein meters avstand og med vinden i ryggen. Ca 15 m frå sporstart skilte me lag, og ca 15 m etter det igjen la Vetle ned sekken med belønning oppå. Så gjekk me kvar vår gode bue og kom ned igjen til Ayla. Ho hadde VELDIG lyst til å gå sporet med ein gong, og det var vanskeleg å få henne med i motsatt retning. :-)

Ein halvtime seinare gjekk me opp igjen for å gå det. Ho slo på rett spor med ein gong, og fulgte det fint i ca 10 meter. Så gjekk ho over på mitt spor, og eg lot henne gå det. Der ville det jo ikkje ligge belønning uansett. Så gjekk me tilbake til start, og denne gongen gjekk ho VELDIG nøye. Og rett! Ho fant sekken, og belønninga var isboks med pannekake fra i går oppi. :-) Den fekk ho springe til Vetle med etterpå, og var heilt strålande fornøyd med seg sjølv. :-) Neste id-spor blir etter Vetle igjen, og så etter meg.

Vel heime igjen hoppa ho opp i stolen og la seg til å sove. Nå, snart tre timar seinare har ho framleis ikkje bevegt seg derifrå. :-) Nå er det 32 grader i stampen, så nå skal me legge kroppane i blaut i den haustlige kveldssola. :-)