søndag, november 28, 2010

Eigen skøytebane!

Ja, i dag fekk eg endeleg med meg Vetle bort til tjernet for å sjekke kor tjukk isen har blitt. Eg har lest meg til at den må vera minst 10 cm for å bli rekna som sikker, og at ein må sjekke fleire plasser. Det kan gjelda nokre små meter frå sikker is og til usikker is. Me hadde med oss ei plate, øks, og Emil, og Vetle hogg og hogg og hogg. Eg tenkte at enten er Vetle svak i armane (og det veit eg han ikkje er), eller så er isen tjukk nok!
Vetle målte isen fire stader, og på alle stadene var isen langt over 10 cm! Planen vår var eigentleg berre å sjekke kor tjukk isen var, og så gå inn og lage arme ridderar og kakao, for me hadde allereie vore ute i halvannan time. Det har vore kaldt i dag også;  -8,5.

Men så lenge isen var så tjukk, MÅTTE eg jo gå heim og hente skøytene!! Kunne jo ikkje gå inn utan å ha prøvd, i det minste!  Eg så gjorde, og eg tok med stavane også, for isen var bittelitt ruglete å gå på. Ikkje ubehagelig ruglete, men nok til at eg ville ha med stavane.

Sidan me bur som me bur, kler eg meg varmt, og blir sjåande ut som Michelinmannen

michelinDSC09931

Berre sjå, er me ikkje like?

Eg bryr meg lite om korleis eg ser ut så lenge eg klare å halde meg varm.

DSC09968
Vetle og Emil i enden av tjernet. Og ein vakker himmel i bakgrunnen!

DSC09922
Emil og eg på isen.

DSC09935
Huset i bakgrunnen og Emil og eg skufler litt snø vekk frå isen.

DSC09955
Emil skal ta snøen eg skyver foran snøskuffa.

DSC09966
Sprettballen Emil.

DSC09967
Vetle har hive snø opp i lufta, og Emil hopper opp for å ta den :-)

DSC09973
Julepynta hus slik dei som kjem frå Skaiå ser det når dei kjem rundt svingen.

DSC09979 
Julepynta hus slik dei som kjem frå Samkom ser det.

DSC09985 
Altanen og baksida av huset.

onsdag, november 24, 2010

Emil og Kari Anne sine turtips.

Lars Monsen gir ut bøker i fleng om turane sine, så nå skal ikkje eg vera dårlegare.

Emil og eg var nemlig på ein tretimars skogstur i dag, og me lærte uhorvelig mykje på dei tre timane! Det var nok eg som lærte mest, men eg trur nok Emil også opplevde eit par aha saker og ting.

Sekken.
Sjølv om ein berre skal på "ein liten rusletur", må sekken innehalde noko varmt å drikke, sjokolade, pledd, aviser til å sitje på - eller tenne opp redningsbål med, og lighter.
Den må vera god å ha på ryggen, og ikkje få jakka til å skli oppover ryggen når ein går. Dersom jakka sklir opp kan ein bli litt kaldare på stussen enn planlagt, nemlig.

Turkameraten.
Turkameraten kan ha to eller fire bein. Har han fire bein og heiter Emil, er han meir enn villig til å samle med seg ved DSC09912der han måtte finne det. Turkameraten fortjener godbitar for dette arbeidet.
Under vedsanking, er det ikkje utenkeleg at turkameraten spring litt for nært kroppen til dei tobeinte som er med på turen. Dette gjer svært ofte ganske vondt. Dei andre (meg) kan då bli sure og irriterte, så då må turkameraten ha eit slikt humør at han gir blanke i sure miner og berre lar det dårlege humøret til turfølget døy ut av seg sjølv.

Sjølv om turkameraten har fire bein og heiter Emil, betyr ikkje det at den vegen han går automatisk er den enklaste. Ofte er det heilt motsatt.

Dersom turkameraten har fire bein og heiter Emil, vil han sitje i fanget når resten av turfølget (framleis meg) skal ha ein pause og nettopp har hatt te oppi koppen. Og han får faktisk plass.

 DSC09889  DSC09900 DSC09901   DSC09892

Spor i snøen
Med mindre ein er redd for å gå i ring, er det ein GOD ting å finne att eins eigne fotspor i snøen. Særleg etter at ein har vore ein smule usikker på kor i skogen ein er.
DSC09917

 

Heng og bratte bakkar.
Dersom ein trur ein har funne ein snarveg ned eit heng, har ein sjeldan det.
Og dersom det same henget ser for bratt ut, er det ofte nettopp det.
Mangelen på andre dyrespor ved nevnte heng - er ikkje eit godt teikn.
Og til slutt: Vegen opp att i nevnte heng er alltid tung og sur å gå.

Der det er lettast å gå NED ein bratt bakke, er ikkje nødvendigvis der det er lettast å gå OPP.

 

Motivasjon og avgjersler.
Dersom fornuften seier at det snart blir mørkt og at ein må snu og finne attende til der ein kom frå, stemmer ofte det. Om motivasjonen for å følge dette rådet er at ein ikkje har lyst til å gå seg vill for så å bli funnen av kjentfolk i NRH, er det ingen dum motivasjon.


Pause.
Dersom ein har lova seg sjølv å gå opp den tunge tunge bratte bakken før ein skal få ta pause, betyr ikkje det at den medbrakte sjokoladen smaker ekstra godt når ein endeleg når toppen og kan setje seg ned. Neida, slikt er berre tull.
DSC09920DSC09921

Kor ein skal sjå når ein går tur.
Dersom turkameraten har fire bein og heiter Emil og er ven å sjå til, må ein også kikke på andre ting i løpet av turen. Nokre gonger kan ein finne skjønnhet ved å sture og glo i bakken.
  DSC09904

Andre gonger må ein stanse opp og sjå seg attende, både for å sjå kor nydeleg det var der ein nettopp gjekk, og for å merke seg kva ein skal sjå etter når ein skal finne vegen heim.

DSC09914   

 

Heimkomst.
Når ein kjem heim tre timar seinare, er det ikkje å forakte å krype inn i ein fleecekosedress som er laga av ei snill søster, fyre godt i ovnen, varme seg litt lapskaus og synke ned i ein god og mjuk sofa resten av kvelden. Dersom ein har att noko av tursjokoladen, smakar nok den vel så godt no.

torsdag, november 18, 2010

Miniskitur, vinter og triks.

Forrige lørdag då me stod opp, hadde det kome masse snø i løpet av natta. Det var meldt mildvær og regn litt seinare på dagen, så eg og Emil tok med oss miniski og gjekk innover mot Fiskelausvatn. Det er ca 800 meter inn dit, og bare 150 meter av dei er flat mark. Siste halvdelen av vegen er ein ganske lang og forholdvis bratt nedoverbakke. DEN var det eg ville innover for å prøve. Som tenkt, så gjort. Me rusla innover, og Emil var nesten ikkje interessert i det eg hadde på beina.

Eg kavde meg opp den første slake bakken, Emil sprang att og fram og storkoste seg.

Då eg nådde toppen, hadde miniskia fått kladdar under, så dei fungerte meir som litt tunge truger


131120101301
Trugene mine på toppen av bakken. Bak meg var det ikkje fine beine miniskispor, nei det var store søkk i snøen der skia hadde tatt med seg snø...

 

Då eg kikka under skia, viste det seg at det hadde lagt seg is i rillene, og då eg fekk vekk den, glei skia fint igjen.

Bakken låg bratt og urørt foran meg, og eg lurte veldig på korleis Emil ville reagere når farten blei høg og dei rare tinga på beina mine laga lyd. Eg såg føre meg diverse scenarier der eg stort sett havna utføre vegen eller slo meg stygt etter at Emil hadde forsøkt å apportere miniskia eller stavane mine.
Det var difor med hjarta i halsen at eg staka meg avgårde ned bakken. Jepp... eg måtte faktisk stake det første stykket. Miniski er ikkje så lynraske i 10 cm nysnø, nemlig. Dei er for breie. Dersom eg ikkje staka, var det såvidt eg bevegde meg framover.
Emil syns dette var strålande moro, og då eg endeleg fekk opp farten, viste det seg at han sprang i høveleg avstand til både meg, skia og stavane! Flinke flinke guten!

131120101305  


131120101304 
Det er stor luksus å kunne gå ut av døra utan halsband på hundane, og utan frykt for å treffe nokon på turen!

------------

 

Så til trikset.

I går, onsdag, lærte altså Emil sitt aller første triks. Han fant til alt overmål på det heilt sjølv. Han har heile tida hatt ein tendens til å vera litt lett på labben når han er veldig ivrig, anten det er å hoppe opp på meg, eller når han skal setje seg. I går var han altså særdeles ivrig, så eg tenkte lynraskt at han skulle få belønning for det at han nesten tipper bakover av og til.
Eg hadde ikkje klikker i handa, men han veit at eit avmålt JAPP! betyr at han har gjort noko han får belønning for.

Eg belønna eit par gonger slik at han framleis var i bamseposisjon medan han åt godbiten.
DSC09785  
Bildet er tatt uten blitz, derfor ser armen min noget rar ut :-)
Men det illustrerer belønning i posisjon.
Legg også merke til Ayla inni buret som er veldig klar over at eg har fiskepudding i handa.. Ho har fått beskjed om å gå inn i buret, og der blir ho til eg ber henne komme ut att.

DSC09813 DSC09808 DSC09810
Med blitz, ser trikset slik ut, og det skal heite Bamse :-)

Utfordringa no er at han ikkje skal hive seg opp i Bamse kvar gong eg ber han sitje ;-)

onsdag, november 10, 2010

Vinterleg tur i nærområdet.

I dag har Emil og eg vore ein tur innover vegen. Det er noko heilt spesielt å gå på ein skogsveg der snøen er urørt av anna enn skogens dyr. Særleg om kompisen ein går denne vegen i lag med er ein skjønnas som Emil.  Eg skulle inderleg ønska at Ayla kunne vore med også, men eg har innsett at dei tidene nok er forbi, dessverre.

Emil lærte i dag at når ei snødekt flate i eit hjulspor er dekka med snø, betyr ikkje det alltid at ein kjem tørskodd over til andre sida. Verdifull lærdom for einkvar, det :-)

101120101285
Att og fram er like langt for Emil. Når eg sakker for langt bak, kjem han og hentar meg.


 101120101282
Det viser ikkje så godt på biletet, men det dalte små, lette snøfnugg i solstripa mellom trea.

 


101120101286
Dersom eg stanser opp litt, som her då eg måtte stå og nyte utsikta litt, kjem Emil og setter seg ved sida av meg og kikker same retninga som meg. *smelt*


101120101288
Eit islagt Fiskelausvatn.


101120101289 
Me fann nokre traktorspor me kunne følgje, og fekk ei fantastisk utsikt .


101120101290 
Skjønnasen min: Searovers Pearl Jemil


101120101293
Fiskelausvatn i bakgrunnen, og her ser ein tydeleg at det berre er halve vatnet som er islagd.


101120101295
Slike spor såg eg mange av på turen. Desse forsvinn innunder stubben.

tirsdag, november 09, 2010

Nok ei vekesoppsummering

Forrige mandag på trening gjekk ikkje så godt. Emil var hard i munnen og oppesen under heile treninga, og då eg ikkje hadde betre vet enn å bli med på fellesdekk, gjekk det som det måtte gå. Han busta og bjeffa på nabohunden.

Litt seinare på kvelden fekk me besøk av Tone og Isi som hadde vore og leita etter ei dame som er forsvunnen i Birkeland, og Emil fekk helse på Isi som til tross for ein lang dag i søk hadde tålmodighet til overs for ein cheeky liten guling.. Eller .. han var faktisk høgare enn henne. Ayla fekk slappe av inne på gjesterommet oppe fram til me skulle legge oss.
Tirsdagen kom det regn og dårleg vær, men Tone og Isi skulle likevel ned igjen til leiteaksjonen, så dei reiste vidare på morgonen. Seinare på kvelden blei heile leiteaksjonen avslutta utan at dama vart funnen, dessverre.
Men me syns det var veldig koseleg med besøk!

Utover veka har eg byrja å lese "Slipp kontrollen løs" av Leslie McDewitt. Den handlar om korleis ein skal trene hundar som har diverse utfordringar til å konsentrere seg om treninga. Dette skal funke for hundar som har lyst til å gjera alt anna enn å ha kontakt med eigaren, hundar som er opptatt av/utagerer mot andre hundar eller menneske, er lettstressa, engstelige eller FOR treningsivrige.
Eg har lest litt i boka på engelsk, og no har den altså kome ut på norsk. Jippi, tenkte eg først. Til eg starta å lese. Eg skulle så inderleg ønske at eg klarte å ignorere slurvefeil og teite oversettingsfeil, men det klarer eg ikkje. Er rett og slett ikkje skapt slik. Preposisjonar er utegløymde eller feilplasserte, nokre setningar er berre oversatt direkte frå engelsk til norsk utan å ta hensyn til kor i setningen orda skal vera plassert i forhold til kva språk ein nyttar. I tillegg blir nokre av begrepa fullstendig feil for meg når dei er oversatt til norsk. Ta som eksempel ordet "playbow" på engelsk. Det beskriver rørsla ein hund føretar seg når den inviterer ein annan hund (eller menneske) til leik, eller når den skal dempe ein anspent situasjon. Eg har lest mange bøker på engelsk og alltid tenkt at det ordet skal oversettas til "lekebukk". Difor blir det for meg heilt feil med ordet "lekebue". Særleg sidan ein nyttar ordet "bue" når det gjeld passeringstrening. Då skal ein gå i bue forbi det ein passerer.
Boka ligg no på kjøkenet og det har den gjort i mange dagar no. Men om ein ikkje er så pirkete som det eg er, er sikkert boka kjempebra! Innhaldet er bra, men språket er dårleg. For meg, i alle fall.

I alle år har me vore litt plaga av at Ayla bjeffer på folk i tide og utide, men her ein dag fekk eg to Jehovas Vitner på besøk. Dei ringte ikkje på nede ved inngongsdøra, nei, dei opna porten på verandaen og kom gåande den vegen. Den første som reagerte på dei var faktisk Emil - før Ayla registrerte kva som hende og joina Emil i å fortelje at nokon var utanfor vindauga våre. Mennene kikka inn og smilte, og eg rista berre på skuldrene og gestikulerte at dei måtte gå vekk. Det gjorde dei, og eg kjende meg særs nøgd med brølapene mine etterpå :-)

Kvelden før var eg ute og lufta Emil då det stansa ein bil nede ved vegen. Ut kom det ein ung gut, og eg gjorde ingenting for å hindre Emil i å springe ned. Emil bjeffa, men då han kom ned til guten, blei han heilt mjuk og hilste og logra og blei med guten opp til der eg stod. Det var ein som selde lodd til inntekt for Iveland Fotballag, og slikt må me jo støtte ;-)

Lørdag skulle far til Vetle komme på besøk. Skrekk og gru! Ikkje fordi far til Vetle er så fæl, men Ayla og menn med skjegg er generelt dårlege vener. Han kom medan eg og hundane var nedover for å handle. Ho fekk vente litt i bilen medan Emil helste på, og etter ein time eller så, fekk ho kome inn på gjesteromet oppe. Der sette eg på musikk, men innimellom songane høyrde ho likevel stemma til Vetle sin far, og kom med nokre bjeff.
Under middagen fant eg ut at nå var det trygt å gå og hente henne så ho fekk lufte seg litt, og ba dei to andre sitte i ro medan Ayla gjekk forbi og ut. Då ho kom inn att etter lufting, sprang ho rett bort til gjesten. Mjuke lepper, avslappa øyrer og auger gjorde at eg valde å ikkje setje henne inn att på gjesteromet.

Det hjalp nok at at Ayla er særs lettkjøpt, for etter eit par laksebitar, var gjesten heilt ufarleg. Han kunne reise seg etter middagen, gå rundtomkring, legge seg på kjøkkengolvet (for å lage til stikkontakt til oppvaskmaskina), og ho låg berre og kikka på med laber interesse og slappa skikkeleg godt av! Eg var heilt rørt av henne, og veldig veldig stolt! :-)

I går var me på trening ved Vennnesla Hundeklubb igjen, og denne kvelden hadde eg ein plan. Den gjekk stort sett ut på å halde meg på så stort avstand til dei andre hundane at Emil klarte å slappe av nok til at det blei behagelig å gi han godbitar. Og me nådde målet! Han var roleg heile dei fem kvartera han var ute or bilen, for eg tok faktisk ikkje pause i løpet av den tida.. Altså, han var ikkje i bilen og pausa seg. Heilt på slutten av kvelden burde han jo difor vore sliten og lei og vist teikn på å tippe over til overtrøyttheit, men det gjorde han ikkje. Han jobba nesten MEIR konsentrert då, faktisk!

Dette trur eg at me skal forsøke å gjenta neste mandag.

 

Og så litt bilder:

DSC09688
Tjernet med is på.

DSC09662
DSC09653 
DSC09659

DSC09694