mandag, februar 21, 2011

Calcinosis Cutis, eller forkalkning i huden.

I dag var det tid for dyrlegetime med Ayla igjen angåande desse betente hårsekkene hennar. Sjølv etter antibiotikakuren starta har området blitt større, og eg har generelt sett liten eller ingen bedring.

Ikkje ein einaste gong har eg sett Ayla vise teikn på smerter under denne tida, til tross for at  dette MÅ gjera vondt. Ho er i kronisk godt humør, har god apetitt, og går på do som vanleg. Eg fiklar minst mogleg med det, fordi eg veit at det jo gjer vondt sjølv om ho ikkje viser det til oss.

Når eg lar fingrane gli gjennom pelsen, er hårbotnen full av harde klumpar av puss som har kome opp or huden. Desse er brungule av farge, og setter seg heilt nederst på hårstrået. Nokre stader har huda sprekt, og det har kome litt blod. På halsen og nakken er huda ekstra tjukk, her er det i tillegg eit par sår (fordi ho har klødd seg eit par gonger), og over stort sett heile ryggen ligger den i folder. Som hos ein Shar-Pei, nesten.
resize_image_-1208842413 resize_image_-1208804774
Huden skulle eigentleg vore heilt glatt og jevnt farga her. I staden ligg den altså i folder og er rød og bleik og hoven og veldig lite elastisk.

Hjå dyrlegen i dag blei diagnosen "Betente hårsekker" oppgradert til noko som heiter Calcinosis Cutis, eller forkalkning i huden. Dette kan skje av ulike årsaker, og dei vanlegaste er:

* Kreft (ulike stader i kroppen, bl.a nyrene)
* Cushings Syndrom
* Langvarig bruk av - og dermed for mykje - kortison

Det som forhåpentligvis er årsaka til at Ayla har fått dette her, er det siste punktet. Og det som skjer, er at kortisonen trekker ut kalk av beina, forklarte dyrlegen, og presser det ut gjennom huden. Det høyres nesten om som ein sci-fi film, syns eg..

Ayla blei dopa ned i dag, og dyrlegen tok biopsi tre stader. Dette skal sendas til England for analyse, og så vil svaret kome om ei veke, sånn omtrent.
Vidare skal ho gå av kortisonen, med nedtrapping over ei veke. Me skal fortsetje med shamponering og balsamspray, og i tillegg skal ho få ei salve/gele som heiter Dolobene gel. Balsamen og geleen skal smørast på kvar dag.

Det vil likevel ta seks til åtte veker før ho får normalisert hudoverflate.
resize_image_-1214634245
Sånn ser det ut når ho står oppreist og er barbert. Det skulle vore glatt, og ikkje folder.



resize_image_-1208879189
Dette er midt mellom skuldrene hennar og nakken, der huda er tjukkast. Tipper den kan vera opptil 2 cm på det tjukkaste her.

 

Sjølv om seks til åtte veker er lang tid, kjentes det ikkje fullt så tungt ut å få vite det som eg hadde frykta. Kvifor? Fordi eg syns det er betre å vite at dette kjem til å ta tid. I byrjinga sa dyrlegen at eg ville sjå betring innan ei veke, og når eg ikkje gjorde det, så skulle me bruke spray i tillegg. SÅ ville eg sjå betring innan ei veke. Når eg heller ikkje DÅ såg betring, fekk ho antibiotika, og då ville eg sjå betring innan to veker. Eg spurte til og med om det kunne vera noko anna, sidan behandlinga ikkje fungerte, men fekk beskjed om at det VAR betente hårsekker likevel.

Då eg i dag fekk vite seks til åtte veker, og ei heilt anna diagnose, ga det meg ei heilt anna ro i kroppen. Nå veit eg det vil ta lang tid. Eg veit kor lang tid det kan ta, og kjenner meg også tryggare på at dette er rett diagnose.

Langt inn i hjarta mitt går eg og undrar på om det vil vera verdt å dra henne gjennom denne prosessen. Om eg i ettertid vil tenke at me like gjerne kunne latt henne sleppe då me fekk vite kva dette eigentleg var. Dyrlegen rådførte seg nemlig med ein spesialist i dermatologi hos hund, og denne kunne fortelje at det ville bli verre før det blei betre. Eg tykkjer det er ille nok som det er, og gruer fælt for kor ille det kan bli om det skal bli verre.

Enn så lenge klør ho seg ikkje, og me håpar det vil vera slik etter at ho ikkje lenger får kortison også. Kortisonen kan virka kløestillande, nemlig, men sjukdomen klør ikkje alltid.

søndag, februar 20, 2011

Emil og hinder

Internettet vårt fant ut at det var særdeles lurt å ta seg ferie før helga, så me har vore utan nett i fleire dagar nå.  Dermed blei me motiverte for å gå ut og trene på ting me ikkje kan.

Vetle har jo alleiere laga vippa til oss, og nå i helga har han jammen fått til å lage to flotte hinderhopp også! Vippa gjekk jo så greit, så då håpa eg at hinder ville gå endå greiare. Emil ELSKAR jo å hoppe og springe og fly, og når han veit at han enten får ein godbit i lufta eller ein sprettande tennisball som belønning, ja då er han nærmast villig til å gjera kva som helst!  For å varme opp litt, dreiv me litt tennisballbytte bortover innkjørsla, og då han var god og pest etter det, kunne me starte å hoppe.

Høgdene eg kan bruke er 25 cm, 40 cm og 60 cm. I rally skal små hundar hoppe over 25, og store hundar skal hoppe over 40, nemlig. For det er i hovedsak til rally eg har bestilt desse to hindera. Det hjelper jo at eg ein gong har lyst å gå agilitykurs med han også, dah :-)

I starten hadde eg berre hinderet på det lågaste, og han spratt over som ingenting. Att og fram og att og fram, og sjølv når eg trudde eg hadde gjort det klart for han at det var på tide med pause, sjølv DÅ søkte han hinderet for å hoppe. Ayla var også med, og visste veldig godt kva ho skulle gjera med det derre hindergreiene, ja :-)

 P200211_14.260001

 

Før me gjekk inn, kom me så langt at han kunne sitje i ro på eine sida, få klarsignal frå meg, og hoppe over hinderet utan at eg stod ved sida av det. Han ser jo vitterleg ut som om han er født til å hoppe! :-)

Emil hinder

Det neste byggeprosjektet til Vetle er lengdehopp, og det blir også spennande å forsøke oss på :-)

Emil og vippa.

Vetle var så snill og laga agilityvippe til meg for ei stund sidan, med mål om å få Emil over den og kunne tjuvtrene før eit eventuelt agilitykurs.

Første gongen Emil prøvde, vågde han såvidt å setje EIN fot oppå, og eg kunne heilt tydeleg sjå kor han strevde og kjempa med seg sjølv for det vågestykket. Nokre dagar seinare, vågde han å setje TO føter oppå, mens Ayla sprang over vippa som om ho aldri hadde gjort anna.

Tredje gongen eg tok fram vippa, ville han ikkje oppå i det heile i starten, men klarte til slutt å ta nokre steg med frambeina oppå vippa, men bakbeina i bakken. Han var ikkje redd når vippa slo i bakken når Ayla gjekk over, og han kunne også sette foten oppå i feil ende uten å bli redd av smellet han laga.

I dag, fjerde gongen eg prøvde, bestemte eg meg for å ikkje gi meg før han hadde alle fire føtene oppå vippa.

Han jobba og jobba sjølv om han syns det var litt sånn derre "Uææææ" og kjekt samtidig. Han fekk til å stå med alle fire føtene oppå vippa, då med framføtene jamt med midten. Eg ga og ga på godbitar før han til slutt hoppa ned og fant seg ei lita fjøl å bære på. Med den i munnen, gjekk han oppå vippa igjen, gjekk forbi midten så vippa dunka i bakken, og gjekk roleg og fint av :-) Eg jubla og ståka og fant fram ein neve godbitar som han fekk gnafse i seg. Han heiv seg rundt og sprang tilbake til start, og gjekk over vippa endå ein gong. Og endå ein gong! Og endå ein gong! Og plutselig kunne eg be han vente i starten, gå i slutten av vippa og be han komme, og han valde å gå over vippa heilt åleine!

Han trengte tydeligvis litt ekstrahjelp frå fjøla, for det var etter det at det løsna skikkelig :-)

Vippa står på det lågaste hakket framleis, men ein stad skal me jo byrja :-) Eg er stolt og glad over å ha fått det til, og skikkelig kry over Emil som overvant frykten for vippa!

 DSC01023
DSC01026
DSC01028 
DSC01079
DSC01087
DSC01085

tirsdag, februar 15, 2011

Kursplanar, snøvær og betente hårsekker.

Ja, då er altså mitt aller første rallykurs på gong her i Vennesla! Helga 29.4 - 1.5 blir det altså helgekurs i Rallylydighet på området til Vennesla Hundeklubb. Der har dei ei romslig hytte med kaffetraktar og strøm og toalett og greier, og god plass til å halde rallykurs på! Eg har fått med meg Carita som assistentinstruktør, og det skal også bli kjekt!

Ellers  held me på å snø ned her for tida. Me hadde kome oss ned i 60 cm på flat mark - med god hjelp av mildt vær og litt regn, men nå dei siste dagane har det kome nye 30 cm snø i lag med masse vind, noko som gjer at me ikkje akkurat augnar håp om at vinteren skal sleppe taket heilt endå.

Men snø gir mulighet for tøffe bilete av hundane, og då særleg Ayla:

DSC00915
DSC00960 DSC00963 DSC00959




Når det gjeld dei betente hårsekkene til Ayla, så er dei ikkje betre. Eg shamponerer og sprayer og medisinerer henne utan at det ser ut til å ha nokon virkning i det heile. Eit par gonger har ho klødd seg på halsen, og begge gongene har det blitt store sår av det. Heldigvis er ho tålmodigheten sjølv, så det går fint å få stoppa blødningen og renska såra, og stelt henne på den måten eg vil. Eigentleg skulle ho fått klippa klørne sine omtrent nå, men då er eg redd at ein eventuell skade ved kløing vil bli endå større enn det vil bli med runde klør.
På biletet under er det veldig lett å sjå korleis huda på ryggen legg seg i bølger pga den er utvida av betennelsen. Her står ho til og med med hovudet nedover, og då burde i alle fall bølgene ha blitt glatta ut.

DSC00917

søndag, februar 06, 2011

Årsaka til at ting går så langsomt for oss...

Tenkte eg ville skrive litt om kvifor treninga vår går så seint. Dette er ikkje så enkelt å skrive om, og i skrivande stund er eg ikkje sikker på at eg kjem til å publisere dette innlegget, eingong. Men om eg gjer, håpar eg det er med på å løyse opp situasjonen for oss.

Det er komplisert. Og underleg. Og det bunnar i opplevingar frå lenge før Emil var påtenkt.
Seks og eit halvt år med ein rottweiler med veldig sterk HD, der heile tilværet vår gjekk ut på å planlegge aktivitet, vente på vonde episodar, og spådommen om å kan hende sjølv måtte slå i hjel hunden med ein stein ute på tur fordi hofta hadde knust eller blitt ødelagt på anna vis. Ja, veterinæren som diagnostiserte henne sa det til meg. At eg kanskje kunne komme til å måtte slå ihjel hunden min.
7,5 mnd gamal vart ho operert for bruskløysing i albuen framme. Då hadde eg vore hundeeigar i eitt år.

Ho hadde nokre episodar der eg ba folk heim for å ta farvel med henne fordi ho hadde så vondt at ho hylte når ho gjekk. Ein gong var til og med veterinæren så langt som på døra vår med sprøytene som ville ta livet av henne. Då han såg henne, meinte han på det ville vera lurast å gi henne Rimadyl nokre dagar og sjå det an. Ho levde i fire år etter det. Og då døydde ho av osteosarkom. Kreft i foten. Me fekk halvannan mnd på oss før ho vart så ille at eg ville la henne sleppe.

Joey hadde også HD, middels, og likte ikkje menn. Eller ungar flest. Eller andre hannhundar på tur. Han fekk bilyd på hjarta, blei svaksynt, tunghøyrd, og måtte operere både det eine og det andre. Han hadde kloskader med jevne mellomrom, og fekk hjertehoste og hudproblemer på slutten av livet sitt.

Ayla har hatt sine psykiske problemer sidan ho var kvalp, ca 5 mnd gamal, og fekk også påvist svak grad HD. I 2008 fekk ho første gong problemer med korsbånd i eine bakfoten. Ho var då 2,5 år. Sidan då har det gått i periodar med ro utan sjanse til å trene på å takle folk, så har ho blitt frisk, og me har fått trene på folk og andre ting igjen, så har ho blitt halt med påfølgande ro, og så frisk igjen, og så halt igjen og så frisk igjen, og så halt på alvor med diagnose Skada korsbånd i begge føtene. Og eg blei heilt knust. Eg strigrein på veg heim frå Bergen etter den beskjeden, for eg visste at me ikkje kom til å operere. Så då var det berre å vente til det ville bli så gale at ho måtte sovne inn.

Så kom Emil heim til oss. Han som skulle oppfylle alle mine draumar. Han som skulle takle alt og vera med overalt og vera ei blanding av alle hundane før han. Eg kunne jo så mykje no, og ville vera i stand til å trene vekk kva det skulle vera som måtte dukke opp.
Det viste seg at han har mykje stress i kroppen og er miljøberørt. Eg tenkte at det ville vera mykje enklare å jobbe med enn f.eks Ayla sine problemer, for Emil er ikkje redd folk. Han registrerer knapt at dei finnes. Ein snus, og så er han stort sett ferdighilst.
Så blei han seks mnd og eg høyrde første gong eitt plopp i hofta hans. Det gjekk ei stund, så høyrde eg det att. Og frykta fekk gode vekstvilkår i meg som allereie har hatt tre hundar med HD og andre helseproblemer. Så slo han seg ein gong på tur, og halta i halvannan mnd etter det.

Eg kjente det som om eg berre gjekk og venta på at han skulle bli gamal nok til at eg kunne røntge for HD og AA for så å bli knust av resultata. I mellomtida går me og vurderer Ayla si helse frå veke til veke, og sjølv om eg håpar intenst at ho på mirakuløst vis skal bli heilt frisk, veit eg vel innerst inne at det berre er eit spørsmål om kor lang tid me har att med henne. Eg går og ser på henne og tenker at livet hennar ikkje har blitt så bra for henne som eg håpa, og syns det er urettvist at ho skal slite med plagene sine. Gode herlige Ayla min.

Og med Emil er det som om eg ikkje våger å tru på at han har ei framtid, han heller. Eg frykter så intenst at han skal få påvist HD eller AA, og at eg heller ikkje denne gongen skal få ein frisk hund.  Og difor er det nok at eg ikkje klarer å legge planar for oss. Konkrete planar som me skal jobbe mot. Det er som om eg går i eit vakuum med han også. For han ER jo flink, eg ser jo det! Og han elskar å trene! Men så, langt bak i tankane, ligg dette med miljøberørtheten og stresset, og så tenker eg at eg nok aldri klarer å få fiksa det, slik at alt arbeid me gjer med andre ting vil vera forgjeves.  Eg har rett og slett ikkje vågd å legge planar for oss. Ikkje vågd å drøyme vidare, for det har vore så smertefullt å sjå draumane mine for Ayla bli så knust. Og utan planar kjem me oss ingen veg, og DIFOR går det så langsomt med oss.

lørdag, februar 05, 2011

Betente hårsekker hos hund. (Superfisiell follikulitt)

Kva er det? Jo, det skal eg fortelje; det er noko dritt!

Ayla er enig med meg i dette, men bøker seier at "Den bakterielle infeksjonen i hårsekken fører til rødme, små, runde hevelser, skorper og flekkvis håravfall. En slik infeksjon har nesten alltid en underliggende årsak, og din veterinær vil starte letingen etter denne mens behandlingen med antibakteriell sjampo, balsam og medisiner pågår."

resize_image_1704565991 
Området ho har betente hårsekker var først frå skuldrene og nedover ca 40 cm, to veker seinare er det frå halsen og nesten ned til halerota, så det har spredd seg ganske mykje.
resize_image_1704493071

Og den shamponeringen, den er berre noko me må gjennom. Der me budde før, gjekk Ayla rett inn i dusjen med halen opp og forventingsfullt uttrykk i ansiktet. Her me bur no har me dusjkabinett, og det var ikkje fullt så kjekt å gå inn då. Dei første gongene måtte eg hjelpe henne inn med overkroppen først og så bakparten. Dei to siste gongene har ho gått inn sjølv. Halen har kome lenger og lenger opp.

Når ho så er inne i dusjen, væter eg pelsen først, før eg tar på shampoen. Eg masserer den forsiktig ned til huden, og så skal den sitte i i 15 minutter. Derfor må Ayla gå ut av dusjen, legge seg på eit håndkle (helst utan å riste seg), og ligge der i eit kvarter. Når ho ligg der og ventar på at shampoen skal virke, må me jo finne på noko. Dei to første gongene leika me og koste me litt, men tredje gongen var ikkje det like stas lenger. I dag trente me på å ligge heilt i ro mens eg torturerte henne slik:

resize_image_1704267777

Me var til ny veterinærtime på fredag, og då blei det tatt skrapeprøvar av huda på ryggen.(Ayla låg heilt i ro og blei skrapt i huden og undersøkt av endå ein ny veterinær, uten så mykje som eit einaste lite knyst eller teikn til å reagere på nokon som helst måte).
Skrapetesten viste ikkje noko anna enn at det VAR betente hårsekker det var snakk om, men sidan det hadde spredd seg såpass, fekk me antibiotika i tillegg til shamponering og bruk av balsamspray.

onsdag, februar 02, 2011

Prosjekt Brumlebasse fortsetter.

Nå for tida syns eg det svever ein del interessante tankar rundt dette med passeringstrening rundt omkring på nettet, og eg har fulgt dei med argusauger. Essensen i desse tankane er at der er vesensskilnad mellom at f.eks Ayla tåler at eit menneske passerer fordi ho gjer noko ho kan og er trygg på, og at ho tåler at eit menneske passerer fordi ho er trygg på at mennesket ikkje vil henne noko vondt.

Det er ganske stor skilnad mellom dei to situasjonane, og med det i tankane, køyrde eg og Emil i dag ned til eit ganske stort byggefelt ved sentrum.
Av alle metodar som florerer her i den store verda, er det EIN metode som garantert ikkje gjer noko nytte; Ignorering av problemet. Ting må trenast på, faktisk.

Tankane mine bak turen i dag var å gå lenge nok til at han slappa av og slutta å snuse og tisse på kvar einaste snøklump. Eg kom på at me har ikkje gjort dette nok; gått tur i bebygde strøk. Og der nede VEIT eg me kan treffe på både folk og hundar.
Det første kvarteret var han OVER ALT i vegen, tissa på annankvar snøklump, og lukta på dei andre. Kikka på alt som rørde på seg, og busta på ei dame med barnevogn som gjekk laaaaangt framføre oss. Då ho snudde til venstre og han såg at ho ikkje hadde hund med seg, gjekk busta ned igjen.
Eg hadde lagt klikkeren laaaangt ned i lomma og belønna berre om me gjekk forbi eit hus der hundar bjeffa på oss frå innsida.

Etter ein halvtime spratt det brått ein mann med schæfer ut fra ei innkjørsle ca ti meter framføre oss. Panisk kikka eg meg rundt om det ville vera god nok plass for vellykka passering, og det var det faktisk ikkje.
Reflekser og instinkter fekk meg til å starte å belønne når han såg på den andre hunden. Eg hadde godbitpølse, men klikkeren låg jo langt nede i lomma mi, så det blei BRA i stadenfor. Han stod og busta først, og så ga det seg, men han kikka på den andre hunden heile tida. Kvar gong eg sa BRA, snudde han seg for å hente godbiten. Uten lyd. Han var ikkje i sitt eller under annan kommando, han fekk berre stå og kikke. Dette var det einaste alternativet der og då for meg, for det var speilblank is under føtene mine. Hadde han forsøkt å dra mot den andre hunden, hadde eg ikkje hatt sjans til å halde han att!

Då den andre var godt og vel forbi, brydde han seg ikkje stort om den lenger. Me gjekk vidare, og han var framleis mjuk i munnen då han fekk godbitar etterpå. Etter ein liten timestur totalt var me tilbake til bilen igjen, og både han og eg var fornøydde, faktisk :-)

Her er linkane til nokre av dei tankane som svever der ute for tida:

Passeringsforvirring

Innlegg på Canis

Trening vs håndtering