onsdag, juli 27, 2011

Ayla 6 år i dag!

 

SAM_1550

Eg hadde vel knapt trudd eg skulle skrive dette innlegget då eg i fjor posta dette på hennar 5-års dag: http://kariannesinblogg.blogspot.com/2010/07/ayla-5-ar-i-dag-litt-tilbakeblikk.html

Då trudde eg oppriktig at ho ikkje ville halde så lenge som til 6 årsdagen sin, men jammen er Gullet mitt her endå.

I løpet av året som er gått, har ho blitt litt betre i bakbeinet, men i januar fekk ho Calcinosis Cutis, og måtte slutte på kortison. I staden får ho no smertestillande (Previcox) som ho får ein tablett i månaden av, og som kostar 536 kroner for to tablettar! Men då har ho jo for to månader, så det blir likevel ikkje SÅ dyrt. Dette ser ut til å fungere fint for henne enn så lenge.

Etter at CC var ferdig behandla, har ho framleis store område på ryggen som er dekka av denne tjukke, harde huda, men det ser ikkje ut til å plage henne nevneverdig. Dei siste par månadane har ho fått mykje betre humør, og leiker og herjer med Emil mange gonger til dagen. Det har ho vel eigentleg aldri gjort før.

Eg lar henne springe og styre på som ho vil sjølv, og skulle ho bli halt igjen nå, vil me nok måtte ta den tyngste turen til veterinæren med henne. Operasjon er jo utelukka, i og med at ho har skada korsband på begge sider, og anna behandling veit eg ikkje om.

Trening blir det lite av, for ho er ikkje glad i sette seg. Ho har fått ganske slakke tøylar det siste året, og det har resultert i et rottweilertryne med selektiv hørsel. “Hæ? Ropte du? Hæ? Eg høyrer ikkje… Vent litt, skal bare ete ferdig denne katteskiten, og så tisse og så snuse og så nåke aent som eg ikkje heilt har klart føre meg endå, og SÅ skal eg komme til deg.” Jadda, ho er så skjønn, atte Smilefjes 

Av besøkande me har hatt det siste året, er det berre eit par-tre gonger ho ikkje har fått helse på. Men når ho har fått helse på, har ho smilt og sleika og logra mot høgre, og latt seg klemme og kose med og klø på og kost seg! Ho har ved ein anledning måtte kontrollere ved bjeffing, og det

var på far til Vetle. Han har alltid vore litt ukontrollerbar, tykkjer Ayla, men om han sit i ro, går det stort sett greit. Mor til Vetle utløyser eit gledeshysteri utan sidestykke, og det blir hyling og uling og  smiling og piping og bjeffing og ho oppfører seg generelt lite elegant. Herleg å sjå på!

Planar framover blir som i fjor. Helsa til Ayla står i første rekke. Eg er klar over at ho er her på overtid, så eg nyter kvar dag eg får med henne.
Eg har fått eit par kommentarer som går på at om ikkje ein hund er frisk nok til å vera med på ein lenger tur, er det ikkje noko liv laga for denne hunden. Altså, hint om at Ayla ikkje har det bra nok til å leve. Me går fleire korte turar om dagen, og så lenge ho leikar og kosar seg slik med Emil og kattane, både inviterer til leik – og lar seg invitere, så lenge ho et godt, og er i humør, tykkjer eg absolutt ho har det godt nok til å fortsetja å leve.

I går kom det bursdagskort i postkassa, må vite, og det var frå Farmor  Smilefjes Så koseleg!!IMAG0021






Nei, seks år er ingen alder for ein rottweiler, og sidan den forrige rottweileren min heller ikkje nådde å bli eldre enn 6 år og 7 månadar (pga Osteosarchom, eller kreft i beinet), er det tvilsomt at eg vil prøve meg på ein ny rottweiler igjen, sjølv om det er min absolutte favorittrase nokonsinne!

tirsdag, juli 26, 2011

Korleis lage i stand utstyr til Ruta?

 

Få tak i fire små kjegler, fire bagasjestropper på 3,5 meter og finn fram eit måleband.
Eg kjøpte mine på Agder Forsenter (der eg har 10% rabatt fordi eg er medlem i diverse klubbar), og utan rabatten kosta dei 79,- per stykk. Bagasjestroppene kjøpte eg for 29,- per stykk, og dermed har eg altså RUTA utstyr for 400 kroner.

SAM_1563
Her ligg det fire karabinkrokar også, men dei trengte eg visst ikkje.

Målebandet er for å måle at stroppene er MINST 3,40 meter, for sjølv om det stod at dei skulle vera 3,5 meter, var dei berre 3,44. Men sidan kjeglene berre er 15 cm høge, forsvinn det akkurat nok opp og ned frå toppen til at det blir tre meter mellom kjeglene.

Putt enden uten lås ned gjennom åpningen på toppen av kjegla slik:
SAM_1565
Kjeglene her heiter frå venstre: 1, 2, 3, 4
D

 

Putt enden frå kjegle 4 opp gjennom kjegle 1 frå undersida, og fest i låsen.
Putt enden frå kjegle 1 opp gjennom kjegle 2 frå undersida, og fest i låsen.
Putt enden frå kjegle 2 opp gjennom kjegle 3 frå undersida og fest i låsen.
Putt enden frå kjegle 3 opp gjennom kjegle fire, så er alle festa saman med kvarandre.
SAM_1564

 

Dermed kan du setje dei ut kor du vil, og trene Ruta til du blir blå i andletet!
SAM_1568

torsdag, juli 21, 2011

Eg har mista ALL mi respekt for Hundehjelpen.net

Sidan i fjor sommar har eg fulgt  Hundehjelpen.net, og eg har også fulgt med på alle hundane dei har hatt til omplassering. Då dei fekk seg blogg, begynte eg å lese den også.

Nokre av hundane har eg tenkt ville passa oss ypperleg, og eg har vurdert sterkt å få meg neste hund via dei.

Ei stund snakka eg og Vetle om å vera fosterheim for hundar dei får inn, men så blei Ayla sjuk, og me slo det frå oss.

Under heile denne tida har eg reagert på alle detaljene dei legg ut, anten på omplasseringssida i lag med opplysningar om hunden, eller i bloggen. Dette er opplysningar som trigger den forvitne Kari Anne, men som aller mest trigger det beskyttande i meg.

Misforstå meg rett, eg tykkjer det er ein god ting å redde hundar som ikkje har det så godt der dei er, MEN det er ikkje nødvendig å sverte folka i same slengen. Innimellom dukkar det opp gode blogginnlegg, som f. eks om separasjonsangst eller kva ein bør tenke på før ein skaffar seg hund. Og eg syns det er FLOTT at dei skriv om slike ting.

Det som har fått begeret til å renne over akkurat no, er denne saka som nettopp har vore i avisene i Stavanger. Det gjaldt ein mopsekvalp som angiveleg var forsvunne frå heimen. Det florerte bilete av kvalpen på Facebook, der adressa den sist var sett. På bloggen til Hundehjelpen stod også adressa den var forsvunne frå, og i starten var det heilt greit. Men så viste det seg at kvalpen vart funnen død og at det var mistanke om mishandling med døden til følge, og i bloggen kunne ein då lese detaljerte siteringar frå telefonsamtalar mellom Hundehjelpen og eigar.  Eigaren blir framstilt på ein særdeles lite smigrande måte, og adressa til eigarane fins framleis på bloggen.

Det eg reagerer så sterkt på, er at Hundehjelpen blir kontakta i tillit og fortvilte situasjonar, som dei då velger å fortelja vidare på nettet, der alle som vil kan lese om det. Slike detaljar burde ikkje gjengis på ein slik måte at folk som kjenner personane det gjeld kan kjenne dei att. Når ein skriv om ein hund, og legg ut bilde av den, er det garantert nokon som veit kva hund det er snakk om. Når då Hundehjelpen legg ut ganske private detaljer om eigar, syns eg dei utleverer og misbruker tilliten dei er vist. Som organisasjon burde dei halde seg til vanleg folkeskikk og tenke seg om to eller tre gonger før dei publiserer ALL informasjon dei får om eigarane til ein hund.

Eg syns at nærmare informasjon om korleis hunden har hatt det burde vera forbeholdt eventuell fosterheim og nye eigarar. IKKJE alle som leser bloggen eller omplasseringssidene.

Ta f.eks historien om Stian:
http://www.hundehjelpen.net/blog/2011/06/30/Historien-til-Stralka.aspx
http://www.hundehjelpen.net/blog/2011/07/06/Stian.aspx
Her forteller Hundehjelpen om psykiske problemer og tvangsinnlegging.

Eller historia om Tila:
http://www.hundehjelpen.net/blog/2011/04/16/Tila.aspx
Her forteller Hundehjelpen om narkotikamisbruk, innlegging for avvenning

Og til slutt ei sak der eg meiner Hundehjelpen gjekk LANGT LANGT LANGT over sine grenser då dei tilbydde ei dame å avlive (og gjorde det også) hunden til sonen hennar medan han var på jobb:
http://www.hundehjelpen.net/blog/2011/06/04/Vi-kan-desverre-ikke-redde-alle-hunder-selv-om-vi-gjerne-vil.aspx

Dråpen var, som tidlegare nevnt, saka om denne mopsen nå nyleg, men når eg blar bakover i bloggen deira, ser eg jo at dette har bygd seg opp over lang tid. Eg kjem ikkje til å anbefale nokon å ta kontakt med dei om dei skulle ha behov for å omplassere hunden sin, og eg kjem heller ikkje til å anbefale folk å kontakte dei for å få seg hund. Ein veit jo aldri kva som kjem på trykk i bloggen deira, for ein ting er sikkert: Filter for kva som bør vidareformidlas fins ikkje hjå Hundehjelpen!
Som potensiell hundekjøpar treng ikkje eg vite at eigarane skal på avvenning, har blitt kasta ut av leiligheten og må bu i bil, har psykiske problemer, har det skittent heime, er på sjukehus, o.s.v. Eg treng å vite korleis hunden er, og ikkje anna.

Eg har forsøkt å kommentere i eit av innlegga deira, men dei har stengt for kommentarer, og har vald å ikkje publisere min.
Eg har også sendt melding til Hundehjelpen om dette innlegget, slik at dei skal bli klar over meininga mi.

Og joda, dei gjer ein god jobb, men MÅ FÅ SEG FILTER for kva dei publiserer i bloggen!

torsdag, juli 14, 2011

Trening av Ruta.

Me er i full gong med leksegjennomgang, og skal eg rekke å få til halvparten av det, må me jo trene, må vite.
Mondag kjøpte Vetle kjegler til meg på Agder Forsenter (der har me 10% rabatt pga medlemsskap i diverse hundeklubbar”, og tysdag gjekk eg altså ut for å prøve. Eg har ikkje fått skaffa meg skikkeleg band frå kjegle til kjegle endå, så det fekk bli litt improvisert med jekkestropper. Man tager hva man haver, o.s.v.

Her er resultatet:


onsdag, juli 13, 2011

Elitesamling, helg 2

Lørdag
Då var det duka for ny Elitesamling igjen, og denne gong skulle me halde til på Løddesøl skule istadenfor Hove. Det passer jo meg ypperlig, sidan eg då får sikka kwoatte kortare kjøring.
Forventningane mine var faktisk ganske høge, for eg syns eg har sett ein roligare Emil i det siste, så då Siv spurte kva me hadde gjort sidan forrige samling, og eg faktisk kunne ramse opp littegranne me hadde rekt før armbrotet, tenkte eg inni meg at før helga er omme – vil eg bli med på ei fellesøving. Men eg sa ingenting om akkurat det, i tilfelle starten på dagen skulle gå heilt galt.

Nå skal eg spare meg sjølv for mange tastetrykk ved å fortelje først som sist at alle mine forhåpningar for dagen blei innfridd og vel så det! Han jobba superkonsentrert og utan band i kvar einaste økt!

Første økt var som vanleg å leike med hunden, og me skulle jobbe med at hunden kunne sitje og vente på “ta ‘an”. For å frata meg sjølv muligheten for å putte Emil i bilen når ein av dei andre hundane kom for nære, gjekk eg heilt i enden av grusbanen. Då Ember blei for interessant ein gong, gjekk me berre bak leveggen og tok ein liten pause før me dukka opp og jobba vidare.

Andre økt skulle me jobbe med kjede inni ballbingen, og me var først ut. Eg hadde framleis ikkje putta Emil i bilen, og syns det fungerte heilt fint for han idag også.
Det me skulle jobbe med var: Oppvarming, entring av ring, kjede to eller fleire øvelsar utan belønning, og transportstrekker. Dette skulle filmas, og så skulle me sjå på det seinare på dagen.
Mine øvelsar var hinder og innkalling. Fordi han hadde vore ute or bilen så lenge, tenkte eg at dette vil bli easy peasy, så me entra berre ringen og venta at han skulle vera online med meg med ein gong. Det var han ikkje. Først måtte han undersøke apportane som låg der, så måtte han sjekke ut nokre steinar som låg inni der, og SÅ kunne han jobbe litt.

Då eg gjekk frå i sitt og bli framføre hinderet, trippa han litt med framføtene. Sjølve hoppet var høygt og fint og hadde fin fart. Innkomsten var også fin, og i transporten bort til  der eg skulle gå frå til innkalling var han også fint med meg. Då eg gjekk frå i sitt og bli igjen, sat han atter ein gong og trippa, noko Siv hadde påpeikt allereie i første økta – og Elin påpeikte det under forrige samling, men det har gått heilt i gløymeboka.

Innkallinga skjedde i super fart, og han fekk belønninga då farten var som høgast.

Andre økt skulle me jobbe med ein øvelse me trengte å komme vidare med, og då valgte eg Stå Under Marsj. Dette har me jo jobba ein del med her heime, men på kurset i dag såg det ut som at han aldri hadde trent det før. Eg måtte gå heilt tilbake til frivillig stå før eg ganske raskt kunne gå vidare til å legge på signal.

Tredje økta skulle me jobbe saman to og to, noko som innebar at tre hundar var ute på banen til ei kvar tid. Under ei av mine økter var det ei goldentispe som fekk belønningen sin, og før eg visste ordet av det var Emil på full fart mot henne. Begge hundane sprang bort til den andre eigaren, og Emil både busta og brumla, men gjorde ingenting. Den andre eigaren hytta med fingeren og sa strengt NEI til Emil, og han kikka forbausa på henne og trakk seg litt vekk. Då ropte eg på han, og han kom rett tilbake til meg.

I stadenfor å setje han i bilen, som var det eg HADDE lyst til, fortsatte eg å jobbe med han utan band. Då me snudde og vendte oss i retning av goldentispa, forsøkte han å springe av igjen, men då klarte eg å huke tak i han og jobba vidare. På dette tidspunktet var eg rimelig skjelven, og då Siv kom bort for å skrøyte av oss, ga eg beskjed om det, og blei pressa til å jobba vidare til eg ikkje var skjelven lenger. Det var nok veldig bra å gjer det, for ellers ville nok denne hendinga ødelagt heile dagen min.

Dei to siste øktene hugsar eg ikkje rekkefølgen på, men den eine økta jobba eg med ruta. SAM_1495Brukte target for å få han ut frå meg, og han har faktisk godt driv utover!

Den andre av dei to var felles øvelsar, og Fellessitt var først ut. Då stod eg laaaaaangt vekke frå dei andre og trente fellesDEKK med bandet på. Dette gjekk heilt fint.
Så skulle me ha fellesDEKK, og Siv beordra meg på andre sida av banen. Me luska oss forbi alle dei andre hundane, og plasserte oss laaaangt ut i sida av den rekka. Siv såg strengt på meg og nærmast tvang meg til å stille meg nærmare Pippi og Mette, og lydig som eg er, gjorde eg jo det. Då stod me ca fire meter frå dei, men eg behaldt bandet på. Det er tre meter langt, og eg stod og førebudde meg på at dersom han kom til å reise seg, så skulle eg gå motsatt veg – vekk frå den andre hunden – for då ville han ikkje nå bort. Men han låg heilt fint, han! Siv kom til og med og gjekk sånn sikksakk mellom hundane utan at han reiste seg!

Heilt til slutt kikka me på filmen frå i føremiddagen, og der såg eg heilt tydeleg denne trippinga hans. Den skjer stort sett berre når eg går frå han.

Alt i alt svever eg etter denne dagen. Joda, han brumla litt, og joda han stakk bort til den vakre goldendama, MEN han jobba godt og lenge med meg UTAN BAND heile dagen, og var berre sånn måteleg interessert i det dei andre haldt på med.

Summa summarum for lørdag:
Jobbe vidare med Stå under Marsj. Få han til å kunne stå på avstand også.
Vera klar og tydeleg i kommandoen.
Bli kresen på kva eg belønner for (kor har eg høyrt det før?)
Generalisere – og ikkje vera redd for å bruke signal sjølv om han ikkje kan det 100% – men ikkje belønne når ståen er langsom..
Auke farten under baklengs marsj.

Legge til avstand på ruta. Kjøre nokre targetutsendingar – så utan target – og når STÅ sit godt, sei stå i ruta. Beløne med å hive ut ball eller liknande når han er på veg mot targetet.
Legge på signal på Ruta.

Kjede fleire øvelsar, strekke ut belønning, jobbe med transportetapper, at han skal sitja i utgangsstilling og sjå på meg sjølv om det er kjedeleg.

Jobbe med at han sit i ro når eg går i frå.

 

På veg heim hadde eg avtalt med svigermor at me skulle komme innom ein tur, og Emil har jo aldri vågd å gå opp trappene hennar før. Vetle har alltid måtte bære han opp, for desse trappene er glatte, åpne og bratte OG det er vinkeltrapp. Eg hadde bestemt meg for at nå MÅTTE me SAM_1489prøve å få han opp på eiga hand, for han kan verkeleg ikkje bærast opp der heile resten av livet hans! Forrige gong me var på besøk, ville han ikkje eingong inn i bygningen då han kjende att kor han var, men denne i dag høyrde han stemmen til svigermor (som var nede og advarte naboar om at det ville bli hyling og bjeffing i gangen ei lita stund). Eg lukka døra etter meg, kobla av bandet, og fant fram ein neve godbitar. JA, eg lokka faktisk.

Han jobba hardt, skjønnasen min, og gjekk opp og ned dei første trinna maaaaange gonger. Så gjekk han lenger og lenger opp før han snudde, og kvar gong han kom seg litt lenger, fekk han ein heil NEVE med fiskekaker og pølser. Til slutt kom han heilt opp, og kan TRU han var stolt av seg sjølv! Han fekk godbitar utover golvet, og klem og kos av “farmor” og inne i leiligheten hennar hadde ho gøymt kjeks rundt på golvet som han fekk snuse opp. Eg blei så stolt av Emil at eg blei heilt rørt!
Då me skulle gå igjen, konsentrerte han seg VELDIG ned trappa, men gjekk eit og eit trinn slik eg hadde håpa han skulle! Flinkingen min!

 

Søndag, den frykta “Dag 2”

Dagen byrja ikkje så godt, då eg kom fram og skjøna at eg hadde gløymt både te, brus, rallyskilt og holdarane heime. Det er ikkje rallykurs eg går på, men eg hadde lova å setje opp ein bane i lunsjen for dei som ville prøve.
På veg til kurs, forresten, såg eg påfuglen frå i fjor, på same plass, og tenkte at det sikkert ville bety at dagen i dag kom til å bli lik den dagen i fjor. Og det skulle vise seg å vera ganske korrekt.  Emil var Mister Brumlebasse i dag, og me måtte ha stor avstand til alle heile dagen. Ein gong bjeffa han til og med, og då stod me på heilt andre sida av grusbanen.

Dagen byrja med kjedar, og denne gongen hadde eg fem øvelsar i stadenfor to som i går. Dei var: Dekk fra holdt, Hinder, Tannvisning, Innkalling, og FVF. I dag var han med meg i transportstrekkene, og hadde i grunnen betre kontakt enn i går. Han sat ikkje i ro då eg gjekk frå i innkalling, og vaste litt før hinderet, men hadde fint hopp og kom greit inn på plass. Han la seg skeivt under dekk fra holdt, men la seg raskt og blei liggande då eg gjekk bak han.

Belønninga kom ganske kjapt under FVF, og eg fekk beskjed om at belønninga må vare like lenge som kjeden. Det må eg bli flinkare til!
Eg hadde dessutan bedt om å ha ein hund synleg utanfor ringen (ballbingen med trygt gjerde mellom Emil og den andre), men han ensa den ikkje, eingong.

Den neste øktene (utan at eg hugsar rekkefølgen) var:
  * Å  få hunden inn i utgangsstilling sjølv om eg held leika synleg i høgrehanda
     - Her kan ein også bruke ein gjenstand nr to som hunden skal velge å la vera for å komme i utgansstilling, og då må denne gjenstanten aldri nyttast som belønning.
      - Vanskelighetsgraden kan aukas ved å bruke leike, mat, person, snuseflekk som gjenstand nr to, og belønninga skal alltid vera hjå MEG.

* Fellessitt og fellesdekk:
    - Fellessitt kunne eg berre gløyme, Emil brumla og busta på laaaaaang avstand. Men eg fekk han i sitt og bli der me var og trente på min måte likevel. Han såg jo dei andre hundane og jobba på utan å reagere, så eg må vel sei det var greit nok.
      - Fellesdekk gjekk me nærmare, og plasserte oss heilt ute på kanten denne gongen også. Men i dag stod det bil med åpen bakdør inn til hund i bur på eine sida, og hund i fellesdekk på andre sida. Det blei difor ein del vanskeligare enn dagen før, og eg måtte jobbe ein god del meir for å halde kontakten med han. Då ei av dei andre belønna hunden før me andre var ferdige, brumla han, og eg valde å bryte heile øvelsen og gå vekk. Ikkje pga Emil, men av hensyn til dei andre hundane som jobba så bra.

* Fri ved foten
     - Her jobba eg MYKJE med å ha han sitjande ved sida av meg med roleg kontakt, og av ein eller annan grunn hugsar eg nesten ikkje noko anna frå denne økta. Eg er heilt blank. Eg hugsar at eg skulle vise kor dårleg springmarsjen var – men då gjorde han den perfekt, og that’s it.

* Ruta:
     - Jobba med å få han til å springe til target, men han stanser og snur seg til meg. Siv stod bak meg og heiv ball med kastearm, og etter nokre repetisjonar, sprang Emil som et olja lyn mot bakre side av ruta. Ball med pip i = “du kan ikkje ta meg”, så me må jobbe endå meir med avlevering.
     - Fekk dessutan tips om å shape inn at han søker til bakre kant frå kort avstand frå alle vinklar, og at eg skal byrja å legge på kommando.

Etter denne økta, som skjedde i sol og varmt vær, peste han rimeleg intenst, så eg hadde ikkje lyst til å setje han i bilen direkte. Difor sette me oss i skuggen, og han kunne få legge seg på kald mur og kjøle seg godt ned. Medan me sat der, henta nestemann hunden or bilen, og då sat han berre og kikka roleg på dei andre. Han fekk litt belønning, men ikkje mykje, oftast fekk han berre eit roleg og avbalansert “fliiiinke gutt”. Me sat der i ca tjue minutter, og tidvis la han seg ned og slappa heilt av. Då han ikkje peste lenger, vågde eg å setja han i bilen, og der sovna han.
SAM_1475

Summa summarum for i dag:
Tren på frivillig kontakt når det ikkje skjer noko, og at han skal gi meg roleg kontakt når han sit ved sida av meg.

Belønning i kjede skal vare like lenge som kjeden varte.

Vent med å finne belønninga etter kjede, sånn at handa ikkje går i lomma før jubelen bryter laus. Altså, under FVF, f.eks, kan eg først juble høgt for å signalisere at nå kjem belønninga, så finne fram anten leike eller matboks, og så belønne lenge og vel for godt arbeid.

Det kan vera lurt å sjå på dei andre deltakarane før meg for å sjå kor kvar øvelse startar – og dermed gå dit medan dommar prater og ha kontrollen sjølv.

Dersom eg skal avbryte ein bli-øvelse, gå mot hunden, dersom eg bryter ein fartsøvelse mot meg, spring vekk frå hunden.

Leksa mi til neste gong er så gigantsvær at eg ikkje veit heilt kva eg har begitt meg ut på, men den er altså som følger:

På halvannan månad skal eg lære Emil å springe ut i ruta i fullt firsprang frå utgangsstilling utan å gjere anna enn å seie kommandoen.

I tillegg skal eg klare å få fram roleg kontakt i 30 sekund på ny plass.

Eg skal også kunne jogge bakover, seie kommando, og så skal Emil stoppe momentant og bli ståande til eg belønner.

Me skal jobbe vidare med avlevering (spyyyyyy)

Og så skal få fram og legge på kommando på stå, sitt og ligg under marsj OG på avstand.

Nevnte eg at det berre er seks veker til neste samling?????

 

søndag, juli 03, 2011

Årets første spor.

Ja, det er nesten så det er flaut at me ikkje har gått spor tidlegare i år, men nok ein gong må eg skulde på armbruddet.
Den første delen av dette innlegget har eg skrive FØR me har gått sporet, sånn berre for å sjå/vise kor nært eller langt ifrå eg er i mine forventningar til sporet og korleis dette skal gå.

SAM_1448b
To skjønnasar som på kvar sitt vis fortel meg at stressnivået er i høgaste laget idet eg er på veg ut i skogen for å legge spor.


Inspirert av Siv sitt blogginnlegg, tok eg med meg sporsløyfer (Yes, eg huska å ta med!!), diverse leiker, og rusla innover vegen. Den opprinnelege planen var å legge sporet på venstre sida av vegen, frå bakketoppen og nedover, men den planen blei endra halvvegs mot bakketoppen. Eg hengde frå meg ei sløyfe som sporstart og innsåg der og då at eg hadde gløymt startgjenstand. Tipper Emil kjem til å skeie ut der likevel, eg, og ha eit himla tempo i starten.
SAM_1447b
Etter ei lang, rett strekke i starten, hugsa eg rådet frå i fjor om å legge sporet i svake buar, heller enn rette strekningar, og la inn først ein 90 graders vinkel etter ein bekk (anten går det, eller så går det ikkje, eg ser føre meg at det blir eit slikt punkt der eg lærer om dette er lurt eller ikkje), og første gjenstand like etter vinkelen. Eg er spent på korleis han vil ta vinkelen i år.

Vidare la eg ein del buare att og fram, og oppover ein ganske bratt bakke. Her knakk eg av ei lita grein og tenkte eg ville sjå om han ville oversjå den, eller om det er håp om at han kan hende ein dag vil klare å plukke pinnar i sporet også, og ikkje berre leiker.

Då eg skulle legge sporslutten, tenkte eg (og det virka veldig fornuftig der og då) at eg ville legge den OVER grusvegen. Mhm… nevnte eg at dette er årets første spor?
Der ligg det nå ei saueskinnsleike som Emil ALLTID stjeler om han får anledning, og totalt tenker eg at sporet blei på mellom 180-200 meter og med to leiker pluss slutt.

Og nå har sporet blitt over timen gammalt, så nå rusler eg og Emil ut for å gjere alle mine antagelsar til skamme Smilefjes


Etter sporet:
Emil fekk på sele og sporline allereie på grusvegen, for nasen gjekk i bakken og han var heilt
SAM_1455b tydeleg på sporet av meg. Då me kom fram til startsløyfa mi sa eg ingenting til han, så eg fekk sjå om han hadde tenkt å sjekke ut sporet mitt, og det gjorde han! Og det var vel det einaste positive eg kan seie om sporet i dag, trur eg. Joda, han fant slutten, men gudhjelpemegvel for eit tempo!!
Eg må hugse på det når eg legg neste spor, at sjølv om eg lett klarer å gå terrenget i MITT tempo, er det ikkje nødvendigvis slik når eg skal gå det i Emil sitt tempo. Han raser avgarde i eit sinnsjukt tempo, og virrer og vaser overalt! I vinkelen durte han rett fram, tok ein undersøkelsessirkel, og så fant han sporet att. SAM_1460bFørste gjenstand fant han og returnerte til meg med, mens andre gjenstand passerte han med over meteren. Den vesle kvisten fann hverken eg eller han, og då me kom til sporslutt, måtte eg hjelpe han over grusen.

Undervegs i sporet datt eg fleire gonger, og fekk frykteleg vondt i armen. Det er jo venstrehanda eg har knekt, men høgre handleddet er heller ikkje så godt etter mykje belastning dei siste seks vekene.

Lærdom:
* Emil er ikkje Ayla. Emil må lærast spor på ein heilt annan måte, og eg må lese litt om korleis eg bør gjera dette.

* Emil har eit høgt tempo som er vanskeleg å følge når kondisen ikkje er det store i utgangspunktet.

* Eg må merke spora betre, slik at eg hugsar kor eg har gått!!!

* Eg må på eit eller anna vis senke intensiteten og forventningane til Emil.

 

 

fredag, juli 01, 2011

Det nærmar seg Elitehelg

Det er ei veke til helg nr to på Elitesatsingskurset, og eg har gjennomgått leksa mi. Ruta kan eg berre gløyme, der treng eg hjelp. Stå under marsj kjem seg VELDIG, mens Apport er noko me ikkje har jobba med i det heile.

Seks veker har jo gått med til knekt arm, og sjølv om det høyres merkeleg ut at eg ikkje har fått trent pga armbrudd, så er det det som er fakta. Bruddet var komplisert, oppe i handleddet, og har vore veldig veldig smertefullt. No etter at eg har fått av gipsen er smertene der oftare enn før, for handleddet er stivt i alle retningar, og eg klarer ikkje å belaste det noko. Berre det å vri opp ei fille, eller skru av korken på ei brusflaske gir nok smerter til at eg enn så lenge ikkje klarer det. Eg er framleis hoven i handleddet, og når eg har forsøkt å leike med Emil med høgrehanda, så er han såpass intens i leiken sin at rykka forplantar seg gjennom heile kroppen og ut i venstrearmen. Eg får heller ikkje til å levere godbit med venstrehanda under FVF.

Men, me får trent bittelitt kvar dag, og det må eg dessverre sei meg nøgd med enn så lenge. Korleis det skal gå neste helg på kurs, veit eg ikkje, men i verste fall får eg sitje og følge med på kva dei andre gjer. Emil har dessutan vore lite ute i verda etter gipsen kom på, og eg ha små forhåpningar for korleis det skal fungere på Hove.
image
Me har fått nytt bur til han, og dette viste seg å vera stort nok til to hundar. Både Ayla og Emil fekk plass i det, så eg kunne nok tatt ein str mindre. Men det var lett i vekt og særdeles enkelt å setja opp, så då er me nøgde likevel. Det blei kjøpt på www.hundeboden.com, og det var den desidert billigaste plassen eg kunne finne eit slikt bur.

Og så har hundane fått seg kvart sitt nye halsband frå kolleksjonen “KAOs”
image
imageimage
Dei ser heimelaga ut, og det er i grunnen heilt greit. Begge banda passer perfekt til dei dei er lagde til, og sjølv om bokstavane og “pynten” er ujamne og skeive, så blei både Ayla og Emil særdeles nøgde med banda sine Smilefjes

Til slutt eit bilete av ein kar eg fann i drivhuset i dag:

image