onsdag, oktober 24, 2012

Nytt familiemedlem

I lange tider har eg gått og kjent på at eg har hatt lyst til å finne den perfekte kosekatten å ha på fanget på lange kalde vinterkveldar her ved tjernet i skogen. Smiley er ikkje nokon kosekatt, og gidder ikkje ligge på fanget særleg lenge om gongen. Og ingen må bevege seg mot kjøkenet, for då forsvinn han frå fanget uansett kor lenge han har oppholdt seg der.

Eg har tråla Finn i lange tider, og brått dukka det opp ei skjønn lita frøken på Birkeland.IMAG0797IMAG0808
Me reiste og helste på henne, og ho blei med heim att.

Vel heime syns hundane dette var det mest spennande som hadde skjedd på lange tider, og Ayla blunker knapt nok når Frøken Dings er oppe i stova. Emil tar det heile meir med ro. Han kan gjerne finne på å murre til henne, men når kattungen ikkje reagerer, gidder ikkje Emil bruke meir energi på henne.

IMAG0805
På syrommet fins ingen hundar og ingen Smiley, og då kan me kooooose lenge!!


IMAG0837
Eg var veldig spent på om Smiley kom til å ville fyke på nykommaren, men han var tvert i mot LIVREDD denne skumle skapningen!

Frøken Dings, eller Frøkna som Vetle seier, har vore her i fem dagar, og har allereie vågd seg opp i stova på eigahand fleire gonger. I går såg det slik ut i heimen:
IMAG0843IMAG0845

torsdag, oktober 11, 2012

Nå skal me ta tyren ved horna!

SAM_0048

Ja, det har vore stille frå denne kanten ei stund, og det er rett og slett fordi eg har hatt fullstendig treningstrøtthet! Eg har rett og slett UTELUKKA kost med og gått turar og gjort alt anna i lag med Emil enn å trene veldig bevisst på rally eller lydighetsting. Me har kome langt i kickbiketreninga, så nå begynner han å blir skikkelig flink på å springe framføre sykkelen og halde bandet stramt. Eg kjenner meg nesten som ein skikkelig hundekjørar til tider!

DSC02812bErfaringa frå Bø i mai førte meg ut i eit vakuum eg ikkje fekk meg ut or igjen, men nå har treningslysta sakte, en sikkert kome sigande tilbake. 

 

Eg og Emil har hatt oss ein alvorsprat om at nå skal me ta tyren ved horna og få ordna det som trengs ordnast, og har meldt oss på Fri Ved Fot kurs hos Amokk. Kurset går over ein dag i desember, og eg er nå full av håp og optimisme.

Eg gjekk difor ut i innkjørsla i dag og skulle sjå om eg kunne provosere fram atferda frå Bø: Henge etter i FVF, demping, sette panna bak kneet mitt, sprette bak meg og over på høgre sida for å sjå om eg har noko i handa, men det var ikkje tale om. Han gjekk kanonbra, utan band, og fulgte ALLE rørsler eg gjorde.

Så tenkte eg at kan hende det skjer fordi han har halsband og band på seg, men idag gjekk han fint med band på også. Eg veit ikkje heilt kva som får fram den atferda, men uansett skal det bli kjekt å gå på kurs igjen, sjølv om det berre er ein dag..

Og så ei lita oppsummering sidan sist.


SAM_0020SAM_0029
I september var me på hytta og hadde med oss Smiley igjen. Han fekk prøve seg i sele og bånd, og det funka gullfint!

SAM_3196
Emil fekk seg opptil fleire gjørmebad,

SAM_3209
Eg fekk meg nytt favorittbilde av meg og Ayla…

SAM_3212
Og nytt favorittbilde av oss tre, teke nedanfor hytta…

SAM_3240
Emil støtta opp om Vetle som måtte ta oppvasken.

SAM_3263
Me var på blåbærtur, alle saman.

SAM_3280
Og Emil fekk bada litt i iskaldt fjellvatn.

I oktober var me ein tur innom trening ved hundeklubben igjen, og der blei eg pusha til å trene hinder med laus Emil medan to hundar befann seg i umiddelbar nærleik av oss. Skikkelig skummelt for meg, og eg var nesten kvalm medan eg trente, men Emil såg ikkje ut til å bry seg nevneverdig. I starten var han ikkje like intens i leikinga, men så kom det seg etterkvart.

På veg heim frå den treninga, fekk han damebesøk med seg i bilen.
IMAG0767