tirsdag, august 25, 2009

Rallytrening og eit kjapt lite spor.

Rallytreningen starta egentlig opp forrige mandag, men då kunne ingen. Det var nok for tidlig for dei fleste etter sommarferien.
I går møtte i alle fall folk mannssterke opp, og me blei vel 4-5 til slutt. Eg hadde ikkje nokon plan for kva me skulle trene på, så eg vente til klokka var åtte før eg tok Ayla ut or bilen. Pga litt sommarstressa hundar på treningsbanen, valgte eg å ikkje gå opp dit med henne. Me holdt oss på parkerinsplassen, der eg fekk spurt ei av dei andre om ho ville stå midt på parkeringsplassen sånn at me kunne gå i bue rundt henne.

Eg meinte den største parkeringsplassen, men ho stilte seg opp der det var smalast. Eg merka eg blei usikker på om dette kom til å fungere, men tenkte at eg i verste fall ville erfare kva som blir for tett for Ayla.

Me gjekk litt sikksakk bort til det var naturleg å gå i bue, og eg hadde heile tida slakt band. Akkurat det merka eg var vanskeleg, og pulsen steig veldig. Eg nynneprata til Ayla om at me skulle gå ut til sida og at ho dama ikkje var nokon Ayla trengde å involvere seg noko med, og at me skulle berre gå forbi her og så ville alt gå bra. Ingen godbitar.

Jo nærmare me kom, desto meir interessert blei Ayla i å snuse i graset – vekk frå ”den skumle dama”. Ho var tilsynelatande veldig opptatt av luktene der, heilt til me hadde passert. Då ga ho meg kontakt igjen, og ho ville også gå nærmare meg.

Eg trur ikkje den avstanden er den mest ideelle å fortsetje med, for eg merka at ho var berørt av det. Dama stod dessutan ikkje vendt mot oss, noko som gjorde det enklare for Ayla.
Men det var like god øving for meg, det å kjenne på angsten og likevel sleppe bandet heilt ut og la Ayla få løyse problemet sjølv. Noko ho klarte med glans i går, i alle fall.

På veg heim ringte eg til Vetle og spurte om han kunne dra til Sandestronda og gå seg vill. Og om han kunne miste eit plagg sånn cirka i begynnelsen. Det ville han, så eg stoppa på den første bensinstasjonen eg kom til for å kjøpe belønning til han også (Smil og Stratos).
Då eg var nesten framme, ringte han og sa at det var fleire folk på stranda, deriblant nokre hundar. Eg spurde om dei haldt til oppe i sanddynene, men det gjorde dei ikkje, og då kunne han gå seg vill oppi der.

Til tross for at ho heilt tydeleg ønskte å lese avisa, jobba ho med å finne ut kor Vetle hadde blitt av. Det gjekk i sikksakk, og eg var ikkje heilt sikker på om var på tur og hadde han i nasen, eller om ho faktisk gjekk spor. Plutseleg gjekk halen som ein visp, og jammen der var Vetle!

Me gjekk ned på stranda, og der kom det folk frå alle sider plutselig. Me løyste det heilt fint ved å halde oss på stranda ei lita stund før me gjekk opp i sanddynene igjen. :-)

I løpet av hausten kjem eg til å halde innføringskurs i Rally lydighet. DET gler eg meg til! :-) Må berre planlegge litt...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar