torsdag, januar 28, 2010

Emil flytter heim til Vistnes andre helga i mars!

I dag fekk eg altså mail frå oppdrettaren i Sverige om at pga avbestilling får eg komme og hente Emil heim andre helga i mars. Det er berre seks veker til det!!! :-)

Eg har sommarfuglar i magen, og blei så hoppande glad at dei lurte fælt, kollegaene mine, før det kom frå ei av dei: "Var det om kvalpen?"

Eg har så mange planar og tankar og frykter og redsler og gleder og håp og allslags, at alt er eit salig kaos i hovudet mitt. Eigentleg veit eg jo det meste som er å vite om det å ha kvalp, men kjenner meg brått så usikker likevel. Sikkert heilt normalt, trøyster eg meg med.

Ein av desse gule, eg veit ikkje heilt kva for ein av dei endå, er det som er Emil:
http://www.searover.nu/valpsida%20prima%20acer.htm

Sånn, då har eg fått sagt det, så då får eg sveve vidare :-)

søndag, januar 24, 2010

Korleis aktivisere ein 2,5 åring og ein rottweiler samtidig?



Det som er herlig, er at eg ikkje treng å vera bekymra når Lea blander seg inn i Ayla si søking etter godbitar. :-) For Ayla er Hender = Godbitar, uansett kven sine hender det er ;-)
Nå skal det seiast at ein halvtime tidlegare blei det så stilt på kjøkkenet... og då me skulle sjå kva dei haldt på med, sat Lea på golvet framføre matskåla til Ayla og la kattemat oppi sånn at Ayla kunne få. :-) Ayla sat så fornøydd og venta høfleg til Lea hadde lagt oppi ein før ho inhalerte den og sette seg til å venta på ny bit.

tirsdag, januar 19, 2010

Vinterens gleder

Det sitrar i magen av glede over at vatna i nærleiken er islagde.
Og det er ei lukke å kunne finne fram skøyter, hanskar, iPod og Kvikk Lunsj og gjera meg klar!

Då eg parkerer bilen, ser eg ender, ein svaneunge, og nokre småfuglar leite etter mat i det som ville vore strandkanten - om vatnet var flytande.


Eg kjenner at eg syns synd i dei, og tenker at eg skulle ønske eg hadde eit rundstykke i bilen, så skulle dei jammen fått det av meg. Men eg har ikkje det.
På veg bort til kanten av vatnet ligg ein rosa matboks som det står eit jentenavn på. Det har sikkert vore eit par skiver kneip med peanøttsmør på oppi der.

Når eg kjem fram til den vesle fjellhylla eg sat på sist eg var på skøyter her, aukar sitringa. Eg finn fram sitjeunderlaget mitt, og set meg ned. Glidelåsen i sekken heng fast ein augneblink, men så opnar eg for skøytene mine som eg fekk til jul av Vetle. Dei har lagt der og venta på meg i over ei veke, sjølv om eg lova meg sjølv og dei at det ikkje skulle bli så lenge til.

Så er skøytene på beina, sekken på ryggen, kameraet rundt halsen og ein stav i kvar hand.
Og ja, pluggar i øyrene med mykje deilig musikk!

Dei første taka er alltid litt nølande, vaklande, prøvande før eg finn rytmen. Ein fot fram, eit godt tak med stavane, og så skyt eg fart framover. Isen er litt ujevn, men det går så fort at eg knapt merker det.



Så, brått, ser eg noko eg ikkje har lagt merke til på is før. Det er finare i røynda enn det blir på bilete, men artig fenomen er det likevel.


Eg går vidare. Men berre eit lite stykke. Eg ser noko på isen som får meg til å tenke at her har det vore ei and og to som har kost seg og hatt det travelt med å ta av seg før sengekosen. Ja, eg kan ikkje for det, men det er den tanken som dett inn i hovudet mitt her og nå.


Eg går atter ein gong vidare, og skøyter meg forbi sprekker og bobler og eg kan stort sett sjå botn heile tida. Eg lurer på om at dersom eg hadde hatt høgdeskrekk, ville eg ha vore litt redd nå då? Når eg kunne sjå rundt meteren ned til botn? Eller kanskje det ikkje er slik det fungerer?


Musikken på øyra går i takt med skøytetaka mine. Eller kan hende det er eg som går i takt med musikken? Det veit eg ikkje, me går i alle fall fullstendig i takt med kvarandre, musikken og eg. Og det er lett å gløyme seg vekk i slike stunder. Tankane flyt avgarde til ein gul jaktlabrador i Sverige som ikkje er unnfanga endå, til ei herleg rottweilertispe som ligg heime og søv, eg funderer til og med over kva eg skal ha til middag i dag. Eg tenker at eg må få meg skikes så eg kan fortsetje denne herlige formen for trening når isen går også. Og tida berre går. Heilt utan lyd.
Det vil seie.. tida går til lyden av skøyter på is. På ujevn is. Men det er skøytelyd likevel.
Det blir kjøttkaker til middag.

Det er ikkje så kaldt, men det stikk i kjakane likevel. Takk og pris for at eg har gode klær, ellers ville eg blitt veldig kald!

Svisj svisj, seier skøytene mine. Dei lyseblå skøytene mine. Stavane blir pigga ned i isen, og eg dreg meg framover med gode, djupe tak. Eg kjenner at kroppen min elskar meg for at eg gjer dette, og den gode trøytte utmattelsen har starta sitt inntog. For eg går ikkje så fort, men blir sliten likevel. Det går nemlig an, det.

tirsdag, januar 12, 2010

Ayla løyser Nina Ottoson spel + noko attåt.

Denne første snutten er av Ayla når ho løyser Nina Ottoson spelet Dog Smart. Dette var det første me kjøpte, så det går unna når ho får kose seg med det.






Dette neste er Dog Twister, som var det andre me kjøpte. Her ser det ganske så usystematisk ut, og eg trur ikkje ho tenker så veldig mykje på kva ho gjer her.



Så, denne siste snutten er av Ayla som løyser Dog Fighter. Dette var eg litt usikker på om ho ville klare, men ho klarte det på første forsøk.


Og så ein siste rask snutt av Ayla sin reaksjon på "Nå ska me inn og legg'oss". Legg merke til koss grusomt det er for henne å høyre det signalet ;-)

mandag, januar 11, 2010

Jakta er i gong.

Då er det avgjort at me har starta jakta på vår neste hund. Eg er heilt sikker på at det kjem til å bli ein labrador. Ein gul ein.  Og han skal heite Emil.
Spørsmålet er kor me kjem til å hente han. Enten frå Sverige, eller frå Bergen (med svenske foreldre). Då MÅ han jo heite Emil! :-)

Me lurte på Alfred, men det blei så tungvint å rope.
Og som Britt påpeikte; når han er kvalp og skal finne ut kor mange meter papir det er på dorullen, kan me rope "EEEEEEEEEEEEEEEMMMIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIL!"
Slik som Lindgren sin Emil aldri gjorde noko gale med vilje, kjem ikkje vår Emil til å gjer noko gale heller.

fredag, januar 08, 2010

Det endelege valget er tatt.

Me har gått mange rundar med oss sjølv, lest hundrevis av sider på internett, snakka med mange kompetente personar - anten via utdanning eller erfaring eller begge deler, og har kome fram til at det å ikkje operere er det beste valget for Ayla OG oss. På grunn av at mange opplever at det andre korsbåndet ryker under rekonvalens på det første kneet, har me altså bestemt oss for dette. Rekonvalensen blir sagt å vera 6 mnd, men det er på hundar som har den andre foten heilt i orden. Det har ikkje Ayla.

Planen framover no er å halde henne roleg medan ho går på Previcox, starte så med roleg opptrening, og innsjå at Ayla sine bruksområder vil vera begrensa resten av hennar levetid. Ho blir altså pensjonert.

Det betyr at me nå skal starte leiting av ny kvalp (juhu), og valget ser ut til å ha falt på jaktlabrador. Eg har ikkje sett meg ut oppdrettar endå, men enn så lenge ser det ut til at me har god tid. Ayla er per i dag haltfri og i sitt sedvanlige herlige humør.

Erfaringa eg sitt att med i ein slik situasjon som dette, er at veterinærar ikkje alltid føreslår det som er best for hunden. Ein skal som dyreeigar ikkje ta ALT veterinæren seier for god fisk, og i alle fall ikkje gjera noko overilt. Kirurgar ynskjer å operere, og meiner operasjon er løysinga på det meste. Det MÅ ein ha  tankane når ein søker hjelp om slike spørsmål som dette.
Eg har også funne det nyttig å prøve å sette meg sjølv på utsida, nøytral, kva ville eg sjølv ha sagt til meg dersom dette ikkje hadde vore snakk om min eigen hund? Jo, eg ville sagt det dei fleste rundt oss har sagt: "Ikkje operer. La hunden få ei god siste tid, kor lenge det enn blir, og kos deg i lag med hunden alt du kan!"

For meg er det aller viktigast at Ayla har det greit. Ikkje sånn passe, eller utholdbart. Ho skal ha det greit. Ingen kan ha det heilt topp heile tida, og ho har vore fantastisk tålmodig heile denne perioden! Men ho skal ha eit liv, ho også! Ikkje bare for å glede oss på to bein, HO skal leve sitt hundeliv. Snuse, terge oss, leike, ete, sove, kose, ja, slikt som hundar gjer.

Så, slik er stoda i heimen i dag.

mandag, januar 04, 2010

Bergensveterinærbesøk

Reiste oppover til Bergen på søndag, og skulle overnatte på Midttun Motell og Camping. Der har eg ikkje vore på over eitt år, så eg kjørte sjølvsagt feil. Tok av ein rundkjøring for tidleg. Kari Anne i eit nøtteskal!

Ayla oppførte seg eksemplarisk, og mandags morgon var me klare for besøk hos Dorthe Hansen på Dyreklinikken på Stend. Me hadde time klokka elleve, og fekk etter eit par særdeles uheldige episodar karra oss inn frå bilen og inn på klinikken.

Møtet mellom veterinær og Ayla gjekk heilt perfekt. Ayla oppførte seg som om ho hadde helst på henne mange gonger. :-)

Etter at Ayla var godt neddopa, kjende og riksa veterinæren på begge kneledd. Dei bevegde seg, begge to, sa ho. Tidlegare har veterinæren her nede sagt at det ikkje var forskjell på venstre og høgre, og at det derfor ikkje var heilt opplagt at det var korsbåndet som var skada.
Røntgenbileta viste at det VAR skade på begge sider. På høgresida var det nokre små teikn til forkalkningar, mens på venstresida var det ein del meir.

Begge knea må opereras, sjølv om venstresida ikkje tilsynelatande gjer vondt per i dag. Ho kunne ikkje sei kor lenge det var til det måtte gjerast på andre sida, det kunne gå tre veker, eller det kunne gå tre år. Altså, veldig usikkert.

Alle faktorar tatt i betraktning, vil starten på dette året bli vanskeleg og tungt for oss uansett kva me velger å gjera.  Avgjersla blir tøff, og me må vera realistiske og tenke på kva som er best i det lange løp for Ayla. Eg blir kvalm berre ved tanken på å avlive henne, men samtidig blir eg kvalm ved tanken på å påføre henne så stor smerte som vil komme ved ein operasjon med usikkert resultat. Heilt optimalt vil ho kunne vera rekonvalens i over eitt år dersom me tar begge knea rett etter kvarandre. I verste fall kan det gå skikkelig gale og ho blir aldri god igjen, og me har dermed latt henne gå gjennom heile prossessen fånyttes.

Atferdstreninga må dessutan setjast på pause under rekonvalenstida, og me havner dermed veldig langt tilbake i den treninga også.

Det er med andre ord mykje å tenke på dei nærmaste dagane...

Alt i alt syns eg det var godt å få vite kva som feiler henne. På same tid var det akkurat dette eg frykta. Nei, ikkje akkurat dette. Dette er verre.