Eg hadde vel knapt trudd eg skulle skrive dette innlegget då eg i fjor posta dette på hennar 5-års dag: http://kariannesinblogg.blogspot.com/2010/07/ayla-5-ar-i-dag-litt-tilbakeblikk.html
Då trudde eg oppriktig at ho ikkje ville halde så lenge som til 6 årsdagen sin, men jammen er Gullet mitt her endå.
I løpet av året som er gått, har ho blitt litt betre i bakbeinet, men i januar fekk ho Calcinosis Cutis, og måtte slutte på kortison. I staden får ho no smertestillande (Previcox) som ho får ein tablett i månaden av, og som kostar 536 kroner for to tablettar! Men då har ho jo for to månader, så det blir likevel ikkje SÅ dyrt. Dette ser ut til å fungere fint for henne enn så lenge.
Etter at CC var ferdig behandla, har ho framleis store område på ryggen som er dekka av denne tjukke, harde huda, men det ser ikkje ut til å plage henne nevneverdig. Dei siste par månadane har ho fått mykje betre humør, og leiker og herjer med Emil mange gonger til dagen. Det har ho vel eigentleg aldri gjort før.
Eg lar henne springe og styre på som ho vil sjølv, og skulle ho bli halt igjen nå, vil me nok måtte ta den tyngste turen til veterinæren med henne. Operasjon er jo utelukka, i og med at ho har skada korsband på begge sider, og anna behandling veit eg ikkje om.
Trening blir det lite av, for ho er ikkje glad i sette seg. Ho har fått ganske slakke tøylar det siste året, og det har resultert i et rottweilertryne med selektiv hørsel. “Hæ? Ropte du? Hæ? Eg høyrer ikkje… Vent litt, skal bare ete ferdig denne katteskiten, og så tisse og så snuse og så nåke aent som eg ikkje heilt har klart føre meg endå, og SÅ skal eg komme til deg.” Jadda, ho er så skjønn, atte
Av besøkande me har hatt det siste året, er det berre eit par-tre gonger ho ikkje har fått helse på. Men når ho har fått helse på, har ho smilt og sleika og logra mot høgre, og latt seg klemme og kose med og klø på og kost seg! Ho har ved ein anledning måtte kontrollere ved bjeffing, og det
var på far til Vetle. Han har alltid vore litt ukontrollerbar, tykkjer Ayla, men om han sit i ro, går det stort sett greit. Mor til Vetle utløyser eit gledeshysteri utan sidestykke, og det blir hyling og uling og smiling og piping og bjeffing og ho oppfører seg generelt lite elegant. Herleg å sjå på!Planar framover blir som i fjor. Helsa til Ayla står i første rekke. Eg er klar over at ho er her på overtid, så eg nyter kvar dag eg får med henne.
Eg har fått eit par kommentarer som går på at om ikkje ein hund er frisk nok til å vera med på ein lenger tur, er det ikkje noko liv laga for denne hunden. Altså, hint om at Ayla ikkje har det bra nok til å leve. Me går fleire korte turar om dagen, og så lenge ho leikar og kosar seg slik med Emil og kattane, både inviterer til leik – og lar seg invitere, så lenge ho et godt, og er i humør, tykkjer eg absolutt ho har det godt nok til å fortsetja å leve.
I går kom det bursdagskort i postkassa, må vite, og det var frå Farmor Så koseleg!!
Nei, seks år er ingen alder for ein rottweiler, og sidan den forrige rottweileren min heller ikkje nådde å bli eldre enn 6 år og 7 månadar (pga Osteosarchom, eller kreft i beinet), er det tvilsomt at eg vil prøve meg på ein ny rottweiler igjen, sjølv om det er min absolutte favorittrase nokonsinne!