torsdag, mai 31, 2007

Krysser fingrane...

Det nærmer seg treningslørdag i Grimstad, og først nå kan eg begynne å tenke på å bruke kneet noko særleg. I kveld har eg og Vetle planlagt ein roleg tur på eit par km med begge hundane, og i tilfelle kneet ikkje held så langt, kan Vetle gå heim og hente bilen. Dersom kneet held, kan eg ta ein roleg start på diverse treningar og turar og få komme meg ut litt igjen! Juhu!! (det vil sei.. juhu hvis kneet held)

Ayla har berre fått sporadiske økter med halvplanlagt trening, så det skal bli godt å kome i gong igjen nå etter tre veker med ro. Eg gleder meg spesielt til å gå i gong med skikkelig spor-trening og nyerverva kunnskaper etter kurset!

Desse tre vekene har me trent på: Fellesdekk med avstandsbelønning, stimuluskontroll på sitt (fra stå og fra liggande), bli (doggiezen mens eg kaster godbitar eller ball som ho skal leite opp), fri ved foten (der eg er nøye på plassering og kontakt). Eg kjem ikkje på meir i farten.

tirsdag, mai 22, 2007

Avstandsbelønning og kvifor det funker betre enn vanleg belønning.

Ja, lurer på kvifor avstandsbelønning fungerer betre enn vanleg belønning? Eg skulle trene litt innkomst i kveld, for det er begrensa, VELDIG begrensa kva eg kan gjer med dette kneet mitt. Belønning var leverposteitube, og ho hadde tre skeive innsittar på rad. Ho retta seg opp etter første forsøk, men då eg la tuba (leverposteituba, ikkje instrumentet) på sofaen og ba Olaug klemme ut når eg sa VÆRSÅGOD, kom dei beine innsittane med ein gong. Kvifor det?

søndag, mai 20, 2007

Etterpåklokskap

Eit godt eksempel på kor klarsynt ein kan vera i ettertid:
Eg skulle aldri vore på trening på mandag, eller gått den runden på tirsdag, og eg skulle holdt meg heilt i ro med foten på søndagen etter det skjedde!

fredag, mai 18, 2007

Filosofering.

Det som skjer,

har det ei meining,

eller har det effekt?

Eller er det to sider av same sak?



Når noko skjer, kan ei av og til sjå meininga med det med ein gong. Andre gonger må det gå litt tid før ein kan finne svar på "Kvifor?"

Ein kan sei det same om ein påstår at det som skjer har effekt. Ein kan til og med sei på førehand kva effekt noko vil ha. Det er ikkje alltid ein veit kva effekt eit val vil ha, eller ei hending, men i ettertid kan ein sjå heilt tydeleg kva effekt det hadde.


Kan hende eg berre er utrulig treig, men dette har aldri slått meg før i dag: Kan ein sei at ingenting har ei meining, men at alt har ein effekt?

Besøk hos dyrlegen

I dag måtte me til dyrlegen med Ayla. Øyrebetennelse, hennar første, faktisk.
Gunnhild Ørn på Stavanger Smådyrklinikk er heilt fantastisk med henne, og Ayla har til dags dato ikkje opplevd noko negativt hjå dyrlegen. Gunnhild får sjekke og undersøke og stikke sprøyte og kikke i auger og øyrer og kor det skal vera, og Ayla syns det er heilt greit.

Me fekk beskjed om at Ayla har sopp i øyra, og ein liten betennelse. Sopp!! Sopp?? Me fekk medisin som skal dryppas i øyra morgon og kveld, og så skulle det forsvinne.

onsdag, mai 16, 2007

Om å trå utanfor biletet for å sjå heilheita. (langt og tankefullt innlegg)

I går skulle eg treffe Krissi på Sviland for å prate rottweiler.
Foten var aldeles ikkje god, så eg bestemte meg for at eg ikkje skulle gå særlig langt frå bilen. Vel framme viste det seg at eg hadde kommt først. Etter eit par minutter kom Aud, som også trener i NRH Dio 6. Ho kunne fortelje at Krissi var litt forsinka, så me prata litt hund i mellomtida.. Det er rart, ein ser stort sett det ikkje-problemfylte hundehaldet til andre, og trur ein sjølv nesten er åleine med problemene, og så viser det seg at det ikkje er slik. Dei fleste slit med sine ting, og når eg tenker meg om, veit eg ikkje om hundar som er perfekte. Kvifor har eg ikkje tenkt på det før?

Krissi kom, og måtte lufte Snuppa og Lara først. Eg kunne (med bittelittegranne stolthet) fortelje at Ayla ikkje har problem med tisper, så me slapp alle rottweilerane lause saman. Det blei litt busting og brumling og stive føter, og i ein annan situasjon ville eg nok tatt Ayla vekk derifrå. Her var eg bemerkelsesverdig roleg, og såg at ho har godt språk og var fornøyd med at dei andre hundane forstod henne. Ho viste litt usikkerhet, men saman med Snuppa forsvant ho faktisk nærmare 20 meter frå meg, OG ute av syne!! Det har aldri skjedd før, så Ayla koste seg verkeleg! :-)

Mine planar om å halde meg roleg pga kneet blei raskt forkasta for andre, kjekkare ting ( ikkje så veldig smart, merka eg i dag), og ein halvtime seinare var me tilbake ved bilane igjen.

Då eg køyrde derifrå, var eg full av fornya håp og masse tankar svirra i hovudet. Eg har tenkt og tenkt og tenkt i dag også, og her er ein del konklusjonar:

Sidan november i fjor, og fram til slutten av mars i år, har eg vore i fire begravelsar. Ein av dei mor sin, og ein av dei til ein liten baby. Begravelsar i seg sjølv er ille, men når dei kjem så tett på, og tre av dei er uventa, då tærer det på kreftene på uante vis.
Søvn er nærmast eit framandord, og slikt held ikkje i lengda.
Kan hende problemer ser større ut enn dei er når ein har vore ute i hardt vær ei stund, nettopp fordi ein er så sliten. På gode dagar klarer eg alt livet har av utfordringar og gleder, mens på dårlege dagar kjenner eg meg heilt udugeleg.

Krissi spurde meg om eg er følelelsesmenneske, og det måtte eg jo innrømme at eg er. Kan hende litt i meste laget. Bør eg endre på det? Mykje mulig. Vil eg endre på det? Lite truleg. Eg har vore på andre sida, og eg vil ikkje tilbake. For om ein kjenner nederlag på kroppen, kjenner ein også gledene like godt. I alle fall eg.

Eg og Ayla kan like mykje om klikkertrening, på kvar vår måte. Ho lærer meg like mykje som eg lærer henne, og me jobber godt i lag. Det fristar ikkje veldig å begynne heilt på nytt med ny hund endå. Eg har jo ikkje kome i mål når det gjeld nokon ting med henne endå, og det hadde jo vore utruleg kjekt å kunne stille f.eks i Klasse 1 om eit par år. Me har god tid... Tannvisning skal eg alltids klare å desensitivere henne på. Og som både Maj Brit og Krissi påpeikte, så er ho ikkje til fare for nokon. Ho skremmer bare vettet av folk som kjem brått på...

Sånn som f.eks i forgårs ettermiddag, då var naboane ute i hagen med ungar og barnebarn, og det har knapt skjedd etter at Ayla kom i hus. Ho trur nok ho bur her åleine, og alle som beveger seg i området her er inntrengerar. Då ho såg dei, sette ho i å bjeffe mens ho nærmast hoppa framover med strekt hals og låg hale. Ho stansa seks-sju meter frå dei.
Sjølv om eg kjende at ÅE!ALTSÅ, så var eg heilt roleg inni meg. Ropte først ein gong på henne mens ho bjeffa, og då trur eg ikkje ho høyrde meg. Så ropte eg ein gong til når ho ikkje bjeffa, og då snudde ho og kom tilbake til meg. Ho fekk ros og godbit, og så sendte eg henne ut på jordet for å tisse. Busten var vekk, og ho gjekk og tissa som om ingenting var gale.

Ayla ER ikkje vaksen endå. Kor gamal var ikkje Joey før han blei sånn tåleg bra hund? Eg hugser at eg ikkje lenger hadde lyst til å gi han vekk då han var litt over to år...

Ho er verkeleg ikkje til fare.

mandag, mai 14, 2007

Elleve år!


I dag, for elleve år sidan, reiste me til ein ferjekai for å sjå etter ein knallgul bil som skulle komme av ferja. Det kitla i magen min, for me skulle sjå på ein mnd gamal kvit og brun blanding mellom labrador og islandsk fårehund.

Ferja kom, og av køyrde den knallgule bilen. Dei fann oss kjapt, for me hadde like knallgul bil som dei. Dei stoppa, og lukka ut verdens skjønnaste Joey på 5 mnd! Eg forelska meg momentant, og sa alt eg trudde dei ville høyre for at Joey skulle få bli med oss heim.

Noko rett må eg ha sagt, for han blei med oss heim.

Prøvekluten min. Joeygutten min.

Som var fem mnd for elleve år sidan.

Som er så stiv i beina for tida at han ikkje syns det er überkult å vera med på særleg lange turar.

Som er fornøyd så lenge han får vera nær oss.

Som har vore til så stor glede for meg i alle dei åra.

Og som eg har så dårleg samvittighet for – med tanke på dei første åra med trening då eg ikkje visste betre.



søndag, mai 13, 2007

Fortvila, rådvill, motlaus og lei meg

Måtte sitje på sidelinja og sjå på dei andre i dag. Kneet gjer driiitvondt, og eg klarer ikkje å bøye det. Vetle var med og la og gjekk spor med Ayla, så ho i det minste fekk prøvd seg litt. På slutten av dagen fekk eg tatt litt feltsøk, for då kunne eg berre stå i ro og vente på at ho kom tilbake med gjenstanden. :-)

Og etter at alle hadde gått, sat me igjen med Maj Brit og snakka litt om problemene til Ayla og framgongen frå i haust. Det var nedslåande. Eg har jobba på rette måten, og ho har blitt betre, men i følge henne kan eg ikkje vente å merke stor forbetring frå no av. Det vil seia at eg aldri vil få den hunden eg jobber mot, og at eg må ta eit val ein gong.. Orker eg å ha det slik i eit ukjent antal år? Vil eg klare å jobbe like mykje i alle dei åra som eg har gjort det siste halvanna året? For det er ikkje til å stikke under ein stol at ho krev mykje, og at det er tungt å vera på vakt absolutt heile tida.

Etter det ho hadde observert i løpet av helga, er Ayla redd folk. Ikkje vokting, ikkje dominering, men redsel. Og me snakka om avliving og at det er ein påkjenning å ha ein slik hund om ein er bittelitt hensynsfull. Me snakka om at folk skulle skånas for å bli redd hundar, og eg begynte å grine fleire gonger. Teite, forræderske tårer…

Det var ikkje dei tinga eg ville høyre, sjølv om eg jo likar å kalle meg realist. Eg sa at eg ville jobbe med henne til eg var sikker på at ho var vaksen, og så forholde meg til eit eventuelt valg. Hjarta mitt seier at ho har mange utrulig gode egenskaper, samtidig som ho har eit par svært negative fakter. Eg har aldri visst kva det vil seie å ha ein hund som ein kan møte kven som helst med. Vel.. Tinka var vel slik, men eg hadde som regel Joey med, og då var ikkje den avslappa kjensla der likevel.
Eg har aldri kunne sitja ved ein sti eller veg og slappe av i tilfelle nokon skulle komme bort for å klappe hunden. Og etter mi forståing vil eg heller aldri få det i Ayla.

Eg kjenner eg blir veldig motlaus og trist. Og slik skal då ikkje hundehaldet vera?

lørdag, mai 12, 2007

Brukshundkurs er farlige greier...

Ayla har vore Gullet stort sett heile dagen idag. Eg var veldig nervøs og usikker på koss det skulle gå, men bestemte meg for at eg ikkje skulle fortelje dei andre om bjeffinga og sånt, sånn at me ikkje skulle hensyntas. Då me skulle gå det første sporet, gjekk eg og henta Ayla fra bilen. Alle dei andre stod igjen ved vegen, og då me kom bort dit, lot eg Ayla helse på alle. Ho tok runden og busta bare bittelittegranne.

Me festa på sporlina og selen, og Ayla starta sporet kjempefint. Eg må begynne å setje på kommando der nå, for ho er verkeleg ikkje i tvil om kva ho skal gjer.

Ved sporslutt fant ho frosken fint og kom tilbake til meg med den for å leike. Ette litt leiking, kom ei av dei andre gåande mot oss åleine, og då bjeffa Ayla. Maj Brit ba dama snu seg rundt og Vetle ga henne godbitar. Då Ayla slutta og bjeffa, gjekk me bort til dama, og då var alt i orden igjen. Det var det einaste ho gjorde som kunne avsløre av me har ting me jobber med.

Eg fekk trent på passering av folk, hundar (aussie og cocker og boerboeltispe), og sjølvsagt spor, sporoppsøk, vinklar, motvind (fått masse gode tips til koss eg skal trene i motvind, juhu!) og litt ro og litt kontakt.

Heilt på slutten av dagen stod eg og skulle trene passering av ein boerboelhannhund som også er med på kurset. Eg stod oppå bandet og klikka mens den andre gjekk forbi. Ayla provoserte tydeligvis den andre, som nok gjekk litt nærmare enn ho likte, og dermed drog Ayla utruleg vanvittig i bandet. Eit eller anna skjedde så eg fekk vridd kneet alvorlig. Eg knakk saman og hylgrein foran alle dei andre. Ayla sprang bort til den andre hunden og løyste visst det veldig bra. Eg såg ikkje kva ho gjorde, for eg låg på bakken og som sagt hylgrein mens eg lurte på kva smertehelvete eg hadde havna i. Det gjorde så innih#¤%# vondt, og etter eit visst antall sekunder der eg låg og vreid meg i grusen, kjente eg ei våt hundetunge på kinnet. Ayla hadde kome tilbake, og var heilt rar... Ho skulle i ansiktet mitt og liksom gjer meg blid igjen (ja, eg veit eg menneskliggjer rottweileren min nå, men det gir eg blaffen i, for her sit eg under pleddet med eit kne som verker herfra til evigheten, og det var faktisk sånn det virka; at ho skulle trøste meg og vær der for meg, liksom). Eg fekk stansa den pinlige, teite grininga mi, og den aller mest intense smerten hadde avtatt litt.

Eg fekk god hjelp opp til bilen, og tinga mine blei pakka saman for meg. Ayla var gullgod på veg opp til bilen, og gjekk stort sett like ved meg. Maj Brit ba meg kjøpe frosne erter på den første butikken eg kom til, men eg såg ikkje syn på å gå heilt innerst på ein butikk, når bensinstasjonar generelt har fryseboksen ganske nært inngongsdøra. Det blei derfor pytt-i-panne på Esso. Det kjendes som om det hjalp med ein gong. Då eg ringte til Vetle for å fortelja at eg kom heim skada, måtte eg grine litt til..

Vel heime har eg fått godt stell og deilig deilig deilig (sa eg deilig?) tacos servert. Hundane har vore heilt slått ut i heile kveld, og nå kjenner eg at dagen har vore lang nok.

Alt i alt: Ayla = Gullet, må berre trene meir på hundemøter og passeringar.
Lærdom for dagen: Å stå på bandet til ein rottweiler fører til eit smertehelvete uten like.


Tips frå dagen:
  • Dersom ein vinkel må leggas i motvind, legg tett med godbitar om det er viktig at ho følger sporet nøyaktig.
    Dersom ho går over ein gjenstand, berre plukk den opp utan å gjer noko større nummer utav det. Gå tilbake til apporteringstrening.
  • Ayla takler FINT spor som er over to timar gamle. (så koffor i hekkan får ikkje eg til å legge eit sjepelig spor?!?!?!)
  • Eg kan i grunnen trene sporoppsøk på kvart spor eg legger, og LEGG PÅ KOMMANDO!
  • Stol på hunden! Stol på hunden! Stol på hunden!!!!!!! STOL PÅ HUNDEN!!








torsdag, mai 10, 2007

Tur og avstandsbelønning

Det har vært veldig travelt dei siste dagane, så det har blitt lite effektiv trening. Vetle har hatt influensa og dermed vore heime dei siste dagane, så hverken Ayla eller Joey har mast om aktivitet utover det dei har fått.



I dag tok eg med meg begge to på ein liten tur, ca tre kvarter. På dei fleste turane våre ender me opp med å gå gjennom tunet til Vistnestunet, og kvar gong eg går gjennom der med Ayla, klikker eg for at ho held kontakt med meg og ikkje spring etter fuglane som går fritt der.



Det har resultert i ein stk rottweiler som venter bak meg gjennom grinda, går roleg gjennom den når eg har kome på andre sida, stiller seg bak meg mens eg lukker att grinda, og som går pal ved sida av meg til me har kommt oss forbi alle fuglane.


Vetle kom i møte oss ved lyktestolpen, og eg kunne ikkje motstå fristelsen å trene innkalling med avstandsbelønning. Fekk Ayla inn i utgangsstilling frivillig, og gjekk bort til Vetle, la ein liten haug med godbitar foran han som han skulle ta foten over dersom Ayla sprang bort uten at eg hadde sagt værsågod.


Ayla i sittande, eg gjekk som sagt frå, og stod og venta. Ho sat så klar som det gjekk an, og då eg ga innkallingskommando, rørte ho seg ikkje. Eg la det på konto for uerfarenhet i denne typen trening, og ga ny innkallingskommando. Ho spratt opp og pilte bort til godbithaugen. Vetle var kjapp til å ta foten over, men Ayla tok seg i det sjølv og sprang bort til meg og sette seg i utgangsstilling. Ho fekk værsågod med ein gong, og sprang bort til haugen. :-)

Eg gjentok dette nokre gonger med diverse variasjonar, og kom til denne konklusjonen:
Innkallingssignal må trenas på intenst, så ho verkeleg skjønar kva eg seier og meiner.
Eg må variere på at nokre gonger blir ho sitjande til eg stiller meg inntil igjen før ho får værsågod, andre gonger må ho heilt inn i utgangsstilling.
Kan eg belønne med drakamp, sjølv om godbithaugen ligg klar? Belønne leikinga med godbithaugen?


____________________________

Lørdag er det sporkurs, endelig, og Vetle fantaserer om at han skal vera med. I alle fall på lørdagen og få inn litt teori fra andre enn meg. :-) Han skal ha eksamen om tre veker, og treng å lese, så han blir tvilsomt med på søndagen også.
Det blir litt spennande å sjå korleis Ayla kjem til å oppføre seg, og korleis eg kjem til å reagere på det. Eg har bestemt meg for at ho skal vise seg frå si beste side, og eg skal vera på pletten og belønne kvar minste ting ho gjer utanom å voktevarslebjeffe på folk. :-) Er ikkje det gode mål, så veit ikkje eg!

mandag, mai 07, 2007

Mandagstrening på Gosen Skole

Dagen i dag har vært av det ikkje så positive slaget. Eg lurte faktisk på om eg skulle holde meg heime fra trening i kveld. Eg diskuterte att og fram med med sjølv, og fant ut at eg var klok nok til å IKKJE trene med Ayla dersom ikkje humøret endra seg, og dermed drog eg avgårde.

Eg måtte ha litt hjelp fra Vetle til å finne skulen, men eg var den første som hadde funne den, så eg gjekk ikkje glipp av noko. Hilde og Bente kom samtidig, og før me hadde kome skikkelig i gong kom Veslemøy også.

Ny treningsplass, på grasbane, denne gongen. Eg var ikkje sikker på korleis kontakten skulle gå på gras, men eventuelle bekymringar blei blåst bort med vinden så snart eg tok Ayla ut av bilen. Gullet og drømmehunden var tilbake igjen! Juhu! Fullstendig med, knallkontakt og drømmehundfakter!

Me trente på lineføring, og trente etter Veslemøy sine råd på lørdagen; dersom Ayla kikker vekk eller hoster (pga godbiten) skal eg gå tilbake til like før der ho slapp kontakten, og begynne på nytt. Dette ser ut til å fungere utrulig godt, og i dag gjekk eg elleve skritt med kanonkontakt. På lørdag var gjennomsnittet fem skritt.

Eg veksla på å belønne med ball og godbitar, og når ho får ballen veksler eg på å springe etter henne nokre meter - og på at ho kjem rett til meg og så drakamper me litt. Ved servering av godbitar fungerer det veldig godt å veksle mellom å gi dei direkte til henne, og hive dei så ho må ta i mot i lufta eller kaste dei på bakken så ho må snuse dei opp.

Hilde og Buffy skal på utstilling til helga, så me var med og trente litt utstilling også. Denne gongen var eg ikkje fullt så nervøs, og tok meg faktisk i å kose meg og ønske at det var på skikkelig. :-)

Mens dei andre var "i ringen" fekk eg trent på dekk og bli, og denne gongen med haka i bakken. Eg må begynne å strekke den nå, og holde på kriteriene frå gong til gong... som med alt anna også.

Ellers trente me også på bakpartskontroll, og det låg laaaangt inne. Eg har jo ikkje trent på det på over eit halvt år!

Til slutt sette eg meg ned ved bilen til Hilde, for der var Buffy ute, og Bente og Hilde stod og prata. Ayla la seg rett ned med haka i bakken og låg i ro då Veslemøy og Buddy kom.

JA! Og så trur eg at eg muligens har kommando på å ikkje bry seg om andre hundar... Birk (10-11 mnd gamal Gordon Setter) var litt unghund på ustillingstreninga og herja litt rundt med litt bjeffing og sånt. Då skulle Ayla meine litt om jyplingen, og så glapp det ut av meg: "La vær" Og ho holdt opp umiddelbart og snudde seg rundt mot meg igjen så eg fekk klikka for stillhet og kontakt! "La vær" er det eg seier når ho rett og slett skal la vera å f.eks ete den hesteskiten og heller kome til meg for å få godbit.

Kanskje eg set for høge krav, og at eg rett og slett må tillate tilbakefall. Sjølv såpass ille som det på lørdag. I dag var nemlig drømmehunden absolutt tilbake, sjølv om eg hadde ein dårlig dag i utgangspunktet.

Mens me trente utgangstilling med kontakt, kom det to unge gutar springande mot oss og like forbi oss. Eg klikka som eit uvær, og Ayla sat i ro som om ho fekk betalt for det (det gjorde ho jo ;-)

En god kveld, med andre ord. :-)

Morgentrening.

I dag morges tok eg med meg Frolic på morgenluften. Ho gjekk flott fri ved foten halvveis bort til lyktestolpen, og då ga eg beskjed om at ho skulle gå og tisse. Ho sprang ut på jordet og tissa, og kom tilbake for godbit. Så gjekk ho fri ved foten sakte marsj fram til lyktestolpen, og der stoppa me og trente utgangsstilling. Ho sette seg skeivt to-tre gonger, men så kom dei beine og rette innsittane. Eg sendte henne så ut på jordet igjen for å gå på do, og ho sprang rett ut og gjekk på do. Ho galopperte inn til meg igjen og fekk ein kvart Frolic for det. Heim igjen gjekk me sakte fri ved foten, og då me kom like ved utgangsdøra tok vinden tak i ei blomsterpotte som heng på garasjeveggen. Ho bjeffa og reiste bust, og då putta eg henne inn i gongen. Eg gjekk ut igjen og trente og koste høglydt med Joey i ca halvanna minutt, før eg henta ut Ayla igjen.

Me trente fri ved foten med omvendt lokking, altså eg holdt godbiten i høgre handa og ho skulle ikkje sjå på den. Så tok vinden tak i potta igjen og den laga lyd, og det gjorde Ayla også. Rett inn i gongen igjen.

Siste gongen lea ho berre på øyra då potta skramla, og ho fekk klikk og godbit og masse ros før me gjekk inn alle tre.

lørdag, mai 05, 2007

Lydighetstrening på Sola U. Skole.

Treninga i dag gjekk rett vest. Eg klarte å ødelegge apporten me hadde trent oss opp til, lineføringa gjekk dårlig, kontakten var fullstendig fraværande, ho bjeffa på alt ho trudde kunne røre på seg, ballen var ikkje kjekk å leke med, godbitane var ekle å ha i munnen, og alt gjekk galt.



For kvar gong eg får en kommentar om at det er jo rottweiler eg har skaffa meg, får eg litt følelsen av at eg jobber mot djupe instinkter og at alt arbeidet er fånyttes. Alle timane eg legg i å gjer Ayla til ein trygg og roleg hund kjennes nyttelause. Og er det noko eg ikkje takler, så er det fånyttes arbeid.


Apporten.
Me gjekk litt vekk og skulle trene apport. Fram til idag hadde eg kome så langt at ho gjekk ved sida av meg med apporten uten å sleppe. Eg kunne setje henne, legge apporten framføre henne, og så gå tre-fire meter vekk før ho plukka opp apporten og kom til meg med den.
Ho var ikkje skrekkelig interessert i den, ho ville heller snuse på bakken, og då var det at eg kom på den glimrande ideen at eg skulle trene på at ho skulle halde den betre fast. Jadda, det virka som ein god idè der og då.
Det endte opp med at eg stod og nærmast dytta apporten inn i munnen hennar, og ho ville jo sjølvsagt ikkje ha den då. Eg "vakna" og oppdaga kva eg holdt på med, avslutta økta med å setje Ayla i band, og sendte blogginnlegg fra mobilen om at "Klikkertrener billig til salgs".


Tok meg ei skive og ein kopp te, og så kom det ein gamal mann gåande forbi. Bjeffing til den store gullmedaljen. Så gjekk nokre folk forbi ca 150 meter lenger vekke. Bjeffing igjen. Dermed kom innlegget: "Rottweiler gis bort til dyreforsøk"


Er krava mine for høge? Kan eg ikkje vente at ein rottweiler skal kunne stå i band der me trener uten å vokte og bjeffe på alt som rører på seg?? Eg har ikkje lyst til å ha det sånn at eg må halde eit auge med alt som beveger seg i tilfelle dei beveger seg mot Ayla.

Seinare trente me ein smule meir konstruktivt, og brukte litt avstandsbelønning og varierte meir når belønninga kom. Då eg var ferdig og fornøyd, gjekk me bort til Bente og skulle ha litt ikkje-hoppe-på-folk-trening. Det gjekk heilt fint med avslappa munn, ingen bust, Bente kunne til og med klappe og stryke og Ayla såg ut til å verkeleg like behandlinga. Heilt til Bente skulle gå. Då stilte Ayla seg foran henne og bjeffa. Bente stod i ro, eg fekk Ayla bort til meg, og Bente tok eit skritt lenger vekk. Ayla pilte bort igjen, satte seg foran og bjeffa. Ingen bust, bare bjeffing. Bente stod i ro mens eg fekk Ayla bort til meg igjen i utgangsstilling, og så begynte eg å klikke mens Bente gjekk roleg vekk. Takk og pris for at B er svak for rasen!


Eg veit jo at ho er rottweiler. Men betyr det at uansett kor hardt eg jobber, vil eg aldri få den hunden eg håpte ho kunne bli? Med folk me kjenner og er litt i lag med, er ho perfekt. Ho er då hengiven, kosete, snill og grei og roleg. Hadde ho ikkje vore slik, er eg redd ho ikkje ville vore her i dag.


Men slik det har blitt nå, tør eg ikkje lenger gå der det er mykje folk, eller hundar. Eg klarer ikkje å slappe av lenger, og tar kvart bjeff som eit personleg nederlag, og slik bør det ikkje vera.


Joda, når det går godt, då går det godt, men visse ting har blitt verre. F.eks dette med å bjeffe på andre hundar. Før kunne eg gå rundt Mosvatnet og vera heilt avslappa når folk kom med hund. Nå er det ikkje slik lenger. Nå ser det ut til å bli nye x antal år med å gå på stiar der det aldri kjem folk eller hundar, og gå dei meir populære rutene når været er ille og andre folk held seg heime og inne.


Ho er 21 mnd nå. Kor lang tid skal eg halde på? Det dukker jo opp nye ting heile tida, syns eg. Utan mønster som EG greier å skimte, i alle fall. Kva blir det neste?






I skrivande stund ligg ho i stolen som Vetle har laga til Joey og henne og søv dei uskyldiges søvn.

Dette står om rottweiler fra ulike nettlinkar.

"Females may become problem barkers in order to protect their den."

"Aggression in Rottweilers is associated with poor breeding, poor handling, lack of socialization, natural guarding tendencies, and abuse."

"Nevertheless, this breed is not for the inexperienced or uninvolved dog owner, or anyone who lacks the physical strength to handle the Rottweiler."

"One unusual example of the breed's guarding instinct is a rescue attempt of a woman sinking in a peat bog in County Durham, when rescuers were prevented from saving her when her two Rottweilers began snarling at them. They were enticed away from the scene after being fed with biscuits. The happy ending here occurred despite poorly trained dogs - the owner could otherwise have had the dogs "sit" and "stay." This behavior would be typical of a dog well bonded with its owner, as would be the many unreported cases where burglaries and even murders were deterred by the presence of one or more Rottweilers in a home."

"Although the Rottweiler does not usually bite without provocation, even being cornered and held by one of these dogs is a very unnerving experience."

"Good natured, not aggressive, nervous, or vicious. Courageous, obedient, with natural guarding instincts.The rottweiler with strangers is generally aloof and most times will not come up to a stranger wagging his tail. "

tirsdag, mai 01, 2007

Mandagstrening og tirsdagstrening, faktisk. :-)

I går kveld trente me på apport, konsentrasjon, stimuluskontroll, avstandskontroll (sitt) og target (hovudet under hand).




I dag skulle me møtast klokka tolv i Ramsvik, og her heime var det tåke og overskya og kaldt, så eg kledde godt på meg før me drog avgårde. Eg hadde ikkje kome lenger enn sentrum (3,5 km) før det ikkje var ei einaste sky på himmelen, folk gjekk i shorts og singlet, så eg forbanna havdisen igjen.. dette kom til å bli ein vaaaarm dag.




Vel framme viste det seg at der me skulle trene var ein liten fotballbane med høge trær rundt og eit solid gjerde der skyggen ville komme meir og meir i løpet av dagen.




Me skulle trene på å vera i lydighets/utstillingsringen, og hadde med stolar, koner, dommartelt (fotballmål), og hundar som stod langs sidelinja. Eg fekk altså i dag trent på utstilling, tannvisning, ro i bånd, innkalling, folk som speler basketball og mister ballen bort til Ayla, båndtrening, sitt og bli mens eg går fra for å kalle inn, at folk går forbi våre ting uten å vokte...




Det som forbausa meg aller mest i dag, var då eg skulle ha utstillingstrening. Veslemøy var dommar, og eg var til og med åleine i ringen! Nervene låg omtrent utpå meg, og eg var kjempenervøs! Eg gløymte å belønne, og sjå opp av og til for å sjå kor eg sprang henne, og eg var generelt heilt vekke! Utstillinga i Kristiansand i fjor sit jammen godt i!


Etter at me kom heim har Ayla knapt bevegd på seg, og i alle fall ikkje gidda å bjeffe når det har køyrt bilar ute på plassen her. :-)


Ho gjekk ikkje ut av stova då eg øvde på saksofonen eingong!!!


På lørdag er det på igjen med trening på same måten som i dag, men ein annan plass. Me satser på fint vær då også...