søndag, juni 08, 2014

Og slik gjekk det med debuten i klasse 3.

Laurdagen opprann med skyfri himmel og strålande sol. Eg sov greit på natta, og vakna av meg sjølv rett før klokka ringte.
Emil var i storform, og sidan dommar Hilde overnatta her, reiste me avgårde rett over ti.

Det var 15 startande i klasse 1, og 1 startande i klasse 2 før det var Marit og min sin tur til å briefe banen.

Eg håpa at det ikkje ville vera rygging med, eller snurr, men fekk både rygging og snurr. Heldigvis ikkje den rygginga der me går bakover i lag.
Mens Marit gjekk banen sin, stod eg og varma opp, men eg var så nervøs at den oppvarminga ikkje blei så veldig effektiv, sett i etterkant.
Me entra banen med god kontakt, og det å ta av bandet gjekk heilt fint.
Banen var slik:
1. Sikksakk mellom beina
2. Dobbelthopp
3. 270 grader venstre
4. Høgre sving
5. Sitt – Stå – Ligg
6. Stopp – 180 grader venstre – fram
7. Sitt – gå i fra – innkalling i front
8. Snu og kall inn
9. Venstre sitt
10. Heilomvending
11. Dobbelt 8 tal
13. Stopp – vri 90 grader høgre – stopp.
14. Snurr under marsj
15. Inn i front og rygg
16. Venstre fram
Då eg briefa, hadde eg oppdaga at om eg sette venstrefoten ned ved startskiltet, ville det passe perfekt med første skilt som var sikksakk. Dette stod eg og konsentrerte meg litt om før me starta.
IMG_3819
Fotograf: Tor
IMG_3820
Fotograf: Tor
Sikksakken gjekk hakket treigare enn han pleier, så eg frykta at det var slik han skulle vera resten av banen.
IMG_3822
Fotograf: Tor
Så var det dobbelthoppet, og første hoppet gjekk fint, men så kom han til meg og ville ikkje hoppe over hopp nummer to. Eg visste eg måtte gjer det om igjen, og at det ikkje ville telje som ein repetisjon, men vegring.
Andre gongen gjekk det susande, og det gjorde det heilt til me kom til Sitt – Stå – Ligg. Emil utførte ein Sitt – Stå – Sitt.
Eg repeterte, og måtte bruke dobbeltkommando for å få han opp i stå, men resten gjekk fint.. Phew!

IMG_3827
Så gjekk det greit igjen, til me kom til innkalling. Han sat som ein påle då eg gjekk fra, og då eg ropte “Emiiilkom”. Han sat som ein påle då eg ropte “Kom” igjen. Og han kom heldigvis tredje gongen eg ropte. Eg ser på filmen at eg gjer handsignal samstundes som siste kommandoen. Det er tillatt, men eg skulle jo sjølvsagt gjort det på første kommando, så hadde han kome med ein gong :-)

Resten av banen gjekk som ein draum, og me fekk ikkje fleire trekk. Det blei likevel totalt femten poengtrekk, og det holdt ikkje til napp til Eliteklassen. Neste sjanse for oss er i oktober.
På førehand trudde eg at eg ville bli skuffa om resultatet blei som i dag, men eg blei ikkje det. Målet var å ikkje diske, og draumen var direkte opprykk til Elite.

Me fekk ingen snusetrekk, og dei øvelsane me rota på, er øvelsar som han kan.
Han har ikkje vegra på hoppet før, og det var eg som vaste det til på Sitt – Stå – Dekk. Denne klarer han feilfritt neste gong.

Dobbeltkommandoen er alltids ein risiko på Stå fra sitt, så den var halvveis forventa.
Innkallinga bruker heller aldri vera eit problem, så om det kun blir ein dobbeltkommando på neste stevne, så kan me klare 198 poeng. Må jo sikte høgt! :-D
Og her kjem filmen: