søndag, april 29, 2007

Brukssøndag med vri

Det viste seg at det berre var Veslemøy og eg som skulle trene i dag, så me avtalte å møtast her klokka seks i stadenfor Dale klokka tolv.

Sporet eg la ut for Ayla var ca 120 meter, og gjekk ikkje veldig godt. Eg merker at eg har halde på med litt vel mykje overværssøk etter godbitar, og skal ta meg ein pause i det no fram mot kurset. (eg SKAL klare å ikkje hive godbitar!)

Midtveis låg høna (den me mista oppå taket i Grimstad og som Tove henta ned igjen), og den fant ho på overvær (klaskepanne) og kom til meg med for å levere (jippi).
Skulle tru eg ikkje hadde lagt ut godbitar, for ho fant nesten ingen! Siste del av sporet gjekk over myr, og der fungerte ho heilt perfekt.

Konklusjon: Høna eller frosken må leggast i sporslutt. Ballen kan leggast midtveis. MÅ slutte med overværssøk!!! Eller i alle fall inntil eg veit betre korleis eg skal unngå fellene.
Ho må få eit spor som ho greier å følgje heilt perfekt. Gå litt tilbake i tid, kanskje, og legge eit kort ferskt spor som ho får maks belønning for å følge.


___________________________

Me trente også litt lydighet etter spora var ferdiggått, og eg kunne i dag gå fem-seks meter frå henne mens ho stod igjen, kommandere Sitt, ho sette seg nøyaktig der ho stod, og sat fint til eg hadde klikka og sprunge tilbake med godbit. :-)
Ho greidde også å konsentrere seg sjølv om KariKari sat litt lenger vekke og bjeffa for å få Vetle til å klikke :-)

Heilt til slutt tok me ein fellesdekk, og ho har blitt rimeleg sikker på denne øvinga no. Eg kan begynne å gå litt bak henne og tilføre vanskeligare forstyrrelsar, tenkjer eg.


Me trente også litt hovudtarget med Veslemøy. Funka heilt fint. :-)

Trening langs Mosvatnet

Tok med meg Ayla til Mosvatnet i tolvtida i dag. Eg tenkte at "Eg må jo bare gjer det", og ikkje la frykten for Ayla sine reaksjonar halde meg vekke frå slike plasser. Etter i dag kjenner eg at eg har bittelitt lyst til å gi opp. Men eg må tenke at det GÅR seint, og at tilbakefall VIL skje. Men før dette med hundane begynte, kunne me møte opp på utstillingar og vera heilt trygge på at så lenge det ikkje kom folk bort til oss, så ville alt gå greit. Nå kan me liksom ikkje gå nåken plass uten å ha klump i halsen og at eg har auger i nakken og øyrer som høyrer langt betre enn noko menneskeleg skulle vera i stand til. Og eg klarer ikkje for mitt bare liv å sjå eit klart mønster i adferden hennar. Kvar gong eg trur at SLIK er det, eller DET er det ho reagerer på, skjer noko anna og nytt og me må byrja heilt om igjen.

Turen rundt Mosvatnet blei redusert til trening LANGS Mosvatnet. Kva er det eg gjer feil, tru? Argh, altså!!
Ho gjekk og snuste langs kanten av vegen, og mot oss kom ei dame og ei jente. Ayla gjekk og snuste, og kikka såvidt på dei to. Heilt til dei hadde passert. Då hoppa ho opp mot dama, og kom med EITT bjeff. Fanken, altså! Eg sette henne ned i utgangsstilling, og beholdt kontakten ei god stund. Det passerte haugevis med folk like forbi oss akkurat då, men ho sat roleg. Kikka seg bakover ein og annan gong, og eg hadde mest lyst til å synke i jorda. :-(

Me gjekk eit lite stykke vidare, og så snudde me. Ho fekk ikkje gå og snuse, og hadde kort men laust band. Dama og jenta hadde satt seg på ein benk, og eg gjekk bort og unnskyldte for at dei blei skremt og lirte av meg noko om at Ayla skvatt litt og ligg i trening for nettopp dette. Dama var forståelsesfull og fekk sjå at Ayla ikkje bare var monster.

Like etterpå traff me tre hundar på rappen, og ho bjeffa ikkje på nokon av dei. Den eine var ein schæfer som kom ved ein sykkel, så den rakk eg ikkje å gå vekk frå stien for heller. Eg heiv litt godbitar i kanten, og dermed gjekk passeringa greit.

Ein unge kom også bort og ville klappe, og eg gjekk vekk då far hans kom mot oss. Smilte fint og snakka blidt med Ayla og virka sikkert heilt normal.

Det som er så kjipt, er at eg har hatt elleve år med auger i nakken og overnaturleg hørsel. Eg hadde så lyst til å vera ferdig med det no..

Vel vel.. eit lite hjartesukk frå meg.

fredag, april 27, 2007

Targettrening med hovudet.

På luftetur i går morges kom eg på at eg skulle begynne å trene target med toppen av hovudet til Ayla. Eg vil at ho skal oppsøke hender sjølv, slik ho gjer med haka. Ho legg haka oppi hender som viser handflata opp, om det så er ungdomsjenter, ungar, vaksne, kven som helst. Difor byrja eg å klikke med ein gong handa mi la seg på hovudet hennar. Til å begynne med slikka ho seg kjapt rundt munnen, og etter tre-fire klikk slutta ho med det. Etter ti klikk lot eg handa ligge i eit halvt sekund før klikket kom. Etter femten klikk (ca) haldt eg handa framføre henne for å sjå kva ho ville gjere. Ho la haka oppå handa mi. :-)
Ingen klikk for det, men eg la handa mi oppå hovudet hennar og ho fekk klikk igjen.

Eg gjentok testen, og tilfeldigvis kom snuten hennar under handa mi, og der kom klikket! Etter det kom ho lenger og lenger under handa mi, til ho til slutt gjekk to-tre steg og kom heilt under til handa låg på hovudet hennar.

På ettermiddagen gjentok eg bragden, og gjekk litt fortare fram. I går kveld lot eg Vetle stå og halde handa ut, og jommen gjekk ikkje Ayla rett undar handa hans også! :-) Gullet mitt!



Så eit spørsmål til dei som måtte lese bloggen min og muligens ha ei meining om følgande:

For å få orden på passeringsproblemet til Ayla, som nå går ut på at nesten alt på fire bein skal bjeffast på når me er på tur (kun på tur, ikkje på trening), er det "lov" å snakke henne forbi hunden? Med tanke på referatet fra Clicker Expo i siste Canis der det stod om Keep Going Signal og at det ikkje er viktig i alle samenhengar å tie heilt stille, kan eg ikkje då gjere alt eg kan for å halde på konsentrasjonen hennar? Altså, når eg ikkje har andre alternativ?

mandag, april 23, 2007

Ehmm... det var dei planane, då...

Planar er til for å endras, har eg bestemt meg for.

I kveld trente me på:
* Hinder
* Hinder med andre hundar i umiddelbar nærhet (les: laus Ayla)
* Lineføring med stålkontakt
* Sitt og bli med meg som forstyrrelse (klappa meg på låret, lagde koselydar)
* Ro i lag med Buffy
* Bjeffe på folk som går forbi bilen.
* Bjeffe på ein guttunge som kom springande mot oss.
* Bjeffe litt meir på den ungen
* Lineføring med to ungdomsjenter som forstyrrelse
* Berøring av dei same ungdomsjentene
* Haka i handa til begge jentene
* Ro i lag med Buffy igjen, og med folk og hundar som passerte på rimeleg avstand.

Det kom ei dame med stavar, og me MÅ trene på folk med stavar, for herregud for reaksjon!

Med andre ord: Stort sett vellykka kveld, foruten bjeffing.
___________________________________________



Og så må eg bare ta tyren ved horna og trene der det er masse folk og hundar. Kanskje eg rett og slett skal setja meg nede i byen, setja opp eit skilt ved oss der det står at me trener og om folk vennligst kan halde seg vekke. Eller noko slikt... Det blir i alle fall ikkje betre om eg unngår problemet. Dette veit eg jo.

Å trene på i kveld...

I kveld skal eg prøve å få trent på

* Fri ved foten.( Strekke den lenger enn ho greier i dag.)
* Tannvisning
* Berøring
* Musematte? Target?
* Fellesdekk (ikkje plent på slutten av treninga i dag)
* At folk kommer mot oss med Ayla i sitt og bli (heilt i slutten?)
* Doggie Zen
* Ro
* Hopp (kun fire-seks hopp i tilfelle med rask progresjon)
* Apportbukk (aner ikkje kor langt me er komne her)

Føler meg i eit kortlunta humør i dag, så det blir spanande å sjå korleis Ayla takler det.. (les: kor godt eg greier å skjule det for henne)

Då er planen klar, og det gjenstår å sjå om eg gjennomfører den.

onsdag, april 18, 2007

Min kjære Joey

Neste mnd har eg hatt Joey i elleve år. Ein tredjedel av livet mitt, og stort sett heile mitt vaksne liv. Det er lenge, det. :-) I sine yngre dagar var han spretten og livlig og veldig lydig. Han har alltid bjeffa på andre hundar, ungar og gamle mannfolk og menn med ansiktshår. Og han har alltid slått seg til ro kor enn me har vore. Aldri vore problem å gå frå han åleine. Då han var ungdom, peip han kvar gong han syns han kunne få litt meir aktivitet. Dersom han syns han hadde venta litt lenge i BLI, kunne han begynne å bjeffe. Dersom ikkje lys bjeffing funka, kunne han prøve mørk bjeffing. Han er den einaste hunden eg veit om som kunne bjeffe på ein slik måte at det ikkje var TVIL om at han var møkklei av å vente. :-)

Han har vore grøn fra topp til tå etter å ha rulla seg i møkk. Og han har med bøygd hovud gått ut til magen i elva og lagt seg ned i det iskalde vatnet på kommando så eg kunne vaske han. Han har høyrt på problemene mine, natt som dag. Han har trøysta meg når kvardagen har vore tung. Han har fått meg ut på tur i regnet og snøen og 17 minusgrader. Gjennom dei siste elleve åra er det han som har vore årsak til dei fleste irritasjonane mine. Men det er også han som har vore årsak til dei største gledene mine.

mandag, april 16, 2007

Mandagstrening veke 16. Drømmehundfakter...

Hadde det supertravelt i dag, men rakk alt sånn som eg hadde planlagt.

På trening i kveld var me fem stk, og i løpet av kvelden fekk eg trent på:
* Hopp
* Fri ved foten (uten bånd!!!)
* Fri ved foten uten bånd med forstyrrelsar
* Fellesdekk
* Stå under baklengs marsj
* Tannvisning
* Dekk fra utgangsstilling
* Ro
* Springande støyande ungar
* Leike med andre leikande hundar rundt

Det var ikkje så reint lite, det! :-)

Ho tok aktivt kontakt med folk, logra masse og smilte litt, og oppførte seg fantastisk! Når eg stod i ro, la ho seg ned og slappa av (tilsynelatande, men det er nok for meg). Ein deilig kveld!!

Var heime rundt ti, og då var Ayla nokså ferdig.

søndag, april 15, 2007

Eg tar det eg kan få...

På tur i kveld glimta Ayla til med drømmehundfakter igjen. Me traff ein syklist som kom bakfra, ei joggande dame som me klikka oss forbi, ein familie nede ved sjøen, og ein åleinemann litt seinare. Dei to siste "møtene" gjekk eg litt vekk frå stien, og sørga for at Ayla såg dei på god avstand. Så maskingeværklikka eg til dei hadde gått forbi. Ho satt ved sida av meg då.
Familien passerte ca fem meter vekke, og mannen ca tre. :-)

Når det er sagt, klarte eg å øydelegge brillene mine i dag då eg skulle spele saksofon. "Nokon" la dei oppå bilen min rett før eg skulle køyre, og så datt dei av borti vegen her. Difor går eg no rundt med solbriller inne og later som om blitsregnet kan komme når som helst.. Trur nok dessverre treninga må ofrast i morgon så eg får bestilt meg nye briller. Eller kanskje eg rekk begge deler om eg sløyfer middag? Hmm... den må eg tenke litt på.. (kjem heim ti over fire, Vetle har laga middag kanskje, ferdig til halv fem, køyrer ned til byen, får parkert og er på Brilleland klokka fem, finn meg ei passe innfatning og sånt til klokka er halv seks, og så rekk eg fram til Austrått klokka er seks. Jepp, sånn må det føregå...

Eg må dessuten komme meg heim før det blir mørkt, for eg kan ikkje køyre uten briller, og med solbriller trur eg ikkje eg ser så veldig mykje..

torsdag, april 12, 2007

Jippi!

Juhu!! Det blir nytt brukshundkurs på oss!! Wiiii!!


Når hunden mister sporet og ein går tilbake til der ho sist var på, vil ikkje mine fotavtrykk klusse luktbildet til då?

Koss kan ein trene spesielt på at ho plukker gjenstandar i sporet? Legge eit spor med haugevis med gjenstandar og så belønne for at ho viser interesse, plukker og kommer til meg med dei? Eller bruke dekkmarkering?

Hvis eg konsentrerer meg veldig på å plukke opp ting og levere til meg denne siste mnd? F.eks ute på jordet her eller nedover mot sjøen... Problemet er at i spor er ho så opptatt av å gå vidare, så ho går bare forbi gjenstandane.

Lurer på...

Lurer på om eg kanskje øydelegg sporinga til Ayla ved å gjer for mykje av overværssøk?

Me har funne ein ny favorittleik, ein som Joey også likar å vera med på, nemlig å kaste Frolicbitar i graset. Ein og ein. Ho søker på ein slik måte at ho heilt klart jobber med overvær, og går på nedsida av vinden og lokaliserer Frolicen på det viset.

Eg har ikkje gått spor med henne etter at me begynte med denne leiken, så eg veit ikkje om eg har rota det litt til...

Lurer på kva i alle dagar Ayla fekk i seg i går på turen? Me gjekk langs sjøen, og då me skulle ta av stien opp til Vistnestunet, forsvant ho borti ein steinhaug. Eg og Joey gjekk vidare, og etter eit par minutter kom ho gallopperande opp til oss. Då stinka ho diesel eller bensin eller olje av kjeften, og eg fekk lettare panikk. Me rusla oss heim, og Vetle fekk lukte. Han kunne kjenne noko svakt, og trudde ikkje det kunne vera frostvæske.

Seinare på kvelden fekk dei mat, og ein time etterpå gjekk eg i dusjen. Då eg kom ut i stova igjen, lukta det verkstad, og på golvet låg ein plaspose med oppkast i. Ayla hadda spydd opp all maten, og det stinka (!) diesel/bensin/olje i heile stova!
Lost skulle akkurat til å begynne då eg ringte veterinærvakta. Ho som svarte trudde det kanskje kunne vera ein oljeskada fugl, og at det ikkje var fare for hverken liv eller helse anna enn litt diare. Eg skulle også gi henne brød, og sørge for at ho hadde nok å drikke.

Etter telefonsamtalen kledde me på oss og tok hundane med ned til sjøen for å prøve å finne ut kva ho hadde fått i seg. Dei var i band denne gongen.
Då me kom ned dit, kjente eg lukta lang veg, og tok mag-liten med meg og gjekk bort der ho hadde stått og snust. Eg kunne ikkje sjå noko oljefat eller bensinfiller, men eit eller anna var klint utover nokre steinar. Og dette ukjente greiene hadde mistenkelige gnagespor av rottweilertenner på overflata. Det såg ut som størkna maling, og lukta heilt forferdelig sterkt.

Vel heime igjen ringte eg dyrlegevakta opp igjen for å fortelje om dei nye oppdagelsane, og ho meinte fortsatt at det ikkje var fare for anna enn diare sidan ho hadde spydd allereie.

Difor sov eg på sofaen i natt, slik at eg kunne sleppe henne ut om ho måtte på do fort. Det måtte ho ikkje, og då ho var på do i dag morges før jobb, var avføringa fast og fin og lukta ikkje av anna enn hundebæsj.
Formen har heile tida vore fin.

Lurer på om fleire enn meg forsøker seg på det eg gjorde i går. Eg fekk mail fra Canis om at klikkerTRENERkurs-elevar 2007 får 20% rabatt om dei melder seg på seminaret med Bob Bailey til hausten. Sendte spørsmål om kva med dei som gjekk i fjor, får dei også rabatt? I dag kom det svar at joda, det gjer me! Juhu!! Då kostar det 1560,- i stadenfor 1950,-! Meir pengar å shoppe for på fredagen, det!

Lurer på korleis Ayla kjem til å reagere på å bli åleinehund.. I løpetida, når ho må sove åleine på rommet sitt, kjem det ikkje så mykje som eit knyst frå henne, så kan hende det vil gå heilt knirkefritt når det ein dag skjer?

tirsdag, april 10, 2007

Kveldstankar



Eg sit i sofaen og kjenner noko varmt legge seg oppå foten min. Det er hovudet til Ayla. Ho kjem ikkje nært nok i kveld. Nokre kveldar vil ho mest som krypa inni meg og bare kose og kneke og vera. I kveld er ein slik kveld.





I kveld fraus eg slik på akkurat den foten, og så kom ho og la seg oppå den. Godjenta mi...









www.etologi.no skriver Randi Helene Tillung om det å sørge over kjæledyr.



Det er over fire år sidan eg følgde Tinka til hennar siste veterinærbesøk, og det gjer vondt endå. Ein dag om ikkje lenge blir det Joey sin tur. Om forhåpentligvis mange år blir det Ayla sin tur. Men den dagen eg må ta den tunge turen saman med Joey, den dagen kvir eg meg slik for at eg ikkje er sikker på om eg klarer det. Han blir merkbart eldre fort no. Han ser dårlegare og høyrer ikkje alt lenger. Eller han har selektiv hørsel. Eg har ikkje heilt bestemt meg endå. Han kan ikkje vera med på litt lenger turar, for då blir han utmatta og trøytt og orker ikkje eingong å ete på eit par dagar. Han klarer fint to-tre km, men ikkje lengre enn det, og ikkje kvar dag.



Han kom inn i livet mitt i 1996, året etter det som i beste fall kan seiast å vera mitt livs verste år, og har vore med gjennom tjukt og tynt i alle år. Eg har aldri kunne slappe av 100% når eg har hatt han med meg rundtomkring, men eg har aldri kjent meg tryggare enn når han var der. Han har tatt i mot tårene mine mange gonger. Lattertårer også. Som den gongen han kom ut av kjøkenet og sette seg i korga med eit blikk som kunne smelta is. Han bare sat der og kikka i lufta, til eg til slutt merka at han hadde noko i munnen. "Ka du har?" spurte eg, og så spytta han ut ei halv pølse han hadde funne i søpla! Han har verdens skjønnaste blikk av og til, og eg klarte ikkje å ta frå han den biten... Han fekk ein god rusk i pelsen (ein sånn "godgutten-te-mor-rusk) og så sa eg Værsågod. Først då åt han den. :-)



Eg har mange minner om han. Og det gjer vondt langt inn i sjela at eg ein dag ikkje skal hugse korleis han luktar lenger. Dei siste dagane til Tinka gjekk eg og snuuuuste og snuuuste i pelsen hennar for å legge meg det på minnet, men det er borte no. Det er så vondt å tenke på at eg ein gong skal gløyme korleis Joey lukter.



I diktet "Avskjed" skriv Inger Hagerup om ein mann som bryt opp med kjærasten sin og prøver å trøyste henne med at ho snart kjem til å gløyme han når berre hausten kjem. Ho svarer at det er nettopp det som gjer henne så trist, det at ho kjem til å gløyme det som er han.

Er det då betre å aldri ha kjent eit varmt hundehovud på foten? Eller lagt nasen i halsgropa til hunden sin og kjent den varme gode lukta som gjer så godt i sjela?







Vi holder livet -

Vi holder livet i en knyttet hånd.
Vårt hjerte må bestandig ha det sånn.


Det tåler gjerne spott og overlast
når bare det får holde noe fast.


En mann, et barn, en drøm skal være vår
og evigheten måles ut i år.


For i vår gåtefulle blinde angst
blir alle ting erobring eller fangst.


Vi bærer skrekken med oss natt og dag,
den bleke skrekk for hjertets nederlag.


***Inger Hagerup***


mandag, april 09, 2007

Luksusproblem?










I løpet av dei siste dagane har eg funne ut at eg trur Ayla har blitt FOR flink til å gå i bånd oppe på vegen. Ho går pal ved sida av meg, lar ikkje båndet bli stramt, og snuser lite langs grøftekanten. Sjølv når eg seier "Gå og snus", vil ho ikkje snuse der. Seier eg det når me går ved sjøen, gjer ho det med ein gong, og stramer båndet og gløymer seg ut ofte. Men ikkje ved vegen.

Halen er halvhøg og det ser ut som om ho koser seg. Klikka kjem sjeldnare og sjeldnare, men eg belønner framleis godt når det kjem bil, syklistar, joggerar og ho stanser opp for å tilby kontakt.

Korleis får eg henne til å gå bandet ut, halde det slakt, OG lese avisa?

__________________________

Har sendt mail til Fokus Hundeskole om der er plass til meg på brukshundkurset i mai. Dei var i ein annan verdsdel og skulle sjekke når dei kom tilbake igjen.
Eg vil så gjerne lære meir om spor og teknikk og kor eg skal gå vidare frå det ho har lært!


__________________________


I kveld tok eg henne med bort til lyktestolpen og trente stå under marsj, doggie zen, "feltsøk", og hadde ei vellykka treningsøkt! Ayla var i alle fall sliten og rolig resten av kvelden. I min verden er det alltid ein god ting! :-)

Nå er påska over, og kvardagen starter igjen. Det betyr opp klokka 06:20, så kva i all verden sit eg her og skriv i bloggen for når klokka er halv tolv på natta??? :-)

fredag, april 06, 2007

Om å oversjå det soleklare.

Sidan i haust har eg brukt ein sele der me må løfte eine foten til Ayla oppi ei av "løkkene". Kvar gong me har tatt den på, har ho stått urolig og gjerne gapt over hånda mi på ein sånn rottweiler-herje-måte. Eg har kvar gong tenkt at dette må me jobbe med, men då er jo selen allerede på, og problemet gløymt til neste gong eg står og skal gå tur. Ute av syne, ute av sinn.

Så, i dag, sliter eg og Vetle litt med kva me skal finne på (luksusproblem, spør du meg), og eg kjem på at eg har jo litt kalkunkarbonade igjen frå turen i går kveld, og selen ligg i gongen.

Eg begynte med å halde selen eit stykke frå henne, og klikka når ho kom nærmare den. Så ville eg at ho skulle putte hovudet inn i halsdelen. Deretter skulle ho stå i ro når eg la den heilt ned på skuldrene hennar. Så klikka eg for at ho stod i ro mens eg førte handa mi nedover beinet hennar. Og så løfta eg foten hennar opp av golvet maaange gonger medan ho stod i ro. Heilt til slutt løfta eg foten opp for å ta på selen.

Me tok pause.

Vetle måtte også opp av sofaen og teste dette nye som Ayla nå hadde lært, og det gjekk også heilt strålande. Det hadde vore utrulig deilig å kunne ta på den hersens selen uten så mykje styr!! Og eg kan ikkje fatte at eg ikkje har gjort dette tidlegare!! :-)

Skal me sjå... kva andre ting kan eg gå i gong med av sånne kvardagsting?


Eg elsker klikkertrening!!!!!



Ang løpetid: I natt sov dei ikkje adskilt, og det var roleg heile natta. Faktisk til me stod opp klokka ti over tolv!!!!! :-O

torsdag, april 05, 2007

Statusrapport.

Me kom heim frå Aberdeen på tirsdag ettermiddag, og me kjørte rett til kennelen for å hente Ayla ut. Mandagen sendte eg melding til dei og lurte på koss det gjekk. Fekk svar at ho og hannhunden ho stod med nettopp hadde vore ute og lufta seg og at dei var blitt bestevenner. Det gjorde godt å høyre!

Tirsdag ettermiddag kom me som sagt rett frå flyet til kennelen. Me sneik oss fram til båsen der ho og estrellaen stod, og dei såg riktig så komfortable ut med kvarandre.

Han slapp Ayla inn, og då stod eg inne i båsen. Då ho kom inn, kjende ho meg ikkje att med ein gong, og viste ingen reaksjon i det heile. Ho tok to-tre sniff av kleda mine (som alle var nye frå Aberdeen), og så begynte ho å kvine og var ekstatisk! Stakkar, ho visste ikkje kor ho skulle gjer av seg! Ho gløymte heilt ut å sette seg før helsing, men så var det akkurat som om alt kom tilbake, og ho forsøkte så godt ho kunne å sitte mens ho kvein og logra og ville slikke handa mi.

Då eg skulle gå, spurte eg om agilitybanen deira, og kven som kan komme og bruke den og kva det eventuelt ville koste. Då seier han at det er gratis for kven som helst, og i tillegg kan ein bruke grasplenen som er inngjerda, så lenge det er etter klokka fem. Fram til då blir området brukt av han sjølv og dei hundane som eventuelt er på kennelen til ei kvar tid. Det einaste som mangla av hinder var mønet og bommen. Resten var på plass.

Eg trur jammen meg eg har lyst til å prøve meg! Sånn for løye, liksom! :-) Slalåm ser jo ut til å vær litt av ein utfordring...

Joey hadde som vanlig hatt det heilt topp hos husvertane, og gjensynsgleden mellom han og Ayla var særdeles stor! Joey og husverten hadde vore ute stort sett heile dagane, og Joey hadde rusla rundt her laus. Eit par gonger hadde han sett hundar enten på Tunet eller over jordet her, og hadde kun lagd litt lyd som kunne indikere på at han ville bort for å helse (husverten sine ord), men ingen teikn til å ville bort for å krangle.

Me gjekk ein lang tur på lørdag for å slite ut begge hundane, men for Joey var den nok i lengste laget. Han åt ikkje mat før på mondagen etterpå. Me får korte ned turane for ettertida når Joey er med.

Slike erkjennelsar gjer litt vondt. Han skal jo vera med når me kjøper småbruk i Danmark... (felles draumefantasi til Vetle og meg, og altså ingen konkrete planar). Han skal ikkje bli gamal, og skal alltid vera like sprek som då han var tre år.
Eg kjenner meg velsigna som har fått ha han så lenge. Han har ikkje vore den enklaste hunden å trene, sjølv om han har vore lettlært, men det er han som har lært meg mesteparten av det eg kan om hund. Ayla har lært meg resten. Til nå.

I kveld var me på tur igjen, og den var ikkje for lang. Han koste seg og snuste og har i kveld vore veldig kosete etter me kom tilbake. Skjønne hunden min!!! :-)



Når det gjeld Ayla og virkningar av kennelopphaldet, kan det sjå ut som om det har gått heilt fint. Ho var særdeles klengete resten av tirsdagen, men i går og i dag har ho vore heilt som normalt. Då blir det litt enklare å setja henne der igjen når me skal til Oslo i september.

søndag, april 01, 2007

Bange anelsar

Sitter i bilen nå, og har nettopp levert Ayla på kennelen. Ho blei satt i lag med ein estrela hann som var rolig og fin, og møtet med han kennelfyren gjekk også over all forventning.

Eg følte meg som DEN hønemora, og det skar i hjertet når ho hoppa opp på grinda og såg ut som om ho lurte på kvifor eg ikkje lukka henne ut igjen. :-(

Joey trudde nesten han skulle dø av lykke då han skjønte at han ikkje skulle i bilen. Svigermor fekk endelig sjå kvifor me ikkje har tatt med Joey når me har vore nedover til Sørlandet.

Håper dette går bra, og at ikkje alt arbeidet mitt blir ødelagt.. Og at eg klarer å kose meg på turen. :-(