
Eg foreslo ein langtur seinare med Ayla, og valget falt på Dalevatnet
Me parkerte bilen fem over tre og begynte turen oppover mot vatnet. Stien var brei og fin, men med millioner av svære digre blodtørstige maur. Eg noia litt, det skal eg innrømme, og jogga vel meir enn eg gjekk.
Været var slik at Ayla peste fra me gjekk frå bilen og til me kom att, og både Vetle og eg gjekk i singlet.
Me traff ikkje så mange folk, men dei me møtte gjekk det greit med, heilt til Vetle måtte spørje ein mann om kor langt det var til me var framme. Då bjeffa ho to gonger og trekte i

Vel oppe fekk eg Ayla til å gå ut vatnet til knea. Det var ekkelt, men litt kult også så lenge ho kunne drikke uten å bøye nakken.
Me åt nista vår, og Ayla rygga og dekka og sette seg for bitar av ei halv skive.

Me brukte to timar og åtte minutter på turen.
Vel heime tok eg med meg Ayla ned til Elna og avtalte med henne at eg skulle begynne å ri hingsten hennar når eg kjem heim frå ferie. Juhuuu!!! *sa ho med skrekkblanda fryd*
Den er svær og diger og nydeleg og det er lenge sidan eg har ridd noko... Satser på at eg husker koss det var.
Rolf kom, og då bjeffa Ayla på han. Det plar ho ikkje gjera, men han bar på noko og såg sikkert annleis ut. Ho busta ikkje, og halen var ikkje låg. Det såg ikkje ut som om ho var


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar