tirsdag, november 13, 2007

Mandagstrening igjen!

I posten låg det pakke til meg i går, og det var PIF-gaven fra Siv! Ho hadde sydd hundeveske til meg i eit superkult mønster, og det var lomme oppi den og alt! Godbitar og bæsjeposar fulgte med, og stoffet var lett å vaske og eg kan sette det på fuktig/vått underlag uten at det trekker inn. Bildet kommer seinare i dag, for den var såååååå kul! Tusen takk, Siv!!
Og så hadde ho skrive eit rørande kort, som eg også blei kjempeglad for! :-)

Pakka ting og tang nedi veska og tok den og Ayla med meg på trening. Det er to veker sidan forrige gong, så Ayla var rimelig gira!
Eg hadde knallkontakt fra ho satte foten sin på asfalten og til eg satte ho i bilen igjen!
Me trente på stå under forlengs marsj, og eg trente med henne laus (!) med bandet hengande etter henne, sånn at ho fekk springe til avstandsbelønningen. Der var både små og store hundar ute og trente, og der var også ungdommar som spelte fotball inni ein ballbinge. Ho ensa knapt nok dei folka som gjekk forbi oss, og eg kan ikkje få sagt kor fornøyd eg var med den første økta. Me trente også litt kontakttrening ved framande mennesker, og ho var laus og fin i munnen, og virka ellers avslappa og konsentrert.

Andre økta fortsatte eg på stå under forlengs marsj, og belønna med jutepølse. DEN var stas!! Ho knurra og eg herja med henne og ho stooooorkoste seg! Eg trente mykje lenger økter enn eg pleier, og ho mista ikkje interessen for verken godbit eller jutepølsa.. Denne økta var ho også laus, men eg er ikkje heilt klar for å koble henne av bandet endå, merker eg.
Eg fekk Veslemøy til å ta full tannvisning, men det gjekk ikkje heilt bra. Ho hadde nemlig noko fiskegreier i lomma, og det var mykje meir interessant enn mine kjedelige kalkunpølsebitar. Ayla blei heilt vekke i dufta, så det trur eg eg må trene litt på, ja. :-)

Tredje økta blei det meir stå under forlengs marsj, men nå skulle Ellen Beate klikke for meg, sånn at eg kunne sjå framover, men Ayla likevel ville få presise klikk. Dårlig forklaring fra meg til å begynne med gjorde at det ikkje blei heilt vellykka, men det kom seg etterkvart. Veslemøy kom til, og la merke til at Ayla hadde betraktelig raskare og beinare stoppar frivillig enn når eg sa Tååååååå. Hmm.. merkelig…

Etter eit par kjappe repetisjonar med TÅ! i lysare stemme under baklengs marsj, blei resultatet langt bedre, ja! :-) Det hjelper å ha folk som ser på! Juhu!

Då eg køyrde heimover, bobla eg nesten over av stolthet av den flinke hunden Ayla har blitt! Det var nesten så eg var litt forelska i henne ;-P

Jaja, eg valgte å nyte det så lenge det varte, eg. :-)

Då me kom heim, hadde Vetle bygd trapp opp til senga til Joey. Joey har nemlig hatt litt vanskelig for å gå opp i senga på hunderommet i det siste, og då han fant ut av det med trappa, var det akkurat som om han smilte med kroppen, og stolt kunne gå oppi uten å streve sånn.

I morgon skal ho ha vaksina si, og då skal eg ha med Joey også, for å spørje om den klumpen hans på halen.

2 kommentarer:

  1. Hei på deg!

    Ser du er forelska om dagen ;o) Ikke rart man blir forelska når bisken er så dyktig som det du beskriver her!
    Jeg holder en knapp på at dere kommer til å fortsette i samme gode trend :-D

    SvarSlett
  2. Ja, hun har blitt så rolig og deilig og treningsvillig, altså! I går var vi hos veterinæren for vaksinering, og ut fra et av rommene kom en buldrende schæfer. Den bjeffet og hang i båndet, og Ayla ville til å svare, men så fikk jeg klikket og puttet noe snadderbiter i munnen hennes, og dermed fremstod jo hun som DEN perfekte rottweileren. ;-) Hun rakk ikke å bjeffe før hunden var ute, så timingen var perfekt slik. ;-)

    Litt flaks må man få lov til å ha.

    SvarSlett