mandag, oktober 12, 2009

Å gi medisiner til ein hund.

Veldig mange hundeeigarar opplever at hunden blir sjuk ein eller fleire gonger. Denne opplevinga kan enten vera heilt ok, eller ganske ekkel for hunden. Me kan gjer ganske mykje for å gjera det greiast mogleg for hunden, og som med det meste anna her i livet, gjeld det å vera føre vár.

Å gi medisiner til ein hund kan vera litt av ei bragd. Eller det kan vera eit stykke kake, eller piece of cake som dei seier over fjorden.
Av medisiner fins det mange variantar, og den vanligaste er nok tablettar. Ellers er det pasta ( ei tjukk smørje av ubestemmelig konsistens), pulver, flytande gusje, stikkpiller, sprøyter, og muligens eit par andre variantar som ikkje eg har kreativitet nok til å komme på.

Eg skal konsentrere meg om dei vanligaste formene.

Nokre tablettar skal gis saman med mat for å unngå at hunden får dei på tom mage. Korleis skal ein gjer dette dersom hunden f.eks ikkje ønsker å ete?
Eit alternativ er å dytte tabletten langt nok ned i halsen til hunden så den ikkje greier å spytte den ut igjen. Akkurat kor langt dette er, det veit eg etter første forsøk. Dei har alltid klart å krølle tunga på ein slik måte at tabletten har kome ut att. Gong nummer to har eg stappa fingen så langt ned i halsen deira at dei nesten brekker seg. Heldigvis har eg ikkje trengt å gjer dette særlig mange gonger. Det er ikkje nokon hyggeleg måte å få servert nødvendige medisiner på.

Korleis skal ein gjer då?

* Ein kan knuse tabletten før ein legg det på tunga til hunden. Då er det ikkje så lett for hunden å spytte det ut.
* Sjølv om ikkje hunden vil ha sin eigen mat, kan det hende at det går an å lure i den noko snaddermat. Legg tabletten(e) på eit fat og klem litt leverpostei eller makrell over.
* Lat som om det er ei belønning, få hunden til å gjer noko, og server tablettene saman med ein godbit med mykje smak.
* Hvis ein ikkje klarer noko av desse andre måtane, og MÅ tvinge tablettane i hunden, pass på å halde snuten (forsiktig) lukka ei stund så hunden må svelge eit par gonger før ein slepper taket.

Alt dette høyres enkelt og greit ut, men det er nødvendigvis ikkje det når hunden først har blitt sjuk. Difor kan det vera lurt å starte treninga lenge før hunden blir sjuk, for så å håpe på at me aldri treng å bruke desse ferdighetene. Ein kan altså trene både bevisst og ubevisst på å medisinere sjuk hund.

Når ein får kvalpen heim, begynner ofte den aller første treninga: me gir kvalpen ein godbit frå handa.

Den gode og flinke kvalpeeigaren, venner kvalpen til å bli sett i munnen. Den lure og smarte kvalpeeigaren, venner også kvalpen forsiktig – litt om litt – å bli haldt rundt snuten. Opp gjennom oppveksten til kvalpen, sit ein gjerne ofte på golvet og koser med den. Då kan ein passe på å halde rundt den i korte økter mens den er avslappa. Hundar flest syns ikkje det er så kult å bli haldt rundt, men ein kan trene dei til å takle det. I ein nødsituasjon, der ein ikkje har anna valg enn å halde dei i ro, vil dei dermed kjenne att situasjonen og ha mange minner frå å bli haldt rundt i avslappande augneblink. Dette kan føre til at hunden får mindre panikk, og undersøkinga/medisineringa/behandlinga som krev at hunden ligg roleg, ikkje blir så traumatisk som den raskt kunne blitt.

Kosestundene kan også nyttast til å lære hunden nærmast å slappe av på kommando. Når kvalpen ligg på golvet og slapper av, liksom litt sånn velta over på sida, eller i fanget (for dei som har små hundar), stryk den langs munnvikane og nedover langs sida og ribbeina. Kvalpen skal vera avslappa og søvnig heile tida. Rolege rørsler. Når ein ser at kvalpen er heilt hinsides og nesten søv, sei med låg og avslappa stemme ”Roooooooliiiiiig…” mens ein stryker. Sei det om og om igjen på same måten kvar gong. Dersom kvalpen ser ut til å vakne til, slutt å stryke og slutt og seie ”Rolig”. Dersom hunden ikkje ser ut til å like å bli kost med på denne måten, forsøk å stryke framme på brystet - opp og ned, framleis rolege rørsler. Ikkje alle hundar liker å bli kost med på sida av kroppen.


Men kva skal dette vera godt for? Vel, det kjem særdeles godt med når me står hjå dyrlegen og hunden treng å ligge for å bli undersøkt. Dersom me ”sparer” trikset til dei gongene, og er flinke til å trene på ”Rolig”, vil hunden takle situasjonen mykje betre. Joey sovna nesten hjå veterinæren ein gong eg prøvde dette med han. Han hadde fått skada ei klo, og veterinæren syns det var best om han låg. Eg ba han leggje seg på bordet, begynte å stryke og seie ”Rooooliiiig”, og sjølv om veterinæren haldt på med kloa og foten, så lukka Joey augene og begynte å puste tyngre. :-)

Når me trener med godbitar, får ein mykje gratis som ein kanskje ikkje tenker over der og då. Men jo meir me trener med hunden, desto meir hjernevaska blir den på at det me serverer som belønning er gode greier. Om det brått ligg eit par tablettar mellom godbitane, er det ikkje sikkert hunden registrerer det, eingong. Den er så vant til å berre sluke alt den får, at det meste går ned på høgkant. (Med mindre det er rå scampi, steikt brosme, eller årets første jordbær. Helsing Ayla.)

Å pakke inn tablettar i ei skinkeskive, går dårleg her i heimen. Tablettane ramler ut stort sett kvar gong. Pasta (ZooLac, ormekur, o.s.v) er derimot enkelt å servere via skinke.
Ein stor pølsebit, kjøttkake, fiskekake, klump med skånefor på boks og andre liknande substansar er kjekke å stappe tablettane inni.
Pasta kan ein servere på fat med leverpostei over. Eller bare klemme det ut på fingen og stryke det av på tunga til hunden.

Eit godt tips til kreative tankesjeler som meg sjølv: Få nøyaktig instruksjon om kor ofte og korleis medisinene skal leveres. Då Ayla skulle ha smertestillande etter steriliseringa, stod dette på pakken: ”To tabletter daglig.”
Når mi erfaring då er at antal tablettar skal fordelast ut over dagen, gjerne i forbindelse med måltider, tolka eg det slik at ho skulle ha ein tablett til kvart måltid. Ikkje visste eg at Metacam virker i 24 timar og at to tablettar er det ein rottweiler på 45 kg må ha per gong for at det skal fungere skikkelig. Altså: Få nøyaktige instruksjonar om medisiner og stell.

Ofte blir det nødvendig å dryppe medisiner i øyra eller auga, og då er det særdeles nyttig om hunden er vane med å bli håndtert. Ekstra enkelt blir heile opplegget om ein trener inn at hunden skal halde haka si i ei utstrekt hand.

Der er mange ting ein skal trene på når ein får hund, men desse øvelsane angrer ein sjeldan på når først hunden har blitt sjuk:
* å bli tatt på potane, mellom tærne, og klosjekk/klipping
* å bli undersøkt i auger, øyrer, munn
* å bli undersøkt på pungen (hannhundar), eller rundt kjønn og pattar(tisper)
Dette er noko ein kan trene på inne, når kvalpen likevel er rolig og søvnig, og dersom ein starter heilt forsiktig med å bare ta på hunden på ulike plasser kvar dag når ein likevel koser med den, får ein mykje gratis. Og gratis er kjekt!

Det er ille nok å ha sjuk hund, men eg må seie at det hjelper godt å sjå at hunden syns det er heilt greit å bli snudd og vendt på og me ikkje treng å tvinge den til noko. Alt er vande situasjonar, ingenting er ukjent eller skummelt. Dessutan får ein ofte skryt frå veterinærane når ein har gjort ein god jobb på eigahand. Det gjer jo jobben deira mykje enklare også. Dei får undersøkt ein nesten avslappa hund, i staden for ein hund som står og spenner seg og reagerer på berøring – ikkje fordi det er vondt, men fordi det er ekkelt og ukjent.

Håper ingen får nytte av desse tipsa, for me vil ha friske hundar! :-)

1 kommentar:

  1. Som vanlig svært godt skrevet!!! En ting jeg har lært Zelante - og som jeg først i ettertid ser hvor genialt det var :-) Er å legge snuten i handa mi når jeg holder den frem. Jeg lærte henne det mht når jeg skulle barbere snuten, men det er perfekt utgangspunkt for undersøkelser av øre, øyne tenner, hode....

    SvarSlett