fredag, september 03, 2010

Korleis få mest mogleg ut av ein kurskveld?

Hausten er storsesong for kurs, og sjølv går eg grunnkurs hjå Amokk for tida. Eg ser at fleire av dei eg følgjer bloggane til også har starta på kurs no. Derfor tenkte eg at eg ville dele nokre erfaringar og tankar om korleis ein kan få mest mogleg ut av kurskvelden.

* TREN MELLOM KURSKVELDANE. Dette er det første og beste og mest effektive rådet for korleis ein kan få mest mogleg ut av kurskvelden. Tren heime, fem minutter om dagen, og sjå framgong. Når kurskvelden så kjem, kan du spørje instruktøren om hjelp vidare.


* Ingen aktivitet whatsoever dagen før. La hunden bli sugen på samarbeid med deg. Eg har erfart at om hunden har sprunge villmann med andre hundar, vore på utstilling, gått eit anna kurs, eller gjort noko anna som har slite ut hunden, så yter den ikkje fullt på kurskvelden. Hundar blir også slitne, og dei treng å hente seg inn att.

Hunden treng ikkje matast rett før kurset. Får den mat to gonger om dagen, er det greit å gi frukost, men på ettermiddagen er det best å drøye maten til etter kurset dersom den i det heile skal FÅ måltid nr to. I løpet av ein kurskveld blir det servert mykje godbitar, og då kan dei heilt fint erstatte måltid nummer to. Har hunden maten ståande framme heile tida, ta den vekk kvelden før kurset, sånn at hunden er maks motivert.

* Jo betre belønningen er for hunden, desto betre jobber den. Med andre ord, ikkje vær gnien eller nøpen. Likar hunden blaut kattemat og jobber godt for det, ja, så belønn med blaut kattemat.

Ha med meir enn ein type belønning. Om det er godbitar eller leiker, eller aller helst begge deler, ha med fleire sorter. Om hunden syns ballen er kjempekjekk heime, er det ikkje sikkert at den er fullt så spennande på kurs med mange andre hundar i nærleiken. Det kan vera tryggare for hunden å kampe om ei leike med tau i. Og om pølse er det beste hunden veit på stovegolvet, kan ein måtte ty til leverpostei på kurs.

* Hold god avstand til eventuelle leikekameratar. (Det er fort gjort å bli ståande ved dei ein kjenner, for eigen trygghets skuld, men hundane som er vane med å leike med kvarandre har vanskeleg for å konsentrere seg).

* Ta hensyn til hunden og kva den treng for å ha det greit på kurskveld. Luft den godt før kurset byrjar, og gjerne eit par gonger på veg til eller frå bilen etter pause. Ha med drikke hunden kan få tilbud om.

* Ta HYPPIGE pausar. La hunden få gå i bilen og slappe av, ikkje stå bunden ved treningsbanen eller berre stå i band attmed eigar. Ha eventuelt bur som hunden er vane med å stå i.

* Når ein ikkje trener eigen hund, observer og følg med på andre som trener. Gjerne nokon som har kome litt lenger enn ein sjølv. Tatle (det betyr "å småsnakke" for dei av dykk som ikkje har nynorsk som hovudmål :-) kan ein gjer etter kurset.
 
* Pass på at hunden er frisk. Sjuke hundar trener dårleg. Då er det betre å la hunden vera heime, og møte opp på kurs åleine. Ein lærer like mykje, om ikkje meir då.  
 


* La hunden bli van med at på kurs leiker me ikkje med dei andre hundane. Ei kort snusehelsing på ein forbipasserande er greit, men så skal me jobbe vidare.

* Dersom ikkje instruktøren gir lekse til neste kurskveld, gi deg sjølv lekse. Det er godt for motivasjonen å ha eit spesifikt mål å jobbe mot
 
* Når instruktøren snakker med deg, la hunden få vite at det er pause ved å setje deg ned til hunden, eller gi eit fri-signal. Då hjelper du hunden til å skjøne at belønning ikkje vil komme før du ber om samarbeid igjen. Pluss at du klarer å få med deg det instruktøren vil formidle. Det same gjeld om instruktøren skal ha ein teori del som ikkje føregår inne.


Når kurskvelden er over, og du er heimkomen, kan du setja deg ned med stearinlys og ein kopp med noko varmt og godt oppi og tenke over kvelden. Kva gjekk bra, kva kan gjerast annleis under den neste veka til det endeleg er kurskveld igjen? Og vit at du er ein gooood hundeeigar som går på kurs i lag med hunden din!

8 kommentarer:

  1. Hei på deg Kari Anne :)
    Ja, gode råd og jeg er helt enig.
    Koslig blogg du har :)
    Klem

    SvarSlett
  2. Glimrende innlegg Kari Anne! Dette innlegget vil jeg del i både øst og vest. Dvs på egen blogg, med mine venner på Facebook og kursdeltakere. Får jeg lov??

    SvarSlett
  3. Hilde,
    Takk for fine ord om bloggen min :-)

    Kari-Anne,
    Klart du kan det :-) Kan jo ikke si nei til slikt, når jeg blir smigret så grundig ;-)

    Gunn,
    Takk for det :-)

    SvarSlett
  4. ja, detta er jo nåke eg virkelig bør gjera og følga slavisk.. Godt å ha det nedskrive ein plass..

    SvarSlett
  5. Eg husker i allefall fleire kurskveldar der eg har hatt blæh hund med meg og som eg har satt hunden inn i bilen og følgt med sjølv. Like greit ;-)

    SvarSlett
  6. Kjekke og nyttige tips. Takk for de - legger de på minne. "CTRL+S"

    SvarSlett
  7. Takk, takk Kari Anne. Vi kan aldri bli minnet for mye på dette! Det er så fort gjort å slurve litt, og da "baller det" fort på seg.

    SvarSlett