tirsdag, januar 18, 2011

Emil er eitt år!

DSC00398

I stamtavla hans står det at han er født 17. januar, men han er altså født 18. januar. . Eg VEIT han er født 18. januar 2010, for den dagen starta eg det siste rallykurset eg haldt i Tananger. Eg har tenkt fleire gonger seinare, at det var mykje kjekt som skjedde den dagen, for WOW for nokre kursdeltakarar eg fekk gleda av å følgje dei neste to månadane!

Men, attende til Emil. Den litle gule skjønnasen min. Min! Som blei min fordi nokon andre ombestemde seg. Eller, Vetle eig han jo også, så det er eigentleg VÅR hund, men det er min hund. ;-) Berre ikkje sei noko til Vetle om det ;-)
12032010887
Første dagen hos oppdrettar.


Her har han vore hjå oss i to dagar. Halsbandet har eg faktisk laga sjølv ved å makramea over ei remse fleecepledd. *Smeeeelt*

 

Eg har gjort meg mange erfaringar sidan han kom i hus, og ein av dei viktigaste må vera at eg aldri kjem til å få meg hund midt i flytting. Never ever again! Kvalpen fortjener all fritid, og fordi me flytta til Sørlandet (det er framleis rart å sei at me nå bur på Sørlandet, sjølv etter åtte månader her) etter at Emil hadde vore hjå oss i to månadar, blei pakking og utpakking noko sporadisk. Eg syns likevel han har takla flyttinga godt, og fann seg raskt til rette i det nye huset.

CIMG4321

Den første tida var det veldig skummelt å ferdas i skogen, og han hoppa mykje på meg medan me var ute og utforska det me må kalla nabolaget. Dette endra seg gjennom sommaren, og før det første snøfallet kom i slutten av oktober, rakk han å bli særdeles varm i skjorte ute i skogen.
Han lærte seg å svømme og verkeleg KOSE seg i vatnet, og han har hatt besøk av Thassie, Tanja, Oliver, og Jesper. Ja, og eit kort, men hyggeleg besøk av redningshunden Isi

IMG_5519

Ayla har sine uvanar som eg ikkje har klart å unngå at ho har overført til Emil. Ho har vist han korleis ein god vakthund oppfører seg når ukjente kjem inn på tomta. Det er heilt greit for meg, for me bur avsides til, og eg kan godt bli varsla om ting eg ikkje høyrer sjølv. Skilnaden mellom Ayla og Emil er at Emil vil helse når han får sjansen. Ayla vil fortsetje å bjeffe til den ukjende er jaga vekk.

Emil er framleis miljøberørt, og har høgt stressnivå når han kjem ut or bilen, uansett kor me er. Dette viser han ved å hoppe på meg og bite i bandet, og pese om det er riktig ille.

Ein annan erfaring er at å jobbe med ein miljøberørt hund kan vera vel så utfordrande som å jobbe med ein hund som er usikker på folk.
DSC06887

Tradisjonen tru vil eg fortsetja på same vis som eg har gjort på Ayla sine bursdagar.

Eit år gamal kan Emil følgande:
Vente i buret uten å mase
Glad i å kjøre bil
Komme på innkalling
Sitter utanfor kjøkkenet mens eg lager i stand maten hans
Gå fint i band
Han leiker intenst
Eter alt av mat og godbitar og er generelt enkel å belønne
Veit kva han skal gjera med eit spor
Veit sånn halvveis kva LIGG, SITT, VÆR DER betyr (eg er generelt dårlig på å setje signal på atferder)
Kan svømme og hente ting i vatn
Har ein fin, men ikkje perfekt, innkomst som han tilbyr som defaultatferd
Flink til å finne roen sjølv, også på framande stader
Søker lenge utan å gi opp
Og sikkert endå meir som eg ikkje kjem på akkurat nå.

Om eit år ønsker eg at han kan:
Passere andre hundar utan å bjeffe
Nok øvelsar til å kunne konkurrere enten i rally eller vanleg lydighet, eller aller helst begge
Konsentrere seg om trening i lag med meg medan andre hundar trener i nærleiken
Plukke gjenstandar i sporet og komme tilbake til meg med dei
Komme tilbake med leikene han får som belønning
Feltsøk
Rundering, i alle fall at me har starta innlæring av det

Og så, størst av alle ønsker, ønsker eg at han er HD og AA fri, og at han ellers er frisk og sunn.

Til slutt ein liten videosnutt frå 17. januar. Eg brukte fire økter og tilsaman ca 40 minutter på å få til denne rullen, inspirert av Olaug som dagen før forsøkte å lære Thassie å rulle rundt og fekk nokre tips av meg som eg sjølv altså prøvde ut i går:

13 kommentarer:

  1. Gratulera så kjempemasse til Emil som e blitt eit heilt år allerede. Tida har jammen gått fort. Eg kan godt forstå tankegongen din ang kvalp i flytting, men dette går nok kjempebra ved neste kvalp.
    Me gledar oss kjempemasse til å komme nedover og gi forsinka godbitdryss og ha drakampar. =)
    Stor klem fra oss her oppe.. =)

    SvarSlett
  2. Ja, tida har gått fort, den gjer det når ein er vaksen og ikkje går på skule :-)

    Me gledar oss STORT til besøk, alle saman!!

    SvarSlett
  3. Gratulerer masse til Emil, for en kjekk og barsk ettåring.
    Mi gleder oss til å treffe deg igjen, en gang på kurs

    SvarSlett
  4. Hei.

    Gratulerer med Emil, han er en kjempeflott labrador:-)).

    Jeg syntes han har lært masse på et år:).

    Nå begynner faktisk Compis å få hormonene sine under kontroll he he (han blir 2 år i mars), og vi trener intensivt mot utstilling i februar.

    Kos dere i dag:))

    SvarSlett
  5. Evy, i like måte! Lenge sidan nå! :-)

    Marit,
    Så kjekt med kommentar fra deg, da :-) Joda, han kan jo litt, men ikkje så veldig masse samanlikna med maaaange andre som trener lydighet og sånt..
    Så bra at Compis begynner å roe seg litt også, det er alltid deilig når det skjer :-) Håper ikkje Emil blir veldig hormonell i andre omgang, slik den forrige hannhunden min, Joey, var.. Det var harde tider, husker eg..

    Og nå nærmer det seg snart fredagskvelden vår også :-)

    SvarSlett
  6. Gratulerer såååååå masse til Emil-gutten. Og dere har jo god tid å lære dere masse enda - kjipt hvis alt var på plass allerede etter ett år! Skynde seg langsomt, vettdu :)

    SvarSlett
  7. Gratulerer med dagen Emil, en stor og flotte labradorgutt er du blitt!
    Isi glede seg til å treffa deg en annen gang også :-))

    SvarSlett
  8. Gerd Marit,
    Du har heilt rett, han kan masse, og eg gløymde jo slalåm mellom beina, sitte bamse og nå altså rulle rundt :-) Han rydder dessuten opp matskålene etter han og Ayla når dei er ferdige med å ete. ;-)

    Tone,
    Ja, stor er ikkje å overdrive, for me hadde håpt at han skulle bli omtrent Isi sin størrelse. Ho er perfekt :-)

    SvarSlett
  9. Nydelige, store lille Emil!

    Alle de forventningene som var heftet til deg da du flyttet vestover, det er sannelig litt å leve opp til!
    Vi synes du er ordentlig flink, vi, og en riktig "handsome young man"! :-)
    Nok en gratulasjon fra Stavanger - slafser og boxerknocks fra Kirasnupp og deilig "kosemosing" fra EB - og klem til KA! :-)

    SvarSlett
  10. Å, men det var ei koselig helsing :-) Det skal eg jammen overbringe til han.. Han ligger heilt utslått på golvet her, og har gjort det i heile kveld etter "bursdagsgaven" sin :-D

    SvarSlett
  11. Bedre sent enn aldri: Gratulerer med dagen GromGutten :D

    Tenk at Ember selv er 10mnd. Ikke lenge til han er året selv. Hvor tiden flyr!!!!

    SvarSlett
  12. Takk for det :-) Og ja, tida går FORT!

    SvarSlett
  13. Litt seint, men gratulerer på etterskudd til skjønnasen :)

    SvarSlett