tirsdag, mai 22, 2012

Debuten er unnagjort!


DSC02433bb
Ja, då er kvardagen her igjen etter ei fantastisk helg i Bø!

Me reiste opp til hytta i Treungen på onsdag ettermiddag, og då hadde me ikkje mindre enn TRE dyr i bilen: Ayla, Emil og katten Smiley. Smiley har aldri vore med på ferie før, men utan naboar til å mate han her heime, måtte me nesten ta han med og prøve korleis det gjekk. I verste fall kunne Vetle køyre meg og Emil til Bø, og så køyre heim att.

Det skulle vise seg at Smiley trivdes rektig så godt på hytta, for der er det hems, nemleg! Og kattar ELSKAR jo å opphalde seg i høgda! :-)
Syttande mai la me ut på tur for å legge spor til Emil, og Ayla fekk bli med på planlegginga:DSC02251b
Me poserer alltid for fotografen   :-)


DSC02253b
Emil har byrja å forstå kva som skal skje når eg finn fram langlina.



DSC02290
I kort, kort line slik eg har fått råd om.



DSC02277b
Emil og eg i kjent stil.

DSC02284b
Ikkje langt frå spor slutten her.

Etter dette sporet har eg fått eit par nye erfaringar:
  • For å lære Emil sine fakter i sporet MÅ MÅ eg merke sporet godt!
  • Eg har lenge sagt at Ayla ikkje har lært meg så mykje om det å gå spor fordi ho har vore så veldig flink alltid, men no erfarte eg at ho heller ikkje har lært meg noko om å LEGGE spor. Faktisk har ho ikkje lært Vetle det heller.

På kvelden sat eg og finpussa på eit av baneoppsetta mine for helga:
SAM_2939
Fredagen reiste me avgårde til Sanda Camping, der stevnet skulle vera. Me kom fram i to-tida, og fekk utdelt flott hytte med soverom og bad med dusj! Til og med kjøkken var det på hytta! Fantastisk!
Det blei folksomt utover kvelden, men både Ayla og Emil takla dette fint.
Klokka halv åtte på lørdags morgon kom stevnarrangørane, og dermed starta dagen for oss også. Eg skulle konkurrere i dagens første stevne, og dømme i stevne nummer 2.
Oppvarminga til det var vår tur blei alt anna enn ideell, for eg blingsa med startnummera, og brått var det vår tur. Dermed måtte eg ta ut Emil rett frå buret og inn i ringen.
Me sleit litt i starten med snusing, men så gjekk det forholdsvis greit:


Me endte opp på 194 poeng av 200 moglege, og blei nummer 2 i klassen denne dagen. Han som vant hadde same poengsummen, men gjekk over 20 sekunder raskare.

DSC02356b
Då det blei tid for at eg sjølv skulle dømme, hadde eg heile roen på banane og reglementet, og eg dømte 25 ekvipasjar denne dagen.

På kvelden var det grillkos ved sekretariatet, og me trakk oss inn i hytta ved halv ti-tida. Eg somla meg under dyna halv to(!), så det kjendes svært tidleg å starte søndagen då stevnearrangørane kom halv åtte denne dagen også.  Natteravner bør ikkje liggja i hytte like ved sekretariatet til stevnearrangørane. Slik er det med den saken. :-)
Eg skulle konkurrere i det første stevnet, og hadde satt Emil sitt bur på verandaen til hytta. Der låg han roleg og kikka på alt som skjedde. Dessverre. For det var ein hund som stod fem-seks meter frå oss og gjorde utfall på ALT som gjekk forbi av firbeinte. Det blei så heftige utfall at eg fekk vondt i magen.. Det byrja å nærme seg vår tur, og eg hadde bestemt meg for at IDAG skulle eg i allefall få varma opp! Eg var framleis så prega av denne hunden sine utfall at eg måtte be Vetle ta ut Emil or buret og kome bort til meg med han. Eg hadde nesten ikkje krefter i føtene og armane, men fekk roa han såpass at busten kom ned og han ville leike med ballen. Like før meg skulle i ringen, ville han ikkje lenger leike, så då eg entra ringen, hadde eg ingen god følelse for korleis dette skulle gå.
Då eg gjekk banen, føltes det som om han var heilt gåen og sliten og ikkje hadde lyst til å vera der. Han gjekk BAK meg, slik han gjer når han føler seg utilpass og/eller utrygg, og han hadde langsomme rørsler.
På filmen ser det ikkje heilt ut slik eg følte det gjekk, og me fekk til slutt 189 poeng for prestasjonen vår.
Eit av trekka mine var Fysisk Kontakt; at hunden er borti meg eller utstyr, men eg klarer ikkje å sjå kor det skjer. Det skal i følge kritikkskjemaet ha skjedd mellom 1:17 og 1:35.





Medan me venta på premieutdelinga fekk eg sjå litt på dei andre ekvipasjane og snakka litt med kjende som var der, og også heia på Marit og Lotte som debuterte i Klasse 2!
Så var det tid for premieutdeling, og eg visste jo kva vårt tal var. Den eine etter den andre blei ropt opp, og og då andre plassen gjekk til nokon med 186 poeng, gjekk det sakte opp for meg at me hadde vunne klassen! Eg gjekk nærmast vantru fram og tok i mot premie og kritikkskjema og RØD sløyfe!
IMG_1203
                                                                                                             **Fotograf: Bjørne Jortveit**
Eg skulle jo dømme stevnet som skulle starte RETT etterpå, og takk og pris for det! Då eg hadde tatt i mot premien min, blei eg så bevega over at me hadde fått ein 1. plass, så eg måtte skunde meg vekk så eg ikkje skulle grine foran dei som snart skulle gå banane mine.
Eg hadde så vondt av Emil som dempa sånn, og samstundes blei eg så inderleg glad då me likevel gjorde det så bra! Gledestårer er forresten akkurat like salte som alle andre tårer :-)
Mitt eige stevne gjekk bra i dag igjen, og under premieutdeling kunne eg med klump i halsen gratulere Marit og Lotte med palleplass! Eg kremta og harka, men Sippeguri klarte å halde seg.
Og medan eg dømte 23 ekvipasjar, rydda og vaska Vetle i hytta, og det var berre for meg å setje meg i bilen og slumre meg fram til hytta i Treungen. Der hadde Smiley klart seg heilt fint, og det var ein smøøøørblid katt som møtte oss då me kom inn.
I dag, mandag, bar det heimover i tretida, og eg var veldig veldig spent på om sola hadde tatt knekken på ALT i det fulle drivhuset mitt.  Me hadde trass alt vore vekke i FEM dagar, og i Bø hadde me fint vær begge dagane. Eg blei så solbrent på nasen at eg kunne vunne ein konkurranse mellom meg og Rudolf om kven som skulle føre julenissen trygt fram. Mildt sagt.
Det var med STOR glede eg kunne fortelje Vetle at kun eit par planter hadde blitt skada av mitt fravær, og etter at plantene hadde fått i seg totalt 40 liter vatn, kunne me ta runden rundt huset og konstatere at det hadde skjedd MYKJE i hagen på dei fem dagane! SAM_2911SAM_2913SAM_2917
Dessverre har korkje morelltreet eller plommetreet blomstra endå, noko eg fryktar vil resultere i null frukt til hausten Trist fjes
____________________
Etter konkurransane i helga har eg fått mykje å tenke på.
Emil har aldri oppført seg slik som i stevne 2 på trening. Tvert om, han ligg gjerne litt langt framme. Han har heller aldri vist at han ikkje har lyst til å leike med ballen.
Eg undrar meg veldig kva eg kunne gjort for å få han med meg slik som når me er på trening.
Det er ikkje ideelt for Emil å bli utsatt for mykje psykisk stress i forbindelse med konkurranse, så han bør skånas mest mogleg innan me får trent på slikt.
Eg må prøve å gå fortare.
Me må trene på uthaldenhet!
Frå no av blir det både Klasse 2, 3 og Elite skilt som skal trenast på, for me har jo opprykk til Klasse 2, og derifrå er det beine vegen til topps! Eller noko slikt..
Til slutt nokre bilete:

SAM_2953b
Ayla i bånd og Emil i bur. Takk og pris for skuggen, for jammen blei det varmt i sola!


DSC02325b
Litt trening på lørdagskvelden. Slik skulle me gjerne sett ut på søndagen…

DSC02329b
…eller slik…

DSC02451
Emil, Smiley og Ayla på hytta like før avreise.


DSC02345b
DSC02344b
DSC02343b
Emil i kjent positur: som ein krøll ved kne mine når eg liksom skal ha treningspause.

2 kommentarer:

  1. For en flott helg, og flotte resultater og erfaringer! Gratulerer igjen!
    Klemmer herfra! :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for klemmar og gratulasjonar, eg skal vel innrømme at eg fortsatt ikkje har landa heilt. Hundane har lagt som slakt etter at me kom heim, og i natt fekk Ayla ein heftig omgang med surkling i magen med påfølgande gras-eting og oppkast. Formen hennar er betre i dag, men det blei lite søvn på oss i natt.

      Slett