søndag, april 29, 2007

Brukssøndag med vri

Det viste seg at det berre var Veslemøy og eg som skulle trene i dag, så me avtalte å møtast her klokka seks i stadenfor Dale klokka tolv.

Sporet eg la ut for Ayla var ca 120 meter, og gjekk ikkje veldig godt. Eg merker at eg har halde på med litt vel mykje overværssøk etter godbitar, og skal ta meg ein pause i det no fram mot kurset. (eg SKAL klare å ikkje hive godbitar!)

Midtveis låg høna (den me mista oppå taket i Grimstad og som Tove henta ned igjen), og den fant ho på overvær (klaskepanne) og kom til meg med for å levere (jippi).
Skulle tru eg ikkje hadde lagt ut godbitar, for ho fant nesten ingen! Siste del av sporet gjekk over myr, og der fungerte ho heilt perfekt.

Konklusjon: Høna eller frosken må leggast i sporslutt. Ballen kan leggast midtveis. MÅ slutte med overværssøk!!! Eller i alle fall inntil eg veit betre korleis eg skal unngå fellene.
Ho må få eit spor som ho greier å følgje heilt perfekt. Gå litt tilbake i tid, kanskje, og legge eit kort ferskt spor som ho får maks belønning for å følge.


___________________________

Me trente også litt lydighet etter spora var ferdiggått, og eg kunne i dag gå fem-seks meter frå henne mens ho stod igjen, kommandere Sitt, ho sette seg nøyaktig der ho stod, og sat fint til eg hadde klikka og sprunge tilbake med godbit. :-)
Ho greidde også å konsentrere seg sjølv om KariKari sat litt lenger vekke og bjeffa for å få Vetle til å klikke :-)

Heilt til slutt tok me ein fellesdekk, og ho har blitt rimeleg sikker på denne øvinga no. Eg kan begynne å gå litt bak henne og tilføre vanskeligare forstyrrelsar, tenkjer eg.


Me trente også litt hovudtarget med Veslemøy. Funka heilt fint. :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar