I dag morges tok eg med meg Frolic på morgenluften. Ho gjekk flott fri ved foten halvveis bort til lyktestolpen, og då ga eg beskjed om at ho skulle gå og tisse. Ho sprang ut på jordet og tissa, og kom tilbake for godbit. Så gjekk ho fri ved foten sakte marsj fram til lyktestolpen, og der stoppa me og trente utgangsstilling. Ho sette seg skeivt to-tre gonger, men så kom dei beine og rette innsittane. Eg sendte henne så ut på jordet igjen for å gå på do, og ho sprang rett ut og gjekk på do. Ho galopperte inn til meg igjen og fekk ein kvart Frolic for det. Heim igjen gjekk me sakte fri ved foten, og då me kom like ved utgangsdøra tok vinden tak i ei blomsterpotte som heng på garasjeveggen. Ho bjeffa og reiste bust, og då putta eg henne inn i gongen. Eg gjekk ut igjen og trente og koste høglydt med Joey i ca halvanna minutt, før eg henta ut Ayla igjen.
Me trente fri ved foten med omvendt lokking, altså eg holdt godbiten i høgre handa og ho skulle ikkje sjå på den. Så tok vinden tak i potta igjen og den laga lyd, og det gjorde Ayla også. Rett inn i gongen igjen.
Siste gongen lea ho berre på øyra då potta skramla, og ho fekk klikk og godbit og masse ros før me gjekk inn alle tre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar