onsdag, mai 20, 2009

Om å snakke saman

Dette innlegget handlar om å snakke saman, og er inspirert av Anja sine siste erfaringar innan det å eige ein hund med utfordringar.

Det å snakke saman er viktig på så mange nivå, og eg skulle ønske me alle var flinkare til nettopp det. Mange søvnlause timar kunne vore unngått om me bare hadde vågt å sette ord på nokre av tankane me går rundt med i kvardagen. Sidan dette er ein hundeblogg, skal det vidare dreie seg om hund. Om problemene me støter på i hundekvardagen vår. Men dette gjeld eigentleg alt me går rundt og sliter med på eigahand. 

Når eg er rundt i bloggar og leser om store og små gleder, store og små sorger, då lærer eg noko kvar gong. Oftast starter tankane å kverne på korleis eg kan bruke andre sine dyrekjøpte erfaringar i mitt eige hundehald. Mange gonger har eg notert ned litt av det eg har lest, og om eg ikkje har bruk for det sjølv, kan det hende eg kan formidle det vidare til ein kurselev eller folk eg trener saman med og som velger å lufte problemene sine til meg. 

Eg syns heile situasjonen til Anja er utruleg trist,og verre syns eg det blei når eg leste kommentaren hennar om at ho bevisst hadde valgt å tie med kor ille det var i frykt for å få høyre endå ein gong at ho måtte avlive kameraten sin. Eg kan ikkje hugse å ha fått den kommentaren ein einaste gong frå dei eg har valgt å lette hjertet mitt til, og glad er eg for det. Eg har nevnt det sjølv eit par gonger, men det betyr ikkje at andre har lov til å foreslå det. 

Kvifor skal det vera slik, at me kvier oss for å fortelje kor ille me har det i hundekvardagen vår, istadenfor å snakke om det og dermed få støtte og hjelp frå andre som anten har det på same måte sjølv, eller har hatt det slik tidlegare? 

Eg trur dei aller fleste har noko dei slit med, i større eller mindre alvorlighetsgrad, og det betyr ikkje at me er dårlege hundeeigarar. Det betyr ikkje at me har gjort ein feil, eller latt vera å gjer rett! Det betyr berre at noko ikkje er slik det skal vera, uansett kva årsak det har. 

Som instruktør veit eg at eg blir dømt etter korleis hundane mine er. Og det ansvaret merker eg kvar gong eg tar Ayla ut or bilen. Det kan ikkje vera lett for ein fersk hundeeigar å forstå at eg kan seie meg særdeles fornøydd sjølv om Ayla ikkje setter seg på signal, eller trekker i bandet, så lenge ho ikkje reagerer negativt på folka som står rundt. :-) Dei ser jo ikkje atferd som ikkje er der, sjølvsagt, mens det å ikkje sette seg på ”kommando” er tydelig for dei aller fleste.

Mang ein gong har eg fått høyre at det ikkje er til å tru at eg slit med noko som helst når det gjeld Ayla. Og sjølv om det er kjekt å få høyre slikt, så kan det kjennes litt tungt av og til også. Som om ein må overbevise om at det ER eit problem. "Jo, det ER sant, altså!"

Nokre gonger, når ein lufter eit problem for ein annan person, hender det at problemet blir mindre etterpå. Det skjer ikkje alltid, men av og til. Andre gonger, utan at me veit om det, kan det me forteller føre til at nokon andre innser at det dei slit med ikkje er så ille som dei trudde likevel. Andre gonger igjen kan våre erfaringar hjelpe eit medmenneske til å innsjå at problemene deira er verre enn dei tidlegare har klart å innsjå. Eller hjelpe den andre å finne ei løysing dei sjølve ikkje hadde tenkt på eller visst om tidlegare.
Det treng ikkje vera alvorlege problemer. For min eigen del har det vore ting som å lære Ayla å ligge i ro på teppet eller i stolen når me har besøk, eller å lære at rottweileren som rase lager mykje lyd og er kontrollerande ovanfor omgivelsane sine. Ofte, når eg har snakka om Ayla si utagering til folk, fortel andre om sine usikre hundar, og dermed kjenner dei seg ikkje så åleine, og det gjer ikkje eg heller. Det kan virke som om folk flest treng å få det litle pushet.

Det å snakke om problemhundane våre kan til og med føre til vennskap fordi ein finn saman i noko ein har felles.  

Me veit aldri kva effekt våre erfaringar vil ha på andre, men personleg er eg veldig glad for at andre har delt og deler sine erfaringar med meg. 
Eg håper det blir litt enklare framover å prate om det me ser på som nederlag også, i stadenfor berre skrytehistoriar. Det er jo ikkje suksessane me lærer mest av. :-) 


9 kommentarer:

  1. Bra innlegg, vi kan alle lære noe av dette :)

    Neste gang jeg har problemer vet jeg hvem jeg kan snakke med :)

    SvarSlett
  2. Jeg er glad for at du har kunnet prate med Hanne, for det føles veldig ensomt å ha problemhund. Det ER ensomt, for man må jo passe på, som du også sier, å gå der man ikke kan treffe på noen ;-)

    SvarSlett
  3. Det sitter i, lenge, det å ha ein problemhund. Og vidare så fører me den frykten over på nye hundar som i grunnen ikkje hadde det problemet ein frykte i utgangspunktet.

    Nå har jo ikkje eg slete med dei problemene du har hatt Kari Anne, ikkje i den størrelsen iallefall, men merke så godt nå med hu litla at eg forvente fremdeles at hu ska var skeptisk te framande,ungar, hundar, knurra og stå i fare for å bita hvis ikkje folkå tar advarselen.Brent barn skyr ilden. Av tidligare erfaringar, så handler me. Og år med same adferd og handlingsmønster på hund setter sine spor hjå hunde-eigaren.

    Du tar opp et særdeles godt poeng med dette å ha hund. I staden for å bare prate om dei tinga som ikkje er eit problem, som ikkje gjer til at me kan slappe av og nyte livet som hundeeigar, så er det like så viktig å nevne det ein ikkje finn ut av. Andre kan igjen ha ei anna oppfatning av heile situasjonen, komme med andre måtar å sjå ting på, som kan løyse det på ein relativt overkommelig måte.

    Er stolt øve å ha ein hundeinstruktør te søster, som er så reflektert og analyserande som deg. Glede meg stort te den dagen komme der me skaffar oss kvalp (desverre ein del år igjen te det) og eg ringer deg for å melde meg på kurs. =)

    SvarSlett
  4. Oi, blei litt långt detta, men det mangla liksom ein knapp på sidå di med "like" på. =)

    SvarSlett
  5. Veldig bra Kari Anne! Håper at mange leser og tenker over det som står der. Det er viktige ord! Du er så flink til å få det sagt, og å få det sagt på en god måte.
    Jeg kjenner meg igjen i det Anja skriver - om råd mht avliving. Ikke minst når jeg ble fortalt hvordan jeg skulle bruke positiv straff for å få til Dina... " Gjør du ikke som jeg sier, ender det garantert med avliving". Og de fikk jo på en måte rett. Men, kan det forsvare positiv straff om jeg skulle havne i en lignende situasjon en gang til? Nei!

    SvarSlett
  6. Olaug,
    Du har jo gjort ein kjempejobb med Tanja! Og det du seier er veldig rett! Eg ser føre meg at når den dagen kommer at eg ikkje lenger trenger å ha radar på tur, den dagen blir merkelig. :-) Og herlig! :-)



    Britt
    Å fortelle om problemene, og så få høre at man enten må straffe hunden MER, eller avlive, er jo ikke akkurat å belønne åpenhet. Heller tvert i mot. Siden man til slutt lar være å fortelle om dem, fungerer det heller som positiv straff.

    Jeg merker det generelt blant de av oss som er litt mer enn vanlig interessert i hundetrening, at de sidene ved hunden(e) man helst skulle vært foruten, de nevnes sjeldent i bloggene. Dermed er det ganske lett å tro at ingen andre enn en selv har problemer.

    Men vi to vet bedre enn å holde erfaringene for oss selv, santvel, Britt ;-)

    SvarSlett
  7. Det gjør vi, heldigvis :-)
    Men, må innrømme at jeg av og til er litt flau med tanke over at jeg klager på Zelante, problemene jeg har hatt med henne er tross alt bare luksusproblem....

    SvarSlett
  8. Flott innlegg!

    Du er veldig flink til å sette riktige ord på "ting" Kari Anne - sånn at det blir forståelig for alle.

    - Og jeg vet i alle fall hvem jeg skal gå på kurs hos - med neste hund! :-D

    SvarSlett