lørdag, mars 05, 2011

Calcinosis Cutis to veker seinare.

Då har det gått to veker sidan forrige oppdatering angåande tilstanden til Ayla, og dermatologen fekk rett; Det har blitt verre. Eg har måttet barbere endå meir pels bakover mot halen, og nedover på begge sider. Området med puss har blitt større, og nakken ser også verre ut. Området har begynt å bevege seg nedover beina hennar, og utover halen.

Slik ser det ut no:

resize_image_-248003764 resize_image_-248131013 resize_image_-248221814 resize_image_-249258529

Per i dag får ho MalAcetic balsamspray kvar morgon, og Dolobene Gel kvar kveld. I tillegg blir ho shamponert tredjekvar dag. Desse dagane bruker me ei god stund på badet, fordi såra på halsen blir oppbløytt og difor får eg fjerna dei mjuke skorpene. Elles rører eg dei ikkje, for då begynner det berre å blø.
Dermatologen skreiv også i mail til meg at Ayla nok ikkje har vondt, og det stemmer ganske sikkert. Ho forsøker sjeldan å klø seg på såra, og er framleis i godt humør. Då er det verre med meg... Eg kjenner eg er lei no. Eg seier til meg sjølv heile tida at det vil bli betre, og at ho SKAL bli verre først, men det kjennes tungt likevel.

For dersom ho skal få sånt kvitt puss overalt kor ho er rød, har me endå to-tre veker att før det kan bli betring. Usj, altså...

8 kommentarer:

  1. Det e det verste æ har sedd! :( Det ser jo heilt førr jævlig ut! :(( Æ håpe verkelig at det snur snart!! Mæst førr din del, høres ikkje ut som Ayla syns det gjør så mykje.
    Du e flenk som e så tålmodig og som e så flenk å steille ho. Megatrøsteoppmuntreklæm!!

    SvarSlett
  2. Takk for oppmuntrande ord :-)

    Ja, det ser heilt forferdelig ut.. Og eg blir heilt matt av og til.. det er akkurat som om lufta går ut av meg fordi eg blir så fortvilt. Og heldigvis er hu heilt ufattelig tålmodig når eg skal stelle henne.. Ligger heilt i ro og venter til eg er ferdig med økta.. så får hu ein godbit, får beskjed om å legge seg ned igjen med haka i golvet, og ligger der til neste godbit igjen. Uten å mukke... Uten å blunke, eingong..

    SvarSlett
  3. Hei
    Dette så ikke godt ut, æsj. Sånne pelsproblemer er noe dritt. Og jeg skjønner godt du sliter, sånt er slitsomt for psyken. Tenker på dere. Dette går fint.

    SvarSlett
  4. Takk for det, Evy.. Eg håper så inderlig at det snart snur, og at det vil ha vært verdt det når det er over .-)

    SvarSlett
  5. Fu søren Kari Anne!
    Dette ser jo helt JÆ..LIG ut!!
    Huff, føler sånn med deg. Hadde blitt gal av mindre selv!
    Håper det snar blir så MYE BEDRE!

    PS: gleder meg til vi sees. Ikke lenge igjen nå :D

    SvarSlett
  6. Off, tenke på dokk.. Men, kver dag e ein dag nærmere at hu blir heilt god igjen! Hu e nok inderlig takknemlig for at du e like tålmodig som hu e med stellingen :) God klem

    SvarSlett
  7. Nina,
    Nei, nå er det ikkje lenge igjen!! Ein god mnd, så er helga der! :-) Blir spennande!! :-)

    Og ein heil mnd fram i tid MÅ jo Ayla ha blitt betraktelig bedre også, så då er det jo bare velstand :-)


    Carita,
    Takk for klemmen, eg trenge sånt :-)
    Det går litt opp og ner med na, for ein dag ser det såååå bra ut, og neste dag ser det fælt ut igjen. Usj, altså..

    SvarSlett