onsdag, mars 09, 2011

Oppdatering etter veterinærbesøk. Calcinosis Cutis.

Mondag var det tid for nytt veterinærbesøk igjen med Ayla. Eg gleda meg nesten litt, for eg syns det hadde stagnert litt dei siste dagane. Det syns veterinæren også, og me trappa ned bittelitt på antibiotikadosen og fant ut at ho skulle slutte heilt på kortisonen.

Tirsdag datt motet igjen, for då såg ho slik ut i nakken då eg stod opp på morgonen:
DSC01231 DSC01230

Eg syns også at eg merker at ho klør meir no etter at me har trappa ned og nå slutta på kortisonen, så eg må passe på henne heile tida så ho ikkje skal falle for fristelsen å klø seg i nakken med bakbeina. Mot halen er det dessutan kome så langt no at ho når det med munnen, så eg hopper opp kvar gong eg høyrer lydar som kan minne om hund som klør seg. Oftast er det Emil, faktisk, og sjølv om eg sit og SER på at han starter å klø seg, er første tanken min at "Nei, det må han ikkje!". Han får jo sjølvsagt lov, men så innstilt er eg på å avbryte kløing, altså.

Eg må ha med begge hundane overalt kor eg ferdas, og våger ikkje setje Ayla åleine utan oppsyn. På mondag og tysdag MÅTTE eg eit par timar fordi bilane skulle på EU kontroll. Då ga eg Ayla den lilla dingsen som såvidt synes på nederste biletet, og putta makrell i tomat inni.  Den lilla dingsen der har ho forresten hatt i fem år, og den er like heil! Etter FEM år med ivrig bruk av ein ROTTWEILER!! Ingen kongar eller andre leiketøy har haldt så lenge, faktisk!

DSC01210

5 kommentarer:

  1. åh lille stakkars Ayla:(
    God bedring:)

    SvarSlett
  2. Ser vondt ut, stakkars Ayla og stakkars deg. Vet hvordan det føles når hunden er syk. Æ får lese mæ litt opp på denne sykdommen for æ kjenner ikke til den fra før.
    Klem fra mæ til både dæ og Ayla. Og lille (store) Emil.

    Bente

    SvarSlett
  3. Det må vel snu snart??? Læste på FB at ho ikkje vil spise heiller nu? Det e jo ikkje et godt tegn. Men vi bærre MÅ håpe at dette e førbigåanes og at ho snart e på bedringens vei! Vi bærre MÅ!

    SvarSlett
  4. Evy,
    Takk for det, eg håper me ser positive endringar snart...

    Bente,
    Dermatologen trudde ikkje det gjorde så veldig vondt, men at det kanskje klør litt. Heldigvis ser ikkje Ayla ut til å ha fått med seg at det klør litt, og slik håper eg det fortsetter. For om ho bare er borti såvidt med bakfoten i nakken, så blør det ganske masse...

    Krissi,
    Ho åt til slutt. La oppi litt makrell i tomat, og då gjekk det ned på høgkant. Utover dagen i dag har ho sove MASSE og tungt (ref. bildet på FB) i sofaen, og når ho har vore våken, har ho vore i godt humør. I kveld åt ho også godt, og dei væskande såra i nakken fra tysdag har tørka i løpet av dagen. :-) NÅ bestemmer eg meg for at det går strake vegen mot bedring! :-)

    SvarSlett
  5. Jepp, æ å e med å bestæmme det - så då bi det sånn!

    SvarSlett