onsdag, april 26, 2006
26. april 2006 Ayla har fått seg ein lekekamerat!
På jobb rett etter lunsj i går, ringte Anders, typen til søster mi.
KA: "Hallo?"
A : "Nåvrt hdss husster di!"
KA: "Hæ?"
A : "Nå har eg vært og henta hund til søster di!"
KA: "HÆ??"
A : "Ja, hu va og kikka på ein før helgå, og så falt hu så pladask for denne her, og heile helgå har hu ikkje snakkt om nåke aent men eg har nekta, og i dag har eg vore og henta han. Har hu ikkje nevnt det te deg?"
KA: "Eh, nei. Har du henta hund, altså? Ka slags då?"
A : "Det er ein blanding mellom fuglehund og nåke aent."
KA: "Ein store, altså?"
A : "Jepp. Det var den hu ville ha.. Han ligne litt på Joey, faktisk, bare andre fargar. Han blei fonnen på ein kai med teip rundt halsen der det stod "Vil du være min nye eier? Swejsan 1 år" Og så e han kastrert."
KA: "Stakkars... Men stilig at dåkken har fått ein hund til!! Send bilde!!!"
A : "Ja, ska gjer det. Ikkje sei nåke te søster di før hu komme heim og ser det sjøl då, sant?"
KA: "Sjølsagt. Kos dåkken! Og så glede eg meg te å få treffa han, men ikkje før om nåken dagar så han får tid te å tepassa seg og gjera seg kjent og sånt. Dette ska bli kjekt, altså!"
A : "Ja, det trur eg også. Me snakkes!"
Eg har jo så lyst til å dra ut og sjå han med ein gong, men må vente.. Det blir lange dagar til lørdag, men han trenger det sikkert. Gjorde avtale med Olaug (søster) at når Ayla og Swejsan skal møtast første gong, så skal me ha helsetrening. Altså at me trener på å gå forbi og møte og sånt først. Må jo bruke alle dei sjansane me får til slikt.
Han er ein blanding av Vorsteher og noko anna, men eg har jo ikkje helst på han endå, så eg har ikkje fått gjort meg opp ei meining om kva det andre kan vera.
Og Olaug som i alle fall aldri skulle ha stor hund! Ho skal klikkertrene han, så eg får vel låne vekk den eine boka mi til henne så ho får lest seg til litt meir kunnskap enn det ho har fått gjennom mi masing.
Åh, men dette skal bli kjekt, altså! Kastrert og greier! Han har sannsynligvis fått bank også, for då Olaug var litt brå i bevegelsane i går, så kraup han saman.
Han drar i bandet, så han skal få den gamle selen til Joey, sånn at dei kan trene gå fint i bånd deler av turen, og så får Swejsan snuse litt når selen er kopla til.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar