onsdag, april 19, 2006

Nød lærer naken (les: sjuk) kvinne å trene apport


Onsdag 19. april 2006

Etter ein lang påskeferie blei eg altså sjuk. Som ein dupp! Snufsar og søv dårleg og har vondt i halsen. Hundane får obligatoriske tisseturar før Vetle kjem heim, og i dag har eg vore såpass at eg fekk lyst til å prøve meg på apport.

Før påske kjøpte eg ein apport-liknande tennisball sak. Det ser ut som ein apport i tennisball-finish. Kjekk sak som Ayla falt for med ein gong. Derfor har ho ikkje fått lekt med den i det heile tatt.

Torsdag forrige veke bestilte eg ny klikker DVD hos www.clickertraining.com og den kom i går. Der forklarte og viste dei veldig godt korleis ein kunne starte med apport-trening dersom ein hadde hund som ikkje var den typiske henteglade hunden. Med godt mot sette eg i gong, og etter ca 30 godbitar fordelt på fleire økter, held ho no tennisballapporten i to sekunder!

Heile tida mens ho held apporten har ho augene festa i meg, og det er sikkert ein god ting..

Som ein veldig off-topic sak: I dag lagde Vetle nachos til middag, og mens me sat og åt, merka eg at noko bevegde seg på golvet. Det var for lite til å vera hund og for stort til å vera edderkopp. Det første som slo meg var faktisk mus eller hamster, men då eg kikka ned på golvet var det pinadø ei padde som sat der! Ei svær ei, til og med! Eg hylte til, og Vetle som kjenner meg ut og inn sa ikkje eit ord, berre reiste seg, gjekk ut på kjøkkenet og kom tilbake med ei glasskål og eit glas og fjerna padda utan å skade henne. :-) Ei padde i stova!!! Koss i all verda har den kome seg inn, tru???

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar