Helg to i KlikkerTRENERutdannelsen.
Kom til Grimstad fredagskvelden, og Ayla takla møtet med svigermor strålande. Ho kom til og med med godlyden då me kom inn dørene! Svigermor hadde Aylasikra leiligheten, sånn at ingen halar skulle velte blomar eller pynteting denne gongen heller. :-)
Joey sprang rett ut på verandaen og inntok sin kjente positur: Salig-konge-på-haugen-med-vibrerande-nase.
Ayla låg med meg og Vetle på soverommet, og Joey låg på sofaen i lag med svigermor. Ayla hadde litt problemer med å roe seg, så det blei svært svært lite svevn den natta.
Kom opp til Landvik Skule klokka ti, og me hadde dei første øktene ute.
Aller først skulle me vise kor langt med hadde kome på GrunnFerdighetene (GF), og ein og ein måtte til pers. Det gjekk sånn måteleg bra med oss.
Teori inne, og me heiv oss på kriterieplanar og loggføring. Detaljert, nøye, pirkete. Alt som eg ikkje er. Det er loggføring. Jadda, dette skal bli lett, liksom...
Så var det lunsj og deretter ei økt til med trening. Eli og eg var på gruppe, og eg fekk hjelp med korleis eg skulle byrja å jobbe med utgangsstilling. Eli skreiv logg for meg, og sjølv om ho gjorde det, syns eg loggføring er noko herk. Sikkert praktisk når eg kjem inn i systemet, men akkurat nå ser eg på det som ein byrde.
Me fekk i heimelekse å skrive kriterieplan for ein ferdig øvelse og loggføre treninga etter den. Blæh!!! Men sidan eg må gjer det, har eg bestemt at søndagsgjengen også må gjera det.
Me slutta av på lørdagen klokka 17:00, og etter det reiste eg ned til sentrum og gjekk litt langs bryggene. Var også ute på ei av flytebryggene, og Ayla syns det var ein smule ekkelt. Breibeint og forsiktig vagga ho utpå, men ho viste ikkje andre teikn til at det var fælt.
Trente også litt på utgangsstilling (eller sitt attmed vegg), og det gjekk kjempefint! Ho bæsja sjølvsagt på grasplenen utanføre Oddensenteret, og eg hadde ikkje pose.. Leita febrilsk i lommene, men fann berre papirposen eg hadde fått då eg kjøpte ekkelt wienerbrød til lunsj. Å plukke opp rottweilerbæsj med papirpose er ikkje av dei lekraste tinga i verda...
Var tilbake i leiligheten halv sju, cirka, og då stod svigermor og Joey utanfor og venta på oss. Joey såg tilfreds ut, og var glad for å sjå oss att. :-)
Vetle hadde vore i Risør og besøkt mormor si på 95 år, og var tilbake rett over åtte.
Då var det middag og is (for is er ikkje snop).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar