søndag, januar 28, 2007

Brukssøndag.

Stod opp klokka ni i dag, og begynte å gjer meg og Ayla klar for ein dag ute i vinterværet.
Det såg ut til å bli ganske fint, men eg tok på meg dobbelt sett superundertøy likevel.

Me var framme ti på tolv, og då var akkurat Lene, Audhild og Jan Ivar komne. Etterkvart kom også Ellen Beate med to jenter, Hilde, og til slutt Veslemøy.

Me begynte dagen med å legge spor. Jepp. Planen var at det skulle ligge ein halvtime, men den halvtimen blei til to og ein halv.

I mellomtida forsøkte me litt rundering og overvær.

Ellen Beate blei lagt ut som skjult figurant, og utstyrt med pølser og formaningar om kva ho skulle gjera om Ayla syns ho var skummel. Mine formaningar blei fullstendig gjort til skamme, for Ayla var over seg av glede av å finne ein pølseperson i skogen! Neste gong sender eg med både godbitar og draleke!

Så trente dei andre på rundering med synlig førar, på Canis-måten, og så var det tid for ein lynrask matbit før me måtte gå sporet.
Eg rota det fullstendig til, og Ayla var ikkje svært konsentrert i sporet. Me hadde nok for det første lagt spora for tett, men eg trur også det var ein tabbe å trene både rundering OG spor same dagen. Det er jo to vidt forskjellige øvelsar, så det skal eg ikkje gjer igjen. Eg skal trene enten rundering ELLER spor. Så kan eg heller ta litt apport-trening mellom øktene eller noko.
I tillegg hadde det regna ein del og vore sterk vind fra me la sporet og til me gjekk det.

Litt oppfrisking i sporlegging ville nok ikkje vore dumt, så me får prøve å legge litt spor framover. I alle fall eit par i veka, eller noko.

Me avslutta like før halv fem, og då var det endå lyst! Deilig!

På eit tidspunkt tok eg forresten Ayla ut av bilen og lot henne gå litt laus i lag med Kari-Kari og ein boxer hann. Ayla var mest interessert i å trykke Kari-Kari (cairn terrier) og tøffe seg på henne. Lurer på om det kan vera eit eller anna "stor hund - liten hund"-syndrom?

Både Ayla og eg var ganske slitne og trøytte etter endt dag, og Vetle hadde fyrt godt i ovnen då me kom heim. Ayla kollapsa under bordet, og eg i hundestolen, i allefall til eg fekk somla meg til å lage middag.

Ein bra dag, med andre ord!

Og i morgon er det fellestrening igjen!

2 kommentarer:

  1. Oi, du har jo vore å gått spor igjen jo.. Stilig.

    SvarSlett
  2. spor og spor, fru P ;-)

    Hu gjekk der... joda...
    hu snuste på markå... joda

    men å kalle det å gå spor? Nei... trur ikkje det. :-)

    SvarSlett