tirsdag, januar 16, 2007

Endeleg i gong igjen!

I går starta fellestrening med andre som har gått på Fokus Hundeskole. Me var 16 stk der i går, og fleire hadde to hundar med seg.
Ayla var i fantehumør då me drog heimefrå, så eg var veldig spent på koss dette skulle gå.

Eg reiste heimefrå klokka fem, for eg måtte innom Kvadrat og kjøpe takkekort for far. Og klokka seks gjekk eg ut av bilen ved Austrått barneskule. Dei andre hadde tatt hundane ut, og der var bjeffing og knuffing og ganske høgt volum.

Sjølv tok eg ikkje Ayla ut før eg hadde helst på dei eg kjente att, og ho var veldig interessert i alt som føregjekk rundt henne. Trur nok eg gjer lurt i å ikkje la henne helse på alt og alle når me skal trene, og heller vera konsekvent med at helsing ikkje skal forekomme med mindre det er for treninga si skuld.

Me var tre på gruppa, men ho eine hadde ikkje hund med seg. Ho andre hadde Cindy som me også var på gjensynskurs med.

Då eg hadde ute Ayla, lot eg henne gå rett bort til dei to andre og der fekk ho pølsebitar. Ho viste ingen teikn til å reagere, men dei var også veldig flinke til å berre stå heilt i ro. Så trakk me oss litt vekk og eg byrja å klikke for kontakt. Det gjekk ikkje lenge før ho sat i utgangsstilling og kikka på meg. Eg ba dei andre gå litt att og fram utan å sjå på henne, og avslutta mens ho framleis var gira og flink.

MÅ hugse å ikkje setja henne i bilen med ein gong, heller la henne prate litt med dei andre på gruppa først, og så i bilen.

Andre gongen eg hadde henne ute fortsette eg på det same, men denne gongen gjekk også me litt att og fram. Me tok også nokre holdtar. Me gjekk mellom dei to andre, og Ayla hadde stålblikk når me gjekk mellom dei. Ho hadde ein litt skeiv sitt, og når eg ikkje klikka for den, sette ho seg beint og var konsentrert og fin heile tida.
Venstrevendingane gjekk også gullgodt!

Tredje gongen tok me litt desensitivering med framoverbøyde kroppar. Ho ville heller slikka i ansiktet enn å ta godbitane, og eg vil vel tru at det er ein god ting :-)

Heilt til slutt trente me på litt tulleting mens ein eller annan hund bjeffa veldig. Ho konsentrerte seg fint då også, og var veldig med heile tida.

Hundeprat tar lang tid, og eg var heime rett over ti. Sliten, iskald og raud i kinna.


Neste gong trur eg at eg vil trene på:
Adferd: Ta på kroppen, bøye over, folk kjem mot oss
Utgangsstilling - å komme inn i utgangsstilling korrekt.
Kontakt med diverse forstyrrelsar - folk prater til henne, hopper og danser rundt oss (kanskje vente til me blir litt bedre kjent med dei andre før dei tør å gjer sånt ;-)
Sitt og bli
Ligg og bli (får sjå an været)
"Tulleting" (target på foten min, snurring, bukke o.s.v.)

1 kommentar:

  1. misunnelig, misunnelig og atter misunnelig på muligheten på å få gå på det kursete.. hmfr.. Godt for dåkke at det gjekk så bra iallefall.. =) Klem

    SvarSlett