søndag, juli 22, 2007

Lørdag og søndag. Sykling og Sviland.




Lørdag kjøpte eg meg ny sykkel. Litt på impuls, men undersøkte prisar og sånt på forhånd. Det blei ein Diamant sykkel! Gullfarga! Som den aller første sykkelen eg nokon gong eigde.

Måtte jo prøve å ha med Ayla på ein liten sykkeltur her på grusveiene, berre, og ho sprang så fint ved sida av, atte. :-)
Joey, stakkars, blei heilt dårlig då han såg at me drog avgårde på sykkelen, og ville vera med, han også. Eg tok med meg han også på ein 100 meters travetur, og det var veldig tydelig at han stoooorkoste seg. Han har alltid likt godt å sykle, men i går var det også veldig tydelig at han er ei ung sjel i ein gamal kropp.

Eg trur at når Ayla og eg får trent oss litt, så skal det gå an å sykle med henne på vegen utan band. Ho kjem til å ha så panikk for å bli forlatt at folk og hundar ikkje vil bli eit problem. I verste fall kan me stoppe sykkelen og GÅ forbi folk og hundar og så sykle vidare etterpå.


Søndag blei me vekt av at mobilen til Vetle ringte. Det var far hans som proklamerte at han og ei venninne skulle komme på besøk. Dermed måtte me rydde for harde livet til eg måtte dra avgårde på MRT av kneet. Etterpå skulle eg til Sviland og trene med Krissi m.fl.

Røntgengreiene tok ein heil time, og halv tre var eg på Sviland. Der var eg med på Snuppa si rundering. Tok ein del bilder med Krissi sitt kamera som sikkert kjem her etterkvart.

Etterpå gjekk me ned på NRH sin "appellplass" og Krissi gjennomførte tre av fire appellmomenter med glans!! No gjenstår dekk med skjult førar i 5 minutt, så er heile greia bestått!! Juhu!!

Planen i dag var å trene lydighet, kanskje litt møtetrening, og forhåpentligvis litt rundering. Det blei ikkje nokon av delene. Derimot blei det ein runde med Lara og Krissi, og Ayla såg ut til å syns at det var kjekt.





Lara må vera verdas mest tålmodige hund. Ayla var ganske så innpåsliten av beundring :-)













Ayla følger spent med for å sjå kva som brått fatta interessa til Lara











Her synes eg Ayla såg veldig kvalpete ut














Demping på høgt plan?













Lara




Klokka blei fem på halv sju før eg vende nasen heimover.

Vel heime måtte eg bare prøve å sykle litt igjen, og då lot eg bare Ayla springe ved sida av meg på vegen. Det er jo nesten ikkje bilar her ute, og me treffer sjeldent folk. Det gjaldt i kveld også. Travetempoet til Ayla er rundt 6-7 km/t.



P.S. Tusen takk for bildene, Krissi! :-)

1 kommentar:

  1. Så flott at det gikk bra med syklinga, jeg MÅ også komme igang. Men prøver først med henne løs i kontrollerte omgivelser (Sviland). Så får jeg se om jeg kan forsiktig introdusere springer.. :)

    Tusen takk for at du tok så flotte bilder, både av runderinga og appellen... Gliset henger fortsatt på, klarer bare ikke slutte!! :)

    SvarSlett