Klarte å gløyme å printe kriterieplanen, så då blei det stort sett tulletrening igjen. Fy meg.
Nesten det første som skjedde då eg skulle ha ut Ayla mens me likevel stod og prata, var at ho hoppa rett opp på Ann Kristin. Ayla har då ikkje hoppa opp på nokon på aldri så lenge! Dermed måtte eg trene på det igjen. Fekk Ann Kristin til å prøve å lokke Ayla til å hoppe opp på seg, og klarte til slutt å få henne til å sette seg når ho kom bort til Ann Kristin. Takk og pris for at det er såpass enkelt å trene vekk igjen! :-)
Ellers fekk eg trent litt på å halde kontakten sjølv om det var litt bjeffing rundtomkring, og det syns eg ho får til ganske så bra nå. Eg hugser med rødmande kinn den gongen i fjor der eg måtte be dei andre på KlikkerTRENERkurset om å vera stille, ellers klarte ikkje Ayla å konsentrere seg... *blush* Godt å ha noko å skulde på...
Me gjekk også åttetall mellom Bente, Bente, Solfrid og Ann Kristin der Ayla holdt kontakten DØNN stort sett heile veien. Då eg oppdaga jukset mitt (eg klikka rett før me skulle passere mennesket, og så fekk ho godbiten idet me passerte, og voila, problem løyst), blei det litt vanskeligare for henne, men ho skjønte poenget etterkvart, og eg venta med å klikke til ETTER me hadde passert. :-)
Det virker som om helse-kommandoen min kun betyr yr glede for Ayla nå. Når me har trent på litt omvendt lokking, eller at ho skal sitte ved sida av meg når eg prater med folk, og eg då spør om ho vil gå og helse, blir ho kjempeglad og springer bort til personen og stiller seg med sida inntil beina og kikker på meg. Når ho er ferdig, kjem ho bort til meg igjen. Dette har eg ikkje trent bevisst på, men trur nok at det har hjelpt at eg har brukt personar ho liker veldig godt (og det gjer ho jo med dei alle når ho bare har fått konstatert at dei ikkje skal myrde henne og partere henne opp og selgje henne på QXL som prima biffkjøt).
Eg lærte dessuten at Ayla ikkje har små kvalpar på menyen. Veslemøy hadde med seg vesle Oscar (eller Åsgår, som eg trudde han heitte) på fire mnd(?) med seg. Ayla fekk helse, og helste kjempefint! Eg gjekk vekk litt, sånn at ho ikkje skulle bli voktande eller beskyttande eller kva no som føregår i instinktene hennar, og mens ho stod og snuste på Oscar som stod mellom beina på Bente, gjekk det ei vilt framand dame forbi bak Bente. Ayla stod slik at ho såg dama, men var ivrig opptatt med å snuse på Oscar. Eg fekk litt noia, for eg stod så langt vekke, og plutseleg kikka Ayla seg rundt for å sjå kor eg var blitt av. Eg smatta, og ho høyrde nok ikkje med ein gong kor lyden kom fra, for ho pilte etter denne framande dama.
Eg ropte på henne, og ho snudde på ein femøring og gallopperte opp igjen til meg! :-) Ikkje bort til Bente og Veslemøy og Oscar, men til meg! Juhu!
Litt seinare låg ho i Dekk, og fekk klikk og godbit med Oscar som maksimal forstyrrelse der han gjekk og snuste henne i rumpa og i øyret og på sida. Ayla låg heilt i ro og nistirra på meg.
Så: Jippi!! Ayla eter ikkje kvalpar!! Juhu!!!
Og eg har gjort ei oppdaging eg ikkje heilt likte... Eg må belønne meir med leik! Ho velger vekk leika til fordel for godbitar! :-O
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar