lørdag, oktober 27, 2007

Sjuk? Lengtar ho? Innbilt drektighet?

I går drog Vetle nedover til Risør, så eg er åleine med hundane denne helga.
Då eg kom heim frå jobb på fredag, kledde eg meg om med ein gong, og tok dei med meg ut på tur. Då me hadde kome eit par hundre meter, måtte eg stoppe opp pga noko, og då la Ayla seg ned etter at ho hadde oppført seg litt rart. Eg heiv ein godbit bortover langs grusvegen, og ho pilte etter den med høg hale og var brått seg sjølv igjen.

På resten av turen som varte nesten halvannan time, haldt ho seg i umiddelbar nærhet av meg, og eg syns eg kunne merke at ho faktisk var litt sliten... eller ikkje sliten, men fornøydd.

Då me kom inn, skulle eg berre sjekke litt mail og sånt på laptopen før eg skulle lage meg middag, og då gjekk Ayla rundt i leiligheten og peip og klynka. Eg syns det var rart, for ho hadde vore godt på do på turen. Eg skreiv det på konto for Vetle-lengt, og syns det var veldig søtt.

Etter middag tok eg for meg badet. Der har det blitt litt av ein haug denne siste veka, og det likte Ayla veldig godt. Ho kraup inni kroken sin og låg der. Sjølv om eg gjekk ut av badet også. Vanligvis pleier ho å sprette opp når eg forlater eit rom, men ikkje i går.

Litt seinare opna eg døra inn til soverommet for at det ikkje skulle vera så kaldt når eg skulle legge meg, og mens eg sat i stova, gjekk Ayla inn på soverommet og stjal ein av bamsane som står ved mi side av senga. Ho gjekk inn på datarommet og la seg i sofaen der, og det var der eg fant henne då eg lurte på kor ho hadde blitt av. Vanligvis når ho stjeler noko, legger ho det berre ved sida av seg og passer på det. Tingen er knapt nok våt eingong, men i går var bamsen kliss våt. Då eg tok den frå henne, blei ho uroleg, og etter dette begynte ho å klynke mens ho vandra rundt i leiligheten igjen.

Ho har også vore veldig veldig kosete i det siste.

Livmorbetennelse og innbilt drektighet har vore langt framme i hovudet mitt i det siste, for eg leste eit innlegg på Canis nettopp om ei som hadde falsk drektighet på hunden sin. Og Krissi hadde livmorbetennelse på Snuppa, og etter eg leste det innlegget, har eg vore litt på vakt etter sånne ting.
Sjekka kalenderen og bloggen, og den 25. august skreiv eg at Joey hyler så snart Ayla rører på seg. Det skulle dermed vera ganske nøyaktig ni veker sidan ho var høgløpsk, og ca åtte sidan løpetida slutta. Nærmare bestemt 63 dagar sidan høgløpsk, og det er jo dønn eit svangerskap, er det ikkje?

Ettersom kvelden gjekk, forsvant ho igjen. Då låg ho på senga vår med ikkje mindre enn TRE bamsar rundt seg. Dette har skjedd fleire gonger før også, så det skulle ikkje vore noko rart ved det. Dersom døra står open, går ho inn dit, stjeler ein bamse, og legger seg på senga. Når eg då kjem inn og tar det frå henne, koser me litt og så tar eg henne med ut igjen. Men i går, kikka ho veldig etter bamsane, og var ikkje så interessert i kosen. Så skulle eg kose henne på magen, og då kjente eg det... Ehm.. puppene? pattane? jura? var blitt større, og då eg klemte passe hardt, kom det væske ut.

Det kan med andre ord sjå ut som om Ayla har fått innbilt drektighet. Eg syns ho har vore litt meir på tuppa dei siste dagane, og har boffa på lydar ho vanligvis ville ignorert. Ho har også sove meir, og mast meir om kos. Matlysta har vore der, og ute på tur har ho vore sitt sedvanlige kvikke, kontaktsøkande Ayla.

http://www.charlottes.no/?page=hunden_tekst1&mode=10

http://www2.orionpharma.no/templates/Page____1904.asp

http://debatt.sol.no/show.fcgi?category=3500000000000012&conference=131&posting=20500000001630031

Her stod det veldig bra:
http://www.vetmed.lsu.edu/eiltslotus/theriogenology-5361/canine_pregnancy.htm


I dag morges høyrde det ut som om ho skrapa på døra, men etterkvart som eg høyrde etter, virka det meir som om ho gravde inni buret. Då eg slapp dei ut fra romet sitt, gjekk ho rett til døra, og eg høyrde det surkla i magen hennar. Ho sprang bort til graset langs kanten på plenen og åt.
Då eg serverte frokosten, åt ho først godt, men så stoppa det opp.

Lettare hysterisk som eg jo er, tenker eg på jurbetennelse, livmorbetennelse, og andre uhumskhet og kjenner at eg helst skulle hatt nødnummeret til dyrlegen på hurtigtast på mobilen. Usj...

Det står at ein skal aktivisere ei tispe med innbilt drektighet, så det får eg gjer. Eg trur også at eg skal la vær å trene passeringar til det har gått over. Halde ved like, ja, auke kriteriene, nei. Og så må eg følge med på om det kommer væske fra kjønnet hennar m.t.p livmorbetennelse. Og halde eit auge med om ho verkar slapp og får dårleg apetitt. Huff, stakkars Ayla...

3 kommentarer:

  1. hmmm...høres jo som Aylagullet har fått "valper", ja...:-(
    Her har du noe å aktivisere henne med - hun er nemlig blitt utfordret av Kira! ;) (og ja, mye enklere utfordring enn din, så det så!) Sjekk bloggen min:
    http://www.blogtown.se/blog.php?id=EB
    snakkes mandag? klem, EB

    SvarSlett
  2. Hvilken av mine utfordringer? Jeg har egentlig to, nemlig!

    En der jeg utfordrer DEG til å skrive ned 7 rare ting om DEG og som DU ikke har svart på,

    Og så denne siste her med Pay It Forward.

    SvarSlett
  3. Shoot. Glemt det. Sorry! :-(

    Skal få gjort noe med det. I morgen. *flau*
    (men ja, forsåvidt enklere enn BEGGE dine, så det så: det finnes vel ingen rare ting å si om meg?! ;-)

    SvarSlett