tirsdag, april 21, 2009

Kurshelg i Oslo. Lørdag.




Vakna klokka seks og stod like godt opp då. Frokosten begynte klokka sju, og fem over sat eg og åt frokost på Rica Helsfyr Hotell. Ikkje i nærheten så god som på Oslo Plaza, men så har Plaza litt fleire stjerner også. Hehe...

Kurset starta klokka ni, og me begynte inne med teori om det me skulle ut og lære hundane (dei andre, for eg hadde jo ikkje Ayla med). Første økte skulle me lære Food Refusal. Dette likna ein del på måten eg har trent inn La Vær på, men utfordringa kom då trenaren skulle ta på bind for augene.

Eg var med Steinar og Blues på denne økta, og fekk med det litt rottweilerdose. :-) I løpet av ganske så kort tid kunne Steinar sette på bind for augene, og Blues fekk presise klikk for å oversjå maten eg så lekkert forsøkte å tilby han.

Me kom så langt at Steinar og Blues GJEKK forbi med bind for augene, og jammen fekk Blues presise klikk for korrekt atferd der også! :-)

Nedanfor beina til rottweileren ligg det eit minefelt av Frolicbitar, men han held fokus på matmor. (han her skjønnasen er forresten åtte år! :-)

Andre økta me var ute og trente, var eg saman med Lotte og Ringo, ein blanding mellom border collie og schæfer. Då skulle me trene på at hunden targeter fortauskant. Hunden skulle sette føtene opp på fortauskanten, og her kunne me også sette bind for augene. (eg skriver ME, men eg meiner jo sjølvsagt dei som hadde med hund)

Me skulle heile tida fokusere på posisjonen til hunden, den skulle vera bein og rett mot fortauet. Eit av tipsa for å få til dette var å stå med hunden mellom beina, og løfte den av kanten når me skulle ha ny repetisjon. Dette var nemlig noko som sluttbrukaren også skulle kunne trene hunden til, og då var det viktig for brukaren å kunne orientere seg i forhold til kanten og hunden.

Morten og Kira viser "Finne fortauskanten"

Tredje gongen ute kunne dei med hund velge om dei ville prøve på: Find an empty chair, Pedestrian button (fotgjengarknapp, sånn som får det til å bli grøn mann) eller Elevated Obstacles. Innlæringa av desse momenta var ganske lik på alle tre og gjekk ut på at handleren stod ved sida av stolen, knappen eller hinderet og hadde hunden i kort kort kort band. Handleren la så targethanda på gjenstanden, og lot hunden finne target to-tre gonger før den skulle prøve på eiga hand. Dette var stort sett så mykje hjelp hunden fekk for å komme i gong og skjønne halvveis kva me var ute etter.

Dette med hjelp skjønar eg jo at eg må tenke på, for det er ikkje alle hundar som korkje trivst med å finne ut av ting sjølv (dei vågar kanskje ikkje), og det er ikkje alltid hundetrenaren har evner til shaping uten hjelp. Derfor har eg tenkt å forsøke å lære meg å bruke targethjelp på diverse "ufarlige" øvelsar, sånn at eg i det minste kan det om eg treng å lære det vekk.

Michele var veldig klar på at me skal ta vekk hjelpa etter ganske så få repetisjonar, men det er jo så lett å fortsette med det som fungerer så godt! :-)

Fjerde økta såg me på nokre kvalpar som lærte seg å oversjå andre hundar ute på tur. Me var først inne nå også, og der viste Michele filmsnuttar av FIRE mnd gamle kvalpar på tur med framand førar. Ein hund dukka opp på stien foran, og då kvalpen skulle passere der hunden kom ut fra, snuste den ikkje i bakken (Ayla gjer ofte det når ho har sett ein annan hund. Når me då kjem dit hunden dukka opp, snuser ho i bakken akkurat der.), eller ville bort til den andre hunden. Eg gjentar: FIRE mnd gamle kvalpar som hadde vore hjå Puppy Raisers med litt instruksjon om korleis dei skulle trene på dette her! Fantastisk!! Eg fekk nesten tårer i augene!!

Den treninga me fekk sjå i forbindelse med dette siste her, gjekk ut på at Puppy Raiseren og kvalpen stod og klikka mens ein annan hund valsa rundt omkring. Kvalpen fekk klikk for å sjå på den andre hunden, for å sitte rolig og sjå på den andre hunden, for å sjå på den andre hunden for så å snu seg vekk, og det var ikkje kontakten som stod høgast på lista over ønska atferd. Førarhundar skal observere verda rundt seg og så jobbe vidare. Derfor blei all atferd kombinert med "forholde seg rolig" belønna.

Dersom kvalpen byksa fram til den andre hunden fleire gonger på rad, løyste dei problemet med å klikke tidlig. FØR bykset. På denne måten fekk trenaren hanka kvalpen tilbake før den byksa.

Litle Mallinoiskvalpen lar Lagottoen passere.

Siste økta fekk me lære noko ho kalla Leash Cues. Dette er rett og slett ein måte å lede hunden på uten at den treng å kikke opp på trenaren sin. Her blir negativ forsterkning brukt, og eg kjenner eg er ganske motvillig til å bruke det. Det er berre eit veldig veldig mildt aversiv, men likevel.


Her skal me igjen stå med kort band (det korte bandet gir ein blind trenar mulighet til å få informasjon han eller ho ikkje ville fått med langt band), og trekke bandet til sides. Med ein gong hunden beveger seg for å sleppe opp presset, skal me klikke og belønne, sjølv om hunden berre vrikker litt på seg. Presset i bandet skal kome i korrekte retningar: Rett venstre, rett høgre, rett ned og rett opp.

Eg forsøkte dette med Ayla på tur, og det fungerte gullfint. Etter nokre repetisjonar flytta ho seg kjapt dit eg ville, og etter den treninga, var det ikkje rare kreftene som skulle til for å stoppe henne når ho drog i bandet. Målet er å bruke så lite press i bandet som mogleg, til alle retningar.

Då dagen var slutt halv seks, var hjernen min det også. Øktene gjekk i eitt bankande kjør, utan pause anna en lunsjen. Laaaang dag, med andre ord!


På kvelden var det invitert til felles middag, og det var skikkelig koseleg! Eg kjende meg ikkje det minste utanfor, sjølv om alle dei andre (bortsett frå ei til) var ferdig utdanna instruktørar eller håpefulle instruktøremner hos Canis Hundeskole.

Halv ti braut eg opp og gjekk opp på rommet for å pakke.

Sovna med Kathy Sdao på DVD på laptopen denne kvelden også :-D



 







Kari-Anne har også skrive om denne kursdagen:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar