torsdag, mai 18, 2006
18. mai Framandtrening på Varhaug
Drog heimefrå like over fem, og hadde pakka med meg pølsebitar, karbonadebitar, filmapparat, sekken med frosken og sitteunderlag og tennisballapporten og termos, bånd, Ayla, veska mi, og ein god porsjon optimisme.
Først trente me litt med Shaylee og passering av folk på veien, og det gjekk utrulig bra! Ho kom med eitt lite bjeff (eller kanskje var det to), og så var det full konsentrasjon på Anne Karin igjen.
Så kom Arnfinn, og det var Ayla sin tur. Me gjekk mot han og klikka, og han stod med godbitar i hendene og kikka til sida. Ayla skjønte teikninga rimeleg kjapt, og droooog meg bort. Ho gjekk rett i handa og åt pølsene. Me ga oss då.
Andre økt gjekk med mot igjen, men då me var tre-fire meter unna, slapp eg henne bort. Etterpå angra eg litt på det, men då eg såg filmopptaket av det i dag morges, såg eg at det gjekk mykje betre enn eg i det heile kunne forvente. Eg kunne sjå på kroppspråket til Ayla at ho var kjempeglad og syns det var veldig stas med Arnfinn der og då, så dette går vegen!
Tredje økt stod me fem-seks meter frå bilen, og Arnfinn kom mot oss. Ayla drooog mot han og visste godt at ho skulle få pølser av han. Ho hadde eit par forsøk på å hoppe opp på han, så det skal me også trene på etterkvart, men nå først får me konsentrera oss om at ho syns det er kult med framande.
Me stod og prata ei stund, og då fann eg ut at eg skulle ta henne ut igjen. Men nå skulle ho berre rusle rundt oss mens me stod og var kjedelige. Korkje Anne Karin eller Arnfinn hadde fleire godbitar etter at første helserunda var unnagjort. Eg syns ho roa seg rimelig kjapt og avfann seg med at me berre stod der. Det blei litt klapping etterkvart når ho hadde roa seg.
Etter det var det Aro sin tur med passeringstrening, men han gadd knapt nok bry seg om meg og Ayla som gjekk forbi på vegen. Sånn skal det vera!
Så slapp me dei store laus på plenen, og dei koste seg og syns det var kjekt. Shaylee kom ut og fekk helse på Ayla, og etter at Ayla hadde vore uheldig og tråkka eller falt på henne, så syns eg veldig synd på Shaylee. Dei fekk litt godbitar på plenen og søkte i lag etter dei før eg sette Ayla i bilen.
Me trente litt på Shaylee og bordet før det var tid for SOS Hundehjelpen. Shaylee og Aro får vera i sofaen, og det syns jo eg er såååå kjekt så lenge det ikkje er min sofa og mine hundar. Koste litt med Shaylee mens me såg programmet, og etterpå viste Aro kor rask han var blitt til å dekke! Skal sei der har vore framgong! Skikkelig bra, altså!
Rett før ni køyrde eg heim med eit stort smil om munnen og ei utslitt Ayla bak i buret. Eg må jo seia at eg blir ganske trøytt i toppen etter slike økter, eg også. Men det er herleg å vera hundeeigar når eg kan skimta lys i andre enden av tunnelen (ja, det staves faktisk sånn, eg sjekka).
I dag morges på morgenturen blei me overraska av ei saftig og blaut regnbyge som gjorde så stor "skade" i løpet av eitt minutt at eg måtte byta klær før eg gjekk på jobb!
Vel likar eg sommarregn, men temperaturen er ikkje der HEILT endå.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar