Hadde god tid i dag morges på lufteturen, og av ein eller annan grunn var Ayla veldig veldig gira på Frolic-bitane! Ho smalt ned i dekk gong på gong, og eg belønna sittopp. Det var akkurat som om ho skjøna det med ein gong, at for å få klikket, måtte ho ned i dekk først for så å setje seg opp. Eg holdt nesten på å gjera ein stoooor blunder, for eg klikka ukritisk for einkvar sittopp. Så la eg merke til at ho slengde seg opp skeivt gong etter gong, som om ho skulle til å springa bakover frå dekken. Greide heldigvis å klikka for fire rette og raske sittopp før me ga oss.
Dagens erkjenning 1:
Når andre ting i livet ikkje går som det skal, er det lett å tru at motgangen i hundetreninga er skuld i det dårlege humøret.. Men så er det ikkje det.
Dagens erkjenning 2:
Har kome fram til at årsaken til at eg drøymer så mykje om røyking om nettene i det siste, er at eg har byrja å ete snop ein og annan gongen igjen, etter månadar utan. Skal no slutte heilt å kjøpe Sjokoladefamilien og Mars (skal bare ete den siste halvdelen på neste søndagstrening, kanskje).
Is er jo ikkje snop. (nehei, det er ikkje det!) Ikkje på somaren, i alle fall...
Så vil det visa seg om eg slutter å drøyme om at eg røyker og trur eg har kontroll fordi det berre er litt av og til... Kan eg FÅ tydeligare hint, liksom? Litt plar liksom bli meir og meir, og når det er Sjokoladefamilien og Mars.. Mmm.. Som smeltar i munnen... Og smaker så godt.. Mjuk deilig sjokolade... Nei, cold turkey bli sjokoladeavholds er nok det beste. (etter at den siste halve Marsen er fortært neste søndagstrening, vel å merke).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar