tirsdag, september 12, 2006

Ingen spesiell trening..

Ikkje noko spesielt å rapportere i dag. På torsdag kjem fire av kollegaene mine for å sjå Brokeback Mountain her, og kvelden har gått med til å fjerne svarte, brune og kvite hybelkaniner, spindelvev i taket og edderkoppar på badet. Kjekt å bu i kjellar, jadda...

Etter jobb tok eg forresten med meg hundane opp til ein potetåker her, og trente sitt og dekk med Ayla mens Joey låg i dekk og bli. Eg brukte først flygande gras som belønning, men så såg eg ei gjengløymt potet som låg der. Etter ein lynkjapp sitt heiv eg denne poteta nedover åkeren, og Ayla fauk etter den og fanga den i lufta! Den var skikkelig stas, og eg fekk både raske dekkar og raske sittar for den! Hesten som stod eit par meter vekke og såg forundra på denne teite hunden som sprang etter poteta vrinska godt kvar gong eg heiv poteta avgårde.

Me var ute i tre kvarter, og så gjekk me heim og Ayla sovna momentant. Det har vore harde dagar for henne i det siste...

Eg har bestilt time til henne hos Tu Dyreklinikk neste torsdag for øyelysning. Det blir spennande...

1 kommentar:

  1. ingen spesiell trening? Syns du hadde masse bra trening eg. =) Drivkraften min du. ;)

    SvarSlett