onsdag, september 27, 2006

Og så var mørkret skummelt igjen...


Ja, for meg, altså.

Tok med meg Ayla og gjekk ut med sele, langline, band, klikker og ein haug med Frolic. Eg visste ikkje kor me skulle eller kva me skulle gjera.

Me rusla ned til Vistnestunet, og skulle eigentleg rett ned til sjøen, men då eg kom til ridebanen, stod eit av hindera i lagleg høgde til å trene hinder.

Først gjekk eg over og stilte meg på andre sida i forhold til henne. Ho hoppa etter = klikk
Dette repeterte eg tre-fire gonger, så stod eg i ro på same sida som henne. Ho hoppa over = klikk og fire frolicbitar (= ein heil Frolicring)
Gjekk over på same sida som henne og sto der, og ho hoppa over til andre sida. Dette gjentok eg til eg kunne stå 30 cm frå hinderet.
Herifrå vil ha ein annan person på den andre sida før eg går vidare.

Eg syns ho gjorde det såpass bra at eg bestemte meg for at ho skulle få kose seg med å springe laus litt, og gjekk nedover mot sjøen. Då me hadde kome halvveis, kjente eg at eg hadde lyst til å jogge , og måtte derfor gå eit lite stykke langs sjøen for å komme dit det er greit å jogge i mørkret.

MEN!!!! Då me kunne sjå strandkanten, gjekk Ayla nedover mot den. Så stoppa ho brått opp og stirra på noko. Eg kikka nedover i same retning, og i mørkret såg det vitterleg ut som om det sat ein person på ein stein!
Eg sa "Sjå!" og bøyde meg ned mot bakken som om eg hadde funne noko særs interessant, og Ayla kom som ei kule!
Eg kobla bandet på henne, og gjekk veldig fort derifrå. Etter 20 meter høyrde eg det rasle bak meg, og då eg snudde meg, kunne eg skimte ein skugge som kom mot meg i mørkret. Det rasla i regnklær også no.

Eg gjekk ved første anledning ned mot sjøkanten, så personen bak meg kunne passere. Eg var skikkelig redd! Sjølv om eg veit at Ayla hadde bjeffa på dei om dei hadde kome nærmare, så var eg redd.
Eg hadde lyst til å spørja den som gjekk forbi om det var dei eg hadde sett borte på steinen, men vågde ikkje. Redsla endra seg ikkje då eg kom fram til at det heilt sikkert hadde vore dei som sat på steinen, for den personen såg også ut til å ha regnklær på seg, eller i alle fall hette av eitt eller anna slag.

For kvart steg blei eg reddare og reddare, for eg såg ingenting framføre meg. Klokka var kvart på ni, og det var veldig veldig mørkt.
Då me kom bort der me hadde sett personen på steinen for første gong, stoppa eg opp for å sjekke om det framleis sat folk der. Og det gjorde det! Eg stod lenge for å forsøke å skilne om det kunne vera augene som lurte meg, eller om det faktisk sat nokon der.
Så bevegde dei på ein arm!! Då sprang eg!!! Det vil seie ME sprang!!

Ikkje før eg kom til grinda ved Vistnestunet sakka eg på farten! Snakk om å skremme livet av seg sjølv!! Det leie er at eg hadde blitt kvitt mørkeredsla mi, og seinast forrige veke sa eg til Vetle at eg var så glad at eg kunne gå der nede i mørkret no.
Eg trur ikkje det blir så mange turane ned dit etter at det har blitt mørkt framover. Dessverre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar