Møtte Olaug ved Bråstein halv ett, og me byrja å gå innover. Været var skikkelig bra i dag, og til tross for NKK utstilling på Orre, møtte me haugevis med hundar i dag også. Sikkert over 30 til saman! Alle lause, og sikre på språket sitt...
Etter ei lita stund, berre, møtte me på ei klynge med folk og der sprang 10-12 hundar i salig kaos. Eg kjende eg blei litt småpanisk, og hadde mest lyst til å kalle Ayla inn til meg. Eg lot vera, og såg med stolthet at ho klarte strabasene heilt kjempefint. Ho berre sikk-sakka seg mellom og gjennom folk og hundar, og brydde seg ikkje stort i det heile! Eg gjekk tilsynelatande roleg gjennom og forbi klynga, og ho følgde meg.
Etter endå ei lita stund møtte me tre hundar til. To belgerar og ein GD. Olaug blei rimeleg kjapt omringa av alle saman!
Då me hadde kome til endes, sette me oss ned der. Ayla trengte litt kvile og nedkjøling, for det var varmt! Då me hadde kvilt oss i fem-seks minutter, kom det eit par med ein liten dachs. Ayla sette i gong å bjeffe, og haldt det gåande til dei hadde gått forbi.
Me reiste oss då ho hadde roa seg, og sleppte hundane laus. Folka ho hadde bjeffa på kom tilbake, men då ensa ho dei ikkje eingong!
Korleis skal me få trene vekk vokting?
Ho busta svært lite i dag. På eit par hundar som var litt frekke, berre. To-tre menn klappa henne på hovudet og kroppen elles, og det var heilt greit og kanskje faktisk litt deilig.. Det såg i alle fall ut til at ho likte det..
Siste del av turen hadde eg henne i band, for ho hadde sprunge så masse. Derfor ville eg rett og slett gå henne ned i håp om å minske stølhet i musklar og sånt.
Denne dagen traff me forresten fire-fem rottweilerar!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar