lørdag, august 25, 2007

Tur, løpetid, veterinærbesøk og snart fellestrening igjen!

Joey hyler så snart Ayla beveger på seg. Jippi, liksom... Eg skulle liksom spørje veterinæren om kjemisk kastrering då Joey hadde time for vaksinasjon, men gløymte det heilt ut. Han vog 35 kg (og kan nok slanke seg 2-3 kg). Hjertelyden var der sjølvsagt endå, men han virka sprek og fin for alderen, sa ho. Tennene var kjempefine, og fullstendig uten tannstein. Ikkje verst for ein på snart tolv år. :-)
Katten, derimot, trengte litt skraping av jekslene, så det ser eg veldig fram til. Ikkje!

Løpetida er på 14. dagen, og ho blør endå. Dei har sove separat sidan me kom heim frå ferie på søndag.

I kveldinga tok eg på meg vesten og putta lommane fulle av frolic og leverbitar pluss ein boks med Sheba kattemat, og så gjekk eg og Ayla ein lang tur.

Me passerte ein hundegarde med to bjeffande hundar i, og dei passerte ho uten ein lyd. Så kom to damer gåande. Eg valgte å ikkje gi henne kattematen, for dei kom så langt vekke frå. I staden ga eg leverbitar med jevne mellomrom, til dei var rundt 20 meter frå oss. Då ba eg henne sitte, og stilte meg foran henne. Ho såg damene heile tida, og hadde forresten grima på, men ikkje ein lyd, og ingen bust og ho var rimelig mjuk i munnen då ho tok godbitane.

Etter ein km og to traff me dei same damene igjen, og då gjentok eg suksessen. Men denne gongen var vegen litt smalare, og ho var dermed litt meir hard i munnen. Ingen bust eller reaksjon anna enn hard munn.

Ikkje før dei hadde passert og eg pusta letta ut, kom eit eldre ektepar. Ba henne sitte, stilte meg foran og ga godbitar mens dei passerte med ca 3,5 meters avstand. Mjuk munn og ikkje interessert i anna enn meg. Akkurat idet dei hadde passert og me skulle gå vidare, kom to jenter med kvar sin diiiigre hest ruslande. Ayla har ved eit par anledningar gjort rare krumspring når hestar passerer (dei me må gå forbi når me går gjennom Vistnestunet er til tider særdeles innpåslitne). Derfor satte eg henne i sitt, og så fekk ho godbitar mens dei gjekk forbi.

Eg ringte Vetle og ba han komme oss i møte fordi Ayla og eg hadde vinden i ryggen. Dermed kunne me få litt trening der også.
Ayla gjekk laus då han kom gåande med Joey, og ho såg han langt vekke. Eg stoppa opp, og ho gjekk nokre få steg vidare etter at ho hadde sett han. Eg smatta, og ho pilte tilbake til meg. I mens gjekk Vetle tilbake igjen ute av syne.

Dette gjentok me til Vetle og Joey var så nære at ho garantert kunne sjå kven det var. Då ga eg teikn til at Vetle skulle rope på henne med andre ord enn innkallingsorda våre. Ho sat som limt ved sida av meg heilt til eg sa "Må du gå!" som er fri-signalet hennar. Då gallopperte ho bort til Vetle som heldigvis hadde godbitar med seg.

Eg turte ikkje fortelje Vetle om kor bra turen hadde vore før me kom heilt heim, i tilfelle eg skulle "jinxe" turen. Overtruisk? Eg? Næsjda... :-)

4 kommentarer:

  1. Så flink du er å trene :-) Smart å utnytte vinden til å trene med kjentfolk. Åpner seg jo fort flere planlagte treningsmuligheter da.
    Men jeg lurer på, trener du nå etter oppskriften til Sdao eller?

    SvarSlett
  2. Ja, jeg har på henne grima på turen, og begynner å mate henne umiddelbart etter at hun har sett folka.

    Med Vetle har jeg avtalt på forhånd at han forsvinner ut av syne igjen med en gang jeg mater Ayla. Så venter vi litt før vi gjentar det hele.

    Har du fått DVDen din?

    SvarSlett
  3. Jada, har fått DVDn:-) Har sett gjennom den en gang. Men tror jeg må kjøre en runde til på noen av leksjonene for å få med meg flere detaljer.
    Ble forresten litt skuffet over den praksiske delen da. Syns de kunne kostet på seg en skikkelig filming av praktiske treningstilfeller. Men har uansett fått med med hovedpoenget... Trur eg ;-)

    SvarSlett
  4. Jeg må også se gjennom den igjen. Men føler vel jeg også har fått med meg essensen i hva hun formidler.

    Jeg har skrevet et par mailer til henne som jeg har fått svar på, så hvis du lurer på noe, kan du helt sikkert skrive til henne du også. :-)

    SvarSlett