torsdag, august 02, 2007

Back to basis.

Bilder tatt av Krissi på Austrått på tirsdag.





Fekk meg eit lite sjokk i dag morges på lufteturen.

Kvar morgon, ein time etter at Joey og Ayla har ete, rusler me bort til lyktestolpen sånn at dei kan gå på do. Bort dit går Ayla fri ved fot med litt holdtar og vendingar. Når me kjem bort dit, spør eg om ho har tisst, og så går ho og tisser. Joey sit ved sida av meg og venter til Ayla har tissa, og så går han bort og .. usj... koser seg med å snuse og smake og sikkert tenke masse grisetankar. Han er 11,5 år og kan gjer nesten alt han vil nå. :-)

Etter at Ayla har tissa, kjem ho springande bort til meg for å få godbiten sin. Ho har jo gjort jobben sin, må vite, og då skal ho også ha lønn for det.

Så pleier me å trene fri ved foten med temposkifte, heilomvendingar, holdtar, høgre- og venstrevendingar, eller me trener sitt og bli og innkalling, eller me trener på at Ayla skal sitte i ro mens eg hiver ballen laaaangt utpå jordet.

I dag tenkte eg at eg skulle få begynt på dette med dekk. Og her var det sjokket kom. Ho la seg ikkje! Ville ikkje tilby dekk! Ho gjekk sidelengs for å prøve å komme inn i utgangsstilling, men når det ikkje gjekk, satte ho seg ned. Klikk. Reiste seg igjen, ville inn i utgangsstilling, sideslengs 360 grader, satte seg, klikk. Dette gjentok seg, og ho blei frustrert fordi ho ikkje fekk komme inn ved sida av meg. På eit tidspunkt havna ho ut på jordet, og då la ho seg. Klikk og jubel. Ny runde sidelengs, havna på graset, heiv seg i dekk. Klikk og slenge godbit ut på grusen. Så pilte ho bort til graset igjen og la seg ned. Klikk og godbit utpå grusen.

Då den var oppeten, kikka ho på meg, og eg var såååå frista til å sei legg deg eller bruke handteikn, men klarte å la vera. Då sette ho seg først, før ho la seg. Klikk og ny godbit som ho måtte springe etter (det elsker ho). Heretter var det kjappe neddekk på grus, gras om kvarandre, men eg fekk meg ein liten støkk, ja.

Derfor blir det back to basis for meg i kveld. Ho skal få huske kva det er å tilby adferder, og bruke hovudet sitt betre. Eg skal klikke for at ho legg seg, for at ho setter seg opp, for at ho reiser seg opp, stort sett alt anna enn utgangsstilling og rygging. Og så skal eg vera flink til å sette korrekte kriterier.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar