onsdag, august 22, 2007

Full oppdatering frå ferien. Med bilder. Første veka.

Turen opp starta med perfekt kjørevær. Overskya og opphold. Jentene var i storhumør, og me stoppa langs veien for å lage tomatsuppe på primusen.





Ayla var litt stressa av at jentene sprang og hylte og lekte på altanen, men med godbitar for å ligge i ro, gjekk det fort over.
______________________________

Første dagen på hytta blei det bading, blåbærtur, og pakke ut.


_______________________________________
Andre dagen blei det meir bading, tur til butikken, og jentene fekk seg ei ny venninne som mista mobilen sin ein plass rundt hytta. Ayla to the rescue! Men ho fant den ikkje... Viljen var der, men me leita ikkje der den viste seg å ligge. På kvelden fyrte Vetle opp i stampen, og så fekk me oss ein dukkert der også. Eg bada ikkje i vatnet i det heile tatt på ferien, for det var berre 16 grader! Brrrr..

______________________________________

Tredje dagen var det endelig tid for den lenge oppskrytte teltturen tante hadde lovt jentene. Me hadde egentlig tenkt å sette opp teltet lenger innover grusveien i forhold til hytta, men fant ut at me skulle slå det opp midt i tjukkaste skogen heller. Det innebar at Vetle måtte gå halve myra nedanfor hytta for å finne ein lagleg plass til oss. Tidlegare på dagen hadde han lagt det eg nå bare refererer til som "helvetessporet". Stikkord: bratt skråning, fjell, ingen aning om kor gjenstandane låg, varmt, nevnte eg himla bratt? og ca 400 meter langt. Meir om spora kjem i eit seinare innlegg.

Ayla var med oss ned i teltet i kveldinga, og teltet kom omsider opp. Myggen var der umiddelbart, men me hadde heldigvis kjøpt myggspray. Kremt... Eg ga beskjed til jentene at dei skulle lukke igjen munnen og augene, spraya dei i ansiktet, og trudde eg var sååå lur. Jadda... Myggspray svir altså i augene, bare så eg veit det.. Dei begynte å hylgrine, stakkars, og nå veit eg at myggspray skal tas på hendene først, og så gnis i ansiktet. Huff... Jaja.. det gjekk fort over, og dei tilga meg fordi eg ikkje visste betre.


Kvelden blei snart til natt, og med nyinnkjøpte liggeunderlag kunne me krype under dynene og spele Svarteper. Ayla fant seg fort til rette og la seg til å bursove. Ho var nok supersliten etter det forferdelige sporet tidlegare på kvelden.

Klokka ett blei me trøtte, og la oss til for å sove. Natta var kald, dyna var lita, og teltplassen var ikkje så perfekt som me trudde. Ikkje for meg, i allefall.

Morgonen etter fyrte eg opp primusen igjen, og så hadde me frokost med kakao til. Ayla låg rett i nærheten av oss heile tida, og då Vetle og Joey kom for å hjelpe til med teltet og tinga, fekk jentene høyre koss Ayla høyres ut når ho passer på oss. Dei er opptatt av "tyvar", spesielt den yngste av dei (6,5 år), og ho meinte at hvis det kom nåken, kunne jo Ayla bare slikke dei vekk... Hehe...



Seinare den dagen drog me til Eikhom for å bade i jettegrytene der. For å sei det slik; det var den dagen eg fant ut at mobilen min tåler å bli dukka i vatn. Eg datt så lang eg var i ein liten dam på fjellet.. superglatt og skikkelig skummel. Eg hadde kamera og mobil rundt håndleddet, og begge to blei dukka i vatnet. Vetle sa eg måtte slå av mobilen med ein gong, og det var nok det som redda den.


Her bada eg også, for det var betraktelig varmare her, ja! Masse folk, men ikkje trongt om plassen. Me grilla litt pølser (mager kjøttpølse for min del) , og det smakte kjempegodt!

___________________________________

Fjerde dagen kom Olaug og Lea oppover. Me rakk litt bading denne dagen også, og kanoblåbærtur, sånn at me kunne ha pannekaker og blåbærsyltetøy seinare på kvelden.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar