søndag, august 26, 2007

Sporlogg for ferien






Spor 01

Hadde berre GPSen med meg då eg gjekk sporet. Ikkje då eg la det.

Lagt halv elleve på kvelden.
300 meter langt, hadde ikkje gps’en med pga fant han ikkje.
La ut ball med snor i, og ein isboks med pølse oppi, og frosken i slutten.
Terreng: Lyng, fjell, myr, ein bekk.

Vær: Opphold, tørt, lite fukt.

Halv elleve dagen etterpå skulle me gå det.
Ho var på med ein gong, og var ikkje i tvil om kor ho skulle gå. Då ho kom til bekken, svingte ho av, men fant ut kor ho skulle gå rett etterpå.

Første gjenstanden gjekk ho rett over, før ho stansa og gjekk tilbake igjen og plukka den opp og kom tilbake til meg med den.

Ho gjekk på sporet igjen skikkelig godt, og fant isboksen. Ho gafla i seg pølsebitane, og fant sporet flott igjen etterpå. Frosken i slutten gjekk ho IKKJE forbi, og fekk leike lenge med den.
Neste spor skal vera seks timar gammalt, og Vetle skal legge det. Eg skal ikkje vite kor det går, men gjenstandane skal ligge slik at eg ser dei hvis me går rett. Eg kan IKKJE miste frosken, altså!!








Spor 02 – 8. august 2007
Eg og Ayla er det gule sporet. Vetle er grønt.

Vetle la sporet halv tolv på føremiddagen.
400 meter langt.
Det tok 17 minutter å legge det.
La ut ball med snor i, isboks med pølse og leverpostei oppi, og frosken til slutt.Terreng: Lyng, fjell, to bevertråkk, våt skogbunn. Bratt og jævlig.

Me starta å gå sporet 6,5 timar etter det blei lagt. Eg visste berre sporstarten, og Ayla fant den sjølv. Eg var heilt sikker på at Vetle hadde gått til høgre, for det hadde eg sett på gps dataene. Ayla ville til venstre, og eg kom heldigvis på at eg jo ikkje visste heilt sikkert kor han hadde gått. Fulgte etter, og eg kunne sjå at ho var på, sjølv om nasen var høg.
Ei stund trudde eg ho kanskje berre var på tur, og då dukka ho ned i lyngen og kom opp med ballen. Vill jubel i skogen!

Vidare gjekk sporet nedover eit fjell med lite vegetasjon, men ho var dønn sikker på at det var her me skulle gå. Eg hadde ikkje anna val enn å følge etter. Me kom til det første bevertråkket, og då virka ho litt av, liksom. Ho følgde det ned til vannkanten, og var veldig interessert i noko der. Då tok eg henne av sporet og la henne i lyngen. Ho peste godt, og så fekk ho nokre blåbær. Så sette eg henne på igjen der eg sist var sikker på at ho visste kva ho gjorde. Då fant me boksen med pølsa, og vill jubel i skogen igjen. Vidare derifrå gjekk sporet over nok eit bevertråkk, men dette gjekk ho tvers over. Me kom så til ein sti, og der hadde Vetle tatt skarpt til høgre. Ayla gjekk rett fram, og etter 30-40 meter skjønte eg at ho var av. Måtte ringe Vetle, og gjekk tilbake til trappestien. Opp nokre jækla bratte steinar, og så var ho veldig snusete i lyngen. Eg trudde ho ikkje visste kor ho var, men det viste seg at Vetle hadde lagt ut frosken der, men hadde angra seg og lagt den ein annan plass som sporslutt. Ringte han og fekk bekrefta kor slutten låg.



Ho fant den også, sjølvsagt, og vill jubel igjen.
Eg seier berre; for ein fantastisk hund!
Resten av dagen tilbrakte ho som Hundegudinne i skyggen.




Spor 03 - 12. august 2007
Vetle hadde GPSen med seg då han la sporet. Då eg skulle gå det, dreiv den og kutta ut, så det blei oppstykke og uforståelig.

Vetle la sporet klokka to på ettermiddagen.
374 meter langt, og 2,5 timar gammalt
Det tok 20 minutter å legge det.
La ut boks med skinke og leverpostei i, XL ballen, og frosken til slutt.
Terreng: Tørr myr, skog.
Vind: Motvind

Eg hadde bestilt krapp vinkel med boksen midt i vinkelen pga motvind.
Fekk eg det? Nope.

Eg tok på meg gamasjene og beverstokken eg og jentene hadde funne på kanoturen, og tok ut nedover lia. Selen var på, men eg hadde bandet festa i halsbåndet.

Ho har begynt å gå bak meg i bratte nedoverbakkar. Heilt av seg sjølv. Deilig!

Sporoppsøk gjekk greit, og sporet gjekk sånn passe vimsete 20-30 meter. Så blei det rot. Eg måtte opp med GPSen for å sjå kor Vetle hadde gått, så eg fekk satt henne på sporet.
Vetle hadde lagt sporet i medvind, men då eg gjekk det, hadde vinden snudd og ho hadde nok tinga i nasen heile tida. Ho fant boksen, ballen og frosken, så slik sett er eg fornøyd, men sjølve spornøyaktigheten var ikkje bra. Kan det vera pga begynnande løpetid? Varmen? Sliten?
Neste spor skal eg ikkje fortelje Vetle koss han skal legge det. Bare sånn cirka kor gjenstandane skal ligge.




Spor 04 18 aug 2007
Her er Vetle det gule, og Ayal og eg det grøne.

Sporet var 523 meter langt. Eg bestilte et på 2-300 meter. MÅ huske at Vetle sine 100 = mine 300 meter.
Lagt kvart på ett på ettermiddagen.Det tok 15 minutter å legge det.
La ut ball, trepinne, boksen, frosken.
Terreng: Myr, lyng, fjell. Tørt. Varmt.

Eg har både video og bilder av når me går dette sporet, men pga manglande ledning, får eg ikkje lagt ut video. Endå.

Starte å gå halv fire.Sporoppsøket var perfekt. Ho skeina ut på myra, og eg måtte bare følge etter. Vetle stod ved veien med Joey og filma, men det brydde ikkje Ayla seg om. Ho langa ut, og eg måtte jogge (EG! Jogge!) eit par plasser for å holde følge med henne. Mulig sporet skulle vore litt eldre enn 2,5 timar?

Cirka halvveis var ho litt på villspor, så eg gjekk tilbake til der eg sist var sikker på at ho visste kva ho gjorde, og så gjekk ho flott igjen. Over myra ser det ut som om me gjekk ved sida av sporet til Vetle, men eg kunne sjå fotefara hans rett der eg gjekk, så det er GPSen som viser feil. Vedpinnen ho har gnagd på i heile ferien låg rett før sporet krysser grusveien, og ho fant han, men var bare måtelig interessert. Veikryssing fra fjell, over grus og til fjell igjen gjekk dønn perfekt. Eg kunne ikkje vore meir fornøyd! J

Boksen låg ca 70 meter fra grusveien, og då ho fant den, var eg nesten heile lina frå henne. Humpar og hol i myrterrenget gjorde at eg ikkje kom meg bort dit umiddelbart, og då skrapa ho lett på boksen. Så la ho seg ned og venta på meg. Skjønnasjentå mi. :-)

Frosken låg like ved eit tre, og då ho fant den, var ho kjempefornøyd! Me gjekk tilsaman 611 meter, og ho har ikkje gått så langt spor før. Det var varmt den dagen, og ho er i løpetid, men det merka ikkje eg noko til. Eg blir heilt forbausa over kor flink ho er, og lurer på kor eg skal gå herfrå. Eldre, lenger spor? Dette sporet tok det bare 25 minutter å gå.

Felles for alle spora er NULL GODBITAR! Ingen whatsoever! OMG!! Koss kom eg meg plutselig der?

4 kommentarer:

  1. Flinke FLINKE Ayla! :-D
    Men, han er ikke så verst han Vetle heller. Din tålmodige sporlegger. Kjernekaren sin det ;-)

    SvarSlett
  2. Ja, stakkars.. han blir sendt ut som sporlegger, figurant, skummel haltende mann, pakk esel og diverse andre oppgaver. :-) Men han gjør det gladelig for å se en sliten rottweiler sovende om kvelden ;-)

    Hvordan lærte du Heidi å plukke pinner?

    SvarSlett
  3. Hehe, ja si det du...
    Altså, jeg brukte en slags variant av MortenE sin "oppskrift". Men like systematisk og omstendelig som Morten sikkert bruker å være, var jeg nok ikke (som i mye annet jeg gjør, hihi).
    Gjorde omtrent slik: Etter en kort økt hjemme med å klikke for at Heidi viste interesse for pinnene (snuse på, plukke opp osv)tok jeg pinnene med ut i skogen og la opp flere små spor på rad og rekke etter hverandre innover skogen, hvor hver pinne liksom utgjorte sporslutt. Jeg merket godt hvor pinnene lå, sånn at jeg kunne klikke med en gang jeg så Heidi fikk pinnen "i nesen". I starten var jeg overhodet ikke nøye med at hun skulle plukke de opp. Var bare veldig nøye med at hun fikk klikk hver gang hun fikk fert av pinne(hun er ganske lett å lese når hun "slår" på noe nytt i sporet), og var skikkelig raus med belønninga.
    NB! Ei stund holdt jeg på å ødelegge hele pinneinteressen hs henne fordi jeg plutselig ble oppsatt på at hun skulle apportere pinnene på perfekt vis (med utgangsstilling og det hele). Men gikk kjapt bort ifra det. Innså at dersom jeg skulle ha apporten teknisk perfekt, så burde jeg nok ha jobbet litt mer systematisk med det tidligere i innlæringa. Så nå plukker hun opp pinnen, og slipper den på vei til meg. Av og til blir den med helt inn også. Man får det man forsterker, you see? hehe ;-) Men om jeg hadde giddet så kunne jeg sikkert ha terpet på apportbiten utenom for så å ta det gradvis ut i sporet. Gjenstår å se om jeg orker å ta den jobben. Har ikke planer om å konkurrere, så har heller mer lyst på å bruke energien på andre ting som er artigere ;-)

    Forresten, det var først i løpet av ei uke på kurs på Sølen at jeg fikk hjernevasket henne skikkelig på pinneplukkinga. Da gikk vi flere spor hver dag, og det gjorde susen!

    SvarSlett
  4. Jeg sier bare WOOOOW! Flinke Ayla, flinke Kari Anne, og heldige Kari Anne som har en så grei og flink mann som hjelper med treningen! :) Du verden så proffe dere har blitt med sporingen, da! Og for noen fremskritt!*imponert!* Det hjelper å trene, ja...:-/
    Jeg hadde nesten gått på schaeferhundklubbens brukstrening på tirsdag for å "snuse", men fant ut at Kira trengte mer å hvile etter sin intense utstillingsturné i helgen... Nå har hun fått veldig lite aktivisering siden hun kom hjem tirsdag morgen, og ser ut til å være skikkelig "heit" til trening i kveld - gleder meg! :-D
    Snakkes mandag, tenker jeg!
    EB&Kirasnupp

    SvarSlett