Ei veke inn i ferien, og Ayla har vist seg fra gullsida nesten heile tida. Ho har gått tre spor, 300 meter - 12 timar gammalt, 400 meter - 6 timar gammalt, 300 meter - 2,5 timar gammalt. Fant alle gjenstandane alle gongene, og var konsentrert og fin. Meir nøyaktig om spora kjem seinare.
Ute på altanen er det lite bjeffing, og ho finn skygge å legge seg i. Me har ikkje vore i sentrum og trent, men eg SKAL gjer det til veka. Ho har vore flink med jentene, og Joey også. Eg har faktisk ikkje tatt i ein klikker sidan me kom hit, og det har vel aldri skjedd før! Det er i alle fall lenge sidan.
Olaug kom for å hente jentene, og då fekk Ayla helse på Lea ( 1 mnd ) for første gong. Seansen var utrulig rørande! Olaug satte Lea på golvet i sånn liggestol, og Ayla fekk gå bort og snuse. Ho stod der med låg og logrande hale, og snuste på den litle saken i stolen. Heilt i sin egen verden. Så kikka ho på Olaug og smilte vilt! Så måtte ho snuse litt til. Og smile til Olaug. Og snuse. Og smile. Ho var så forsiktig og rolig og eg fekk nesten tårer i augene! Ho var rett og slett til å ete opp! Sukk... Dagen etter tok eg med meg Lea i vogna og Ayla i bånd, og jentene fekk på seg regnklær og så gjekk me ut på tur. Ayla har aldri gått ved sida av ei vogn før, men eg skulle verkelig ikkje tru, for ho gjekk som ein engel!
Me har også vore på telttur ei natt, og det gjekk også fint. Bortsett fra at Vetle hadde funne ein ganske dårlig plass til oss. Underlaget var ikkje heilt så beint som det først såg ut til, så det blei lite søvn på meg, i alle fall. Ayla fant ei god grop nede ved beina mine, og der låg ho dønn i ro heile natta. Dagen etter kom Joey og Vetle for å hjelpe oss å pakke ned og bære heim tinga, og då fekk jentene sjå koss Ayla passer på oss. Ayla hadde vinden i ryggen då Vetle kom gåande, og reagerte med bust og seriebjeffing. Ho stod ein 3-4 meter frå leiren, Vetle var vel 15-20 meter vekke. Han sa ingenting, og gjekk rart med vilje. Då eg ropte på henne, stoppa ho å bjeffe. Ropte igjen, og då kom ho til meg! Juhu! Vetle sa navnet hennar, og då forsvant busten med ein gong, og ho pilte bort. :-)
Vekas gullkorn fra niesa på 6,5 år: "Mine pupper stikke rett ut sånn, og tante sine pupper stikker rett ner sånn." Jadda...
Det er fra barn og fulle folk man skal høre sannheten er det ikke :) Så søte tantebsrn du har da! Vi har nettopp vært på fellestrening og det gikk rett i dass for å si det sånn...Ayla er jo blitt kjempeflink!
SvarSlett