Joey.
Planen var at husvertane skulle passe på han. Eg spurte husverten på tirsdag om dei framleis var ledige i helga, og joda, det var dei. Torsdagen gjekk eg likevel opp for å forsikre meg om at Joey ville bli henta opp på fredagen og at han kunne vera oppe hjå dei resten av helga. Då seier husvertinna at nevøen deira skulle komme for helga, og han er 11-13 år.
Joey HATER ungar i den alderen, og eg har ikkje lyst til å avlive han pga bitt. Derfor sa eg at eg skulle finne ei anna løysing, f.eks å ha han på kennel. Men det hadde eg ingen planar om! Eg rusla ned igjen med tårer i augene og såg føre meg at me måtte bli heime. Snille snille Olaug sa då at HO kunne ha Joey. Det til tross for at ho også skulle passe hunden til far mens han var i Hamburg!
Me har ikkje introdusert Swejsan og Joey for kvarandre, anna enn såvidt ute, og det endte opp med bjeffing og stress og styr. Men Olaug sa ho ville prøve, og hvis det ikkje gjekk, kunne ho ta med seg Lea og dei to minste hundane og vera her i leiligheten i helga. Swejsan kunne vera med Anders på jobb...
Og sånn blei det. Olaug tok med seg Joey heim på fredagen, og introduserte Swejsan for han. Joey bjeffa, sjølvsagt, men det ga seg, og dei slutta fred. Dei slutta fred!!! Joey og Swejsan har budd i lag ei heil helg og dei har ikkje slåss! Eg begynte nesten å grine då eg fekk ein liten videosnutt på mobilen på fredag ettermiddag, og den snutten viste Joey og Swejsan som passerte kvarandre på golvet. Joey viste til og med dempande signal! For ein flink hund!! :-) Og det er Swejsan også!
Ayla
Olaug leverte Ayla på Randaberg Dyrepensjonat på fredags morgon. Mandags morgon køyrde eg og henta henne, og spurte litt skeptisk korleis det hadde gått, for eg såg at ho hadde stått i ein av dei fremste gardane, der folk går forbi heile tida...
Då ho fekk komme ut av garden, hyyyyyyyyyylte ho av glede! Og smilte stort! Eg har aldri sett henne så glad før!
Han kunne fortelje at ho hadde vore eksemplarisk heile helga, ete godt, stått saman med ein gordon setter, og hadde ikkje gitt lyd frå seg under heile opphaldet. Ho var kjekk å gå med i band, og veldig oppmerksom, og ja, faktisk den kjekkaste rottweileren han hadde hatt der (sa han, i alle fall).
Resten av dagen var ho litt på tuppa. Ho reagerte på lydar, og vokta veldig. Ho var heller ikkje heilt god i magen, så det har nok vore litt stressande for henne.
Eg må sei at møtet mellom Joey og Swejsan gjekk meir smertefritt enn andre hundar han har møtt.. Møøøje meir smertefritt!
SvarSlettOg det har vore så kjekt å ha Joey i helga, både for at eg har fått litt tid med han også, og at eg har fått hjulpe deg.
Så eg står te rådighet ein aen gong om du trenge det..
Og btw, Joey e herlige å ha, iallefall i forhold te Tass som går å skvette på alt som står på golvet, og bæsje inne.. *spy litt*
Du er så flinke, Olaug! At du klarer FIRE hundar pluss baby, PLUSS mann ei heile helg!! Eg bøyer meg i støvet!! Og nå må du klare alt det minus Joey heilt til torsdag! Du er bare heilt kanon, altså!!! :-)
SvarSlettJoey sa forresten til meg då han kom heim, at han syns det hadde vært kjekt å vær hos deg :-) Han var på same måten resten av dagen som han ville vore om me hadde vore heime, og DET er godt skussmål, det! :-)