søndag, september 30, 2007

Vellykka passering og møte med ein liten staff

I kveld hadde eg egentlig tenkt å sykle tur med Ayla, men det blir jo mørkt så fort! Tok i staden beina fatt, og putta heldigvis snadderbitar i rygglomma på vesten i siste liten. Sidan det var blitt mørkt, tenkte eg at eg ikkje kom til å ha behov for dei, men turde ikkje å la vera heller.

Og godt var det!! Like ved rideskulen her oppe kom det nemlig ein veldig skummel person gåande (les: mørkt, refleksvest, eg såg ikkje om det var mann eller dame), og då personen hadde passert, kikka ho seg kjapt tilbake. Det var einaste reaksjonen ho hadde! Ja! Og med ein gong ho såg personen, kikka ho på meg med ein gong! Sladring!! Jippi!!!

Så, der ho sprang etter det rådyret, slapp eg henne laus. I kveld viste ho ingen tendensar til å ville springe ut på jordet der, eller på myrområdet der eg VEIT rådyra held til. Det var eg såååå fornøyd med!!

Rett før me kom inn på stien som fører heim, såg eg eit raudt, blinkande lys eit stykke unna. Eg trudde det var nokon som kom med sykkel, så eg kobla Ayla og gjekk eit stykke ut på jordet, for stien var så smal. Det blinkande lyset var ein hund. Ein liten ein. Som kom bort til oss. Anti-jippi. Eg slapp bare båndet, og lot henne ordne opp sjølv. Dei bråkte litt, og så prata eg litt saman med eigarane til den litle. Det var ein eitt år gammal staffe hann, som var ganske overbevist om at han var Guds gave til tispene. Ayla brølte litt, så ga han seg, og så prøvde han seg igjen. Me stod og prata fem til ti minutter, og då eg skulle gå, sa eg ingenting. Ayla blei med meg med ein gong, og staffen også. Eigaren ropte på han, men det såg ikkje ut til å ha effekt. Eg sa ingenting, bare gjekk. Til slutt måtte eg gå opp med begge to, sånn at ho som eigde han kunne ta på han bandet. :-) Og eg måtte jo bare konstatere at me har vore flinke til å tie stille sånn at Ayla må følge med på kor me er! :-)

Nok ein vellykka tur! :-) Med ein liten vri ;-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar