fredag, oktober 27, 2006

Foredrag om hundens luktesans.

Foredraget starta klokka sju, og byrja med å vise ein film frå nederland om ein 18 mnd gammel schæfer som gjekk spor på asfalt. Eg må sei eg blei mektig imponert og om mulig endå meir gira på bruks og spesielt spor.

Så fekk me sjå ein film om id-hundar i Tyskland og korleis dei jobber. Endå meir imponert.

Så byrja han å prate. Dei to hjernecellene mine jobba for harde livet, og eg fekk notert ned eit par interessante tips og fakta som sikkert er sjølvsagde for alle andre enn nybegynnaren meg:

  • For å auke hunden sin "spor-kondisjon" hjelper det berre å gå mykje spor.
  • Når hunden går av sporet, gå tilbake til der du veit den var på det sist, og legg hunden ned nokre minutter for å roe seg litt før den går på igjen.
  • Tisper har betre nasar enn hannhundar og er generelt betre sporhundar.
  • Bruk harde gjenstandar som hunden skal plukke eller markere for i sporet. Særleg stål held på lukta betre og lenger. Jo tettare materiale, desto betre held det på lukta.
  • Jobb mykje med å finne maks forsterkar for den lukta du vil hunden skal søke etter.
  • Bruk gjerne myntar, og hiv ein på golvet. Klikk for at hunden snuser på den.
    Ta øvelsen ut og begynn på nytt med å klikke for at hunden snuser. Begynn å gøyme mynten i graset, og klikk når hunden finner mynten.
    Bruk maksbelønninga kvar gong hunden finner mynten.
    Når du skal bruke dette i sporet, legg tett til å begynne med, så hunden får belønning for å finne mynten ofte. Auk avstanden litt og litt.
  • Pollen kan gjere det vanskeleg for hunden å spore. Ta pause, og gi hunden litt vatn.
  • Dersom det begynner å regne under sporgåing, kan hunden oppleve lukt-eksplosjon og treng ein pause. Legg hunden og vent eit minutt eller to. Pause kan også med hell nyttast under underlagsbytte.
  • 1 sniff = samansetning av 2000 ulike lukter.
  • Legg sporet med haugevis av problemløysingar som f.eks krysningar, krusedullar, bergklatring o.s.v. for å lære deg sjølv å lese hunden når den jobber seg ut av problemer. Etter eit slikt problem, legg ein gjenstand, baluba ved funn, og ta hunden ut av sporet 15-30 minutter. Så får du eit sporoppsøk og sporet har blitt eldre og dermed trening i eldre spor. På eit spor det tok 20 minutter å legge, kan ein på denne måten få 3-4 sporoppsøk, like mange problemløysingar, aldersulike spor, og effektiv trening.
  • Ha som ein generell regel at etter 5 minutt finsøk bør hunden få litt pause.
    Og etter 20 minutter sporsøk.

Eg likte foredraget veldig godt, og det var heilt tydeleg at han visste kva han snakka om! Han nevnte ord som stimuluskontroll (eg følte vel ikkje at han brukte ordet i heilt rett samanheng, men...) Karen Pryor, betinging, forsterkar, jobbe for å unngå straff eller for å få noko den vil ha, motivasjon, klikker, belønning og eg fekk inntrykk av at han ikkje trente hund slik eg frykta, sjølv om han er instruktør for hundeførerar i politiet.

Så på slutten var det ei som lurte på tips til hunden hennar som ikkje ville sleppe kongen. Han ville ha hunden inn i lyset så ho ikkje blei redd..
Då hunden var inne, ønskte han lærbånd, og festa det i halsbåndet til hunden.

Så skulle han vise korleis ein skulle få hunden til å ønske å vera med flokken. Dette gjorde han ved å røske i bandet, og belønne med å dra litt i kongen som hunden hadde i munnen. Hunden var så nøgd, og på veg bort til mor, og DER kom det eit røsk til. Og eit til. Og eit til. Til han var fornøyd med at nå fulgte hunden etter han av egen fri vilje.
Så skulle hunden lære å sleppe. Ho sat framføre han med kongen i munnen, og ville ikkje sleppe. Då begynte han å knakke henne med knokane oppå nasen. Og litt til. Og litt hardare.

Då gjekk eg. Eg greide ikkje å sjå på det meir. Eg blei så skuffa!

I bilen på veg heim tenkte eg at eg ALDRI skal la nokon behandle Ayla før eg veit 110% kva slags metodar dei skal bruke. Og så lurte eg på om eg ville ha stansa det før det gjekk så langt som til naseknakkinga. Truleg ikkje. Eg ville sikkert satt der heilt paff over korleis og kva han gjorde, for han fortelde aldri på førehand kva han skulle gjera. Eg ville sikkert også tenkt at han heilt sikkert visste kva han gjorde sidan han kunne dette her.

I ettertid leste eg bloggen til hundeeigaren, og det hadde endt med at han hadde slått hunden over nasen med bandet til ho slapp kongen. Fleire gonger. Ho hadde ikkje fått sove om natta, for ho hadde aldri tatt hunden før, og kjende seg ikkje heilt vel med metodane hans.

Trist at kvelden skulle ende slik. :-(

4 kommentarer:

  1. jeg syns det var ubehagelig bare å lese det...skjønner ikke at folk gjør sånn enda

    SvarSlett
  2. Det kan du jammen si... Skuffelsen min var nok ekstra stor siden jeg kom dit med den tanken at dette var schæferfolk (fordommer, jeg?) og tenkte at jeg bare skulle overse metodene og lytte til teorien og kunnskapen bak. Så, da han snakket om Karen Pryor og sa han brukte klikker og greier, så ble jeg så glad! Og så endte det med snuteknakking...

    SvarSlett
  3. Hei Kari Anne!

    Du var en av de få som fikk lest mitt frustrasjonsutbrudd etter denne "episoden" jeg hadde etter foredraget. Du kommenterte også innlegget. Grunnen til at jeg fjernet det var at jeg ønsket å legge episoden bak meg, å komme meg videre. Jeg brukte lang tid for å bearbeide det som skjedde, og det er nok aldri noe jeg kan glemme. Clara derimot har tatt det helt greit, hun ble verken bedre eller værre etter episoden i forhold til "slipp". Vi jobber fremdeles med saken, men ikke med vold... Jeg kunne sagt mye saken, men lar det være med dette. Forsøkte å finne mailadressen din (men fant den ikke), fordi jeg ville si at det ikke var meningen å fjerne kommentaren din... Jeg ville rett og slett fjerne hele innlegget, for jeg ønsket ikke masse publisitet om det! Vi har det bra :-) og vi har akkurat b-godkjent i NRH! :-)

    SvarSlett
  4. Hei igjen! Så kommentaren din...:-) og har sletta den! Men neida, bare la ting stå som det gjør her! Helt i orden! Lykke til videre med Ayla, og husk det mange ting som kan trenes bort! :-)

    SvarSlett