Var rundt Mosvannet med norfolkane Piper på fem år og Shaylee. Piper har hatt ein del uheldige opplevingar med store hundar, men det gjekk heilt fint med Ayla. :-)
Turen var prega av MASSE folk og MASSE hundar og MASSE syklistar og MASSE joggerar.
Ayla var ein engel og kikka på meg når det kom folk som gjekk åleine. Når det kom grupper, brydde ho seg ikkje. Syklistar og joggerar går også greit. TO hundar bjeffa mot oss, men Ayla bjeffa ikkje tilbake, og det er veldig bra. :-)
Halvveis stoppa me ved den vesle fotballbanen og så fekk eit par beine innkomstar der og litt stimuluskontrolltrening på Sitt.
Då me var trekvart ferdige med turen, traff me kjentfolk som kjente oss igjen før me såg kven dei var. Eg slapp Ayla bort, og ho viste med alle mulige teikn at dette var ekkelt. Eg gjekk også bort og begynte å klikke for at ho tok kontakt med dei. Så skjedde det eit eller anna som gjorde at ho bjeffa EIN gong. Altså EITT bjeff. Eg greidde ikkje å tolke kva type bjeff det var, for eg var rimeleg kokt i toppen sjølv.
Eg reagerte i alle fall med å snakke med lys stemme og spørje henne "Næmmen, ka du sa for nåke?" eller noko slikt.
Ayla tok kontakt med meg, og eg fekk klikka for det. Så begynte ho å snuse på hendene til kjentfolket (kjentfolk for meg, ikkje for henne), og eg fekk klikka for det også. Busta gjekk ned, og halen kom meir og meir opp igjen. Så bøyde ho eine seg ned for å gjer det greiare for Ayla, men Ayla syns nesten det er skumlare enn om dei står, og trakk seg vekk igjen. Dama reiste seg opp igjen, og så var DET også ekkelt igjen. Eg fekk inn eit par klikk for at Ayla tok kontakt etter det, og så gjekk kjentfolket vidare.
Det eg SKULLE ha gjort, var å be henne sitja då eg såg at folka kom til å ville helse. Så kunne eg bedt Anne Karin halde bandet og gått bort til folka åleine og prata litt. Så kunne eg bedt AK komme bort til oss med Ayla, og så kunne Ayla få helse om ho ville det.
MEN, det kom berre eitt bjeff, og ikkje i serie som tidlegare. Det må eg setje på pluss-sida.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar