søndag, oktober 01, 2006

Søndag. Spor gjennom sauebeite på Reianes!

Dagen starta med piping og klynking og overvåking av Joey.

Eg brukte dagen på å teste ut kakekombinering til bryllupet til Olaug, og Vetle hadde Joey med seg ute mens han laga utsynshindring på buret til Ayla. Heile tida mens eg stod på kjøkkenet, stod/låg/sat Joey og peip rett utanføre glaset. Åh, for ein deilig lyd....

Ein dag kjem eg nok til å sakne sjølv den lyden, men ikkje akkurat no.

Utpå ettermiddagen pakka eg ned leiker og godbitar i den nye hundeboksen min, og så køyrde me til Rennesøy for å sjå på eit hus som stod til salgs.
Me måtte gjennom begge tunnelane for å kome dit, og huset stod midt i ei klynge. Ikkje noko for oss, med andre ord. Ikkje var der stor tomt, heller, for eit av krava våre er at me skal kunne spele badminton i hagen, og det kunne me ikkje der.

Me hadde med oss GPS'en og køyrde langs ein av vegane som såg ut til å gå eit stykke. Me kom til starten på ei turløype, og der stod det i tillegg at det er 100% båndtvang i Rennesøy Kommune året rundt. Det visste eg frå før, langt bak i bevisstheita, men då eg såg det svart på kvitt, gjorde i grunnen det utslaget til at me slo fra oss Rennesøy som alternativ. Med mindre drøymehuset skulle dukke opp, sjølvsagt.

Me gjekk ut av bilen, og begynte å gå. Rimeleg kjapt kom me til ein særs bratt gjerdeklyvar som Ayla måtte forsere. Eg hjalp henne opp på eine sida, og så kamikazestupte ho i armane til Vetle på andre sida. Etter eit lite stykke kjende me at me då hadde vinden i ryggen, og Vetle la ut sporet for meg. To gjenstandar, ein vinkel, godbitar i vinkelen og byrjinga av sporet.



Då han kom tilbake, gjekk me vidare langs vegen. Me trente litt gjenstandsleiting, der Vetle gjekk foran og mista ein dings som Ayla leita opp. :-) Ho er så dyktig på dette her!!!

Sporet låg ein halvtime før eg kopla på henne sporlina. Ho gjekk i racerfart fram til dummyen, men plukka ikkje opp, berre snuste. Mogleg fordi Vetle hadde lagt han i vått underlag.

Ho rota litt i vinkelen, men i ettertid såg me at det kunne ha gått ein sti akkurat der.

Hansken som gjenstand nummer to markerte ho ved å snuse ei stund på han før ho gjekk vidare.

Sprettballen med snor kjøpt på XXL for 19 kroner som låg i slutten av sporet, DEN plukka ho opp!! Jippi!! Det går rette vegen!!
Me leika oss bakover i sporet før me rusla opp til vegen att. Me opna grinda på veg tilbake, så ho skulle sleppe gjerdeklyvaren, stakkar.. Den var nesten for bratt for menneske, jo!

Heime tok me buret inn i stova, og så fekk Ayla ligge der og slappe av mens Joey sovna momentant på golvet under bordet mens me åt middag....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar