onsdag, oktober 24, 2012

Nytt familiemedlem

I lange tider har eg gått og kjent på at eg har hatt lyst til å finne den perfekte kosekatten å ha på fanget på lange kalde vinterkveldar her ved tjernet i skogen. Smiley er ikkje nokon kosekatt, og gidder ikkje ligge på fanget særleg lenge om gongen. Og ingen må bevege seg mot kjøkenet, for då forsvinn han frå fanget uansett kor lenge han har oppholdt seg der.

Eg har tråla Finn i lange tider, og brått dukka det opp ei skjønn lita frøken på Birkeland.IMAG0797IMAG0808
Me reiste og helste på henne, og ho blei med heim att.

Vel heime syns hundane dette var det mest spennande som hadde skjedd på lange tider, og Ayla blunker knapt nok når Frøken Dings er oppe i stova. Emil tar det heile meir med ro. Han kan gjerne finne på å murre til henne, men når kattungen ikkje reagerer, gidder ikkje Emil bruke meir energi på henne.

IMAG0805
På syrommet fins ingen hundar og ingen Smiley, og då kan me kooooose lenge!!


IMAG0837
Eg var veldig spent på om Smiley kom til å ville fyke på nykommaren, men han var tvert i mot LIVREDD denne skumle skapningen!

Frøken Dings, eller Frøkna som Vetle seier, har vore her i fem dagar, og har allereie vågd seg opp i stova på eigahand fleire gonger. I går såg det slik ut i heimen:
IMAG0843IMAG0845

torsdag, oktober 11, 2012

Nå skal me ta tyren ved horna!

SAM_0048

Ja, det har vore stille frå denne kanten ei stund, og det er rett og slett fordi eg har hatt fullstendig treningstrøtthet! Eg har rett og slett UTELUKKA kost med og gått turar og gjort alt anna i lag med Emil enn å trene veldig bevisst på rally eller lydighetsting. Me har kome langt i kickbiketreninga, så nå begynner han å blir skikkelig flink på å springe framføre sykkelen og halde bandet stramt. Eg kjenner meg nesten som ein skikkelig hundekjørar til tider!

DSC02812bErfaringa frå Bø i mai førte meg ut i eit vakuum eg ikkje fekk meg ut or igjen, men nå har treningslysta sakte, en sikkert kome sigande tilbake. 

 

Eg og Emil har hatt oss ein alvorsprat om at nå skal me ta tyren ved horna og få ordna det som trengs ordnast, og har meldt oss på Fri Ved Fot kurs hos Amokk. Kurset går over ein dag i desember, og eg er nå full av håp og optimisme.

Eg gjekk difor ut i innkjørsla i dag og skulle sjå om eg kunne provosere fram atferda frå Bø: Henge etter i FVF, demping, sette panna bak kneet mitt, sprette bak meg og over på høgre sida for å sjå om eg har noko i handa, men det var ikkje tale om. Han gjekk kanonbra, utan band, og fulgte ALLE rørsler eg gjorde.

Så tenkte eg at kan hende det skjer fordi han har halsband og band på seg, men idag gjekk han fint med band på også. Eg veit ikkje heilt kva som får fram den atferda, men uansett skal det bli kjekt å gå på kurs igjen, sjølv om det berre er ein dag..

Og så ei lita oppsummering sidan sist.


SAM_0020SAM_0029
I september var me på hytta og hadde med oss Smiley igjen. Han fekk prøve seg i sele og bånd, og det funka gullfint!

SAM_3196
Emil fekk seg opptil fleire gjørmebad,

SAM_3209
Eg fekk meg nytt favorittbilde av meg og Ayla…

SAM_3212
Og nytt favorittbilde av oss tre, teke nedanfor hytta…

SAM_3240
Emil støtta opp om Vetle som måtte ta oppvasken.

SAM_3263
Me var på blåbærtur, alle saman.

SAM_3280
Og Emil fekk bada litt i iskaldt fjellvatn.

I oktober var me ein tur innom trening ved hundeklubben igjen, og der blei eg pusha til å trene hinder med laus Emil medan to hundar befann seg i umiddelbar nærleik av oss. Skikkelig skummelt for meg, og eg var nesten kvalm medan eg trente, men Emil såg ikkje ut til å bry seg nevneverdig. I starten var han ikkje like intens i leikinga, men så kom det seg etterkvart.

På veg heim frå den treninga, fekk han damebesøk med seg i bilen.
IMAG0767

fredag, juli 27, 2012

Ayla er heile 7 år i dag! <3

Ja, så kom dagen eg ikkje trudde me skulle oppleve. Ayla blir sju år i dag!
I fjor skreiv eg at eg tvilte på at ho ville bli sju år, men her sit eg altså og skriv bursdagsblogg til henne igjen! Juhu!!

Helsa til Ayla har vore litt opp og ned, men ganske konstant. Sidan januar har ho hatt dagar der ho absolutt ikkje orkar frukost. Dersom eg ventar nokre timar og så tilbyr henne igjen, vil ho som oftast ha den. Dersom eg blandar leverpostei eller blaut kattemat opp, nøler ho ikkje med å ete opp rubbel og bit.
Huden hennar etter Calcinosis Cutis er ikkje normal. Den er hard og tjukk, men ser ikkje ut til å plage henne.
Korsbåndskadene ser også ut til å gå opp og ned. Nokre dagar ser ho vond ut, andre dagar herjer og leiker ho med både oss og Emil. Til og med katten, på spesielt gode dagar! :-)

Dette siste året har gått svært raskt, og har innehaldt, for Ayla sin del, mykje av det same som året før.

SAM_1685b
I august og september var me på diverse blåbærturar rundt huset, og me var til Fiskelausvatn og bada i lag med Tove.


SAM_1707
Ho fekk selskap i sofaen,


SAM_1720SAM_1796
tur i skogen med ilagt matpause.

IMAG0019SAM_2079
I oktober blei plattingen heilt ferdig, og Ayla hadde framleis selskap i sofaen.

SAM_2104
I november var me på fleire kjekke turar innover grusvegen, og Ayla veit veldig godt kva som skal skje når eg går mot porten


SAM_2112
Når eg skal hente posten, stanser både Ayla og Emil heilt av seg sjølv i enden av bakken. Hit, men ikkje lenger, veit dei. Og dei veit også at når eg kjem att, vankar det noko kjekt eller noko godt.


SAM_2177
Og ho fekk kose seg i sofaen åleine.

20111205_182
I desember var me ein tur til Evje og gjekk tur etter at det hadde storma og blåst og vore skikkelig uvær.
20111205_197
Dei er så nyyyyydelege, begge to!! <3

SAM_2277
Ayla kan framleis gamle kunster, her i dobbelFVF med Emil.

SAM_2306
På årets siste dag tok me oss ein tur innover vegen og leita etter tennisballar i lyngen. Ingen rakettlydar eller andre grusomheter her, langt ute i skogen. Men det blei lite selskap i sofaen denne månaden.

SAM_2354
I januar kom snøen for alvor, til Ayla si store glede, for det er lite som smakar betre enn sesongens første skikkelige snø. Ho blir som ein kvalp igjen, og spretter rundt medan ho jafser i seg snø som ein annan gravemaskin! :-D

Me fekk besøk av Olaug og Lea og Thassie og Mimi like over nyttår, men hundane var ikkje klare for introduksjon denne gongen.
SAM_2382
I tillegg hadde ho MYKJE selskap i sofaen!

SAM_2474
Legolas fant verkeleg ut kor god sofaen vår var.
SAM_2308
Det er då verkeleg plass til to gode vener oppi her!

DSC01925
I februar fekk Ayla bli med Vetle opp på hytta fordi Emil og eg fekk besøk av Carita og Oliver. Og jammen var det ein god sofa der også! Tenke seg til!

DSC01930
Sovetryne!

DSC01932
På hytta fins det dessutan dyrebare skattar. Og det som er betre enn å finne EIN sokk, er å finne TO!

DSC01937
Deilig snø var det her oppe også!
SAM_2530
Sist i februar fekk me flekker med barmark, og ein ny vår nærma seg med stormsteg.

IMAG0454
I mars blei det såpass bart i hagen at me kunne ta den i bruk igjen. Og Emil er alltid med på ein draleik.

SAM_2639
Det fine med mars månad er at myra framleis er frosen, så me synker ikkje gjennom og blir

SAM_2683
Dette er den mjukaste og mest forsiktige rottweilermunnen eg veit om!

SAM_2676
Ni dagar etter desse tre forrige bileta blei tekne, måtte me ta farvel til den skjønnasten Legolasen vår. Og det betydde slutten for Ayla sitt selskap i sofaen.


SAM_2744
Men det er ikkje vondt å ha selskap på golvet, heller.

DSC01977
I april fekk me besøk av Olaug og Lea og Thassie og Mimi. Denne gongen gjekk det kjempefint!

SAM_2796
Siste besøksdagen gjekk Lea, Ayla og eg opp i skogen med niste og saft for å leike med dokker og My Little Pony. Fantastisk kvalitetstid, syntes eg og Ayla!

SAM_2801

På veg heim etter at mammahest og babyhest og tantehest hadde vore på eventyr i skogen.

DSC02171
I mai skulle me til Bø og dømme og konkurrere i Rallylydighet, så då var med på Vennesla Hundeklubb sitt område og testa banar og trente litt. Ayla fekk seg også ein runde i banen. Og ho kunne ALLE øvelsane!



DSC02208
Vel oppe på hytta måtte me finne tidsfordriv medan sporet Vetle hadde lagt til Emil låg og godgjorde seg, og då er “Ballar i lufta” ein favoritt hjå både Ayla og Emil.

DSC02398SAM_2954
Ayla og oss utanfor campinghytta i Bø. Ho tok stort sett alt med stor ro, og likte godt å ligge og sjå på all galskapen.

SAM_2922
Heime igjen, og åleine i sofaen.

SAM_2968
I slutten av mai var det så varmt i Fiskelausvatn at me gjekk inn og bada litt. Ayla nekta som vanleg å svømme,

SAM_2974
men då Emil hadde henta skeinebrettet, stod Ayla klar til å ta i mot. Også som vanleg.


SAM_2997
SAM_3135
I juni blei plenen såpass lang og fin at alle tre koste seg med godbitsøk. Smiley var nok mest forveten, men han var med, han også. Og Ayla deler villig eit godbitsøk med kven som helst!
Me bada litt i juni også. Det vil seie, hundane gjorde.

I juli har me vore på blåbærtur, badeturar, og vore mykje ute i hagen i all finværet! IMAG0618IMAG0620SAM_3143SAM_3159SAM_3152SAM_3157