onsdag, januar 18, 2012

Emil fyller to år!

20111205_187
Emil veit å slappe av!

 

Huttetu, tida går så fryktelig fort! Det er allerede 18. januar igjen!

I fjor skreiv eg dette innlegget der eg summerte opp hans første leveår.
Eg får ta ei liknande oppsummering i dag.

I januar i fjor fekk Ayla Calcinosis Cutis, noko som førte til at mykje av vår tid og krefter gjekk med til å stelle henne frisk igjen. Emil fekk sjølvsagt sitt, men det blei nok mindre på han enn det hadde blitt dersom Ayla hadde vore heilt frisk.

Me hadde masse snø her i fjor på denne tida, og me gjekk på ski, skøyter, heiv snøballar og vanlige ballar og trente mykje på avlevering av leiker. Vetle laga agilityhinder me kunne prøve oss på.
DSC01075Emil hinder
DSC01327[3]

Når eg ser på desse bileta nå, ser eg jo at Emil er bygd for agility! Smilefjes Problemet er berre at EG ikkje er det! Smilefjes som blunker

April starta me Elitesatsing hjå Amokk, noko som skulle vise seg å vera SVÆRT SVÆRT smart og klokt og produktivt!

Mai kom med grønne blader og knekt arm, og dermed blei ALL trening lagt på hylla ein mnd, ca. Eg reiste til både Bø og Stavanger for å vera dommarelev, før det var tid for ny Elitesatsing i juli.

image
Her trener me på Stå under marsj.

I august var det endå ei Elitesatsing, den siste, og i september starta me på Passeringskurs. Etter kursoppstart der, starta me først å trene passering i lag med Kairos og Hilde, og etterkvart blei det også lausturar i lag.

I oktober var me på runderingskurs:
Pausehund2

Me fekk også eit par turar til Fiskelausvatn i lag, alle tre:
IMAG0084

 

I november blei det mest turar og åleinetrening, men me var då ved Sørlandsappellen og trente litt.
Passeringstrening

Desember kom og gjekk utan særleg snø, men me fekk mange koselege turar i lag, deriblant denne:
SAM_2263

Nå i januar har me allereie hatt fantastiske turar innover vegen, og den turen me hadde i går, tirsdag, vil bli vanskeleg å toppe:
IMAG0319

IMAG0324
Laaaaang tunge = fornøydd Emil

Me var nemlig på SKØYTETUR på Fiskelausvatn! Emil sprang og sprang og koste seg veldig, og innimellom springinga på isen fekk han leite etter ballen sin i skråningane, og han tok seg skikkelig ut! På veg heim var han likevel klar for meir, duracell-labrador som han er, så han fekk leite litt etter ballen sin då også. Vel heime stupte han under strykebrettet og blei liggande der mens eg strøyk klær:
IMAG0335

 

Så er det tid for skikkeleg oppsummering; kva han kan og ikkje, og korleis utviklinga har vore sidan i fjor:

I fjor skreiv eg dette:
Om eit år ønsker eg at han kan:
Passere andre hundar utan å bjeffe 
Me er ikkje i nærleiken, eingong!

Nok
øvelsar til å kunne konkurrere enten i rally eller vanleg lydighet, eller aller helst begge
Han kunne ha starta i både rally og vanleg LP, men utagering på andre hundar stanser oss.

Konsentrere seg om trening i lag med meg medan andre hundar trener i nærleiken
Dette går finfint med nok avstand. Då kan han vera laus også.

Plukke gjenstandar i sporet og komme tilbake til meg med dei
Ehm.. det har ikkje blitt særleg spor dette året..

Komme tilbake med leikene han får som belønning
Jepp, det gjer han. Nokre leiker er vanskeligare å returnere med, men stort sett går dette fint. Tennisballar med pip er stas å få og kjekt å returnere.

Feltsøk
Han er betre. Leitar godt og lenge og langt ut, men eg har kun forsøkt med ball enn så lenge.

Rundering, i alle fall at me har starta innlæring av det
Jepp, me har vore på kurs, og eg skulle gjerne trent meir, men vanskeleg åleine.

Og så, størst av alle ønsker, ønsker eg at han er HD og AA fri, og at han ellers er frisk og sunn.
Jepp, han er HD fri, og så og seie AA fri.. C i venstre albue, men eg er blitt forsikra om at han ikkje vil merke noko til det, så då trur eg på det. Han er elles rask og frisk

Seks av åtte er vel ikkje så verst?

Sidan i fjor har me lært:
Stå under marsj
Han kan sendast til Ruta, STÅ og LIGG og bli liggande til eg kjem ut.
Fellesdekk med Ayla i eitt minutt
Slalåm mellom beina
Returnere med ball
Sitt og bli i ett minutt med skjult førar (medan førar går og kaster ballen på myra)
avstandskommandering uten kommando
Kvar gong eg går ned til postkassa og han er med, stanser han i enden av bakken heilt av seg sjølv og venter til eg kjem tilbake.
Han springer ALDRI ut i vegen

 

Når det gjeld mål og håp og ønsker for det kommande året, er eg ikkje heilt sikker på kva eg skal skrive. Eg kjenner ikkje lenger at eg er særleg konkurransesugen, og det er nok hundeutageringa som er skuld i det.

Difor må følgande liste bli årets små ønsker:
Trene meir rundering
Gå fleire spor.. eller GÅ SPOR i det heile
Jobbe med ressursforsvaret hans
Stimuluskontroll på Stå fra Ligg og Sitt
Fellesdekk i to minutter
Få ein finare FVF enn han har i dag (han ligg laaaangt framføre meg)

Og det trur eg er nok.

IMAG0264
Emil er med på hobbyrommet mitt der han har fått seg eige teppe spesialsydd til han Smilefjes