onsdag, september 29, 2010

lørdag, september 25, 2010

Litt lørdagstrening

 

I dag mota eg oss opp og tok ein tur til Vennesla Hundeklubb sitt treningsområde. Eg har blitt forteld at det sjeldan er folk på banen i helgene, så då vågde eg meg ned dit med begge hundane OG Vetle. Målet for besøket var å la Ayla få snuse litt rundt banen mens eg og Emil fekk trent bittelitt på FVF og innkalling.

Målet blei nådd og vel så det, eg fekk til og med sneke inn litt DoggieZen på favorittleken, og DET var stort for Emil!

Ayla har knapt nok vore ute blant folk i det siste, så eg var litt halvkald for at ho skulle reagere på dei tre menneska som stod ved bilane då me kom. Ho gadd knapt nok å ense dei eingong! :-)

Dette skal me gjer meir av!!!

 

  DSC08879
Ayla ligger i DEKK OG BLI, eg har gått fra, satt Emil i SITT OG BLI, og skal gå tilbake til Ayla.


DSC08889
Ayla står igjen i STÅ UNDER MARSJ, mens Emil blir med vidare :-)


DSC08901
Begge sitter igjen i SITT OG BLI.


DSC08910
Skjønnasane mine!!


DSC08914
Dei lar seg ikkje lure av lokkinga mi


DSC08926
Ayla den Vakre.


DSC08927
Ja, slik ser treningsbanen til Vennesla Hundeklubb


DSC08932 
Vetle skal eigentleg ta med seg hundane ned til starten av banen for litt innkallingstrening, men Emil vil rett bort til meg med ein gong.


DSC08933
Litt innkallingstrening med Emil.


DSC08867b
Utsikta frå stovevinduet i dag. Heilt spesielt lys, og fantastiske fargar!

fredag, september 24, 2010

Emil sitt søkemønster, innlært eller medfødt?

Dei siste dagane har Emil fått leite etter ball på tørrmyra ved sida av huset her, og det eg observerer nå når han endå ikkje har blitt lært noko angåande slikt søk, er eit heil anna søkemønster enn det Ayla har.

Han springer ca halvveis ut, leiter ivrig, før han springer lenger ut, leiter ivrig, før han springer tilbake til der han var først og leiter ivrig, og så springer han lenger ut igjen og leiter ivrig, og så etter ei god stund, springer han langt nok ut og leiter ivrig der også. Når han så finner ballen, kjem han rett inn til meg med den.

Dersom eg då hiver (med kastearm, altså) ein annan retning og han SER kor ballen lander, springer han likevel der han fant den sist og leiter der endå ein gong. Igjen leiter han nært først, så lenger ut, så nært igjen, og lenger ut og nært og lenger ut og lenger ut og så finner han ballen og leverer den.

Når me så er ferdige etter fire-fem kast, og skal gå inn, springer han tilbake til alle plassene han har gjort funn tidlegare.

Det som forbauser meg, er at han leiter så lenge! Han leiter og leiter og leiter, og gir ikkje opp!
Men det eg undrer meg over er altså dette med at han springer der han har gjort funn tidlegare i staden for å leite der han SER at ballen lander?

Øvelsane i klasse 1 og status

101. STOPP – SITT
Denne kan han, men setter seg skeivt og urolig av og til.


102. STOPP – SITT – STÅ
Denne skal me klare med håndtarget

103. STOPP – SITT – DEKK
Har ikkje sjans per 23. sept, sidan han ikkje går på handteikn, berre frivillig førebels.

104. STOPP – SITT – DEKK – SITT
Same som 103

105. STOPP – SITT - GÅ RUNDT
Denne klarer han per 23. sept

106 STOPP – SITT – DEKK - GÅ RUNDT
Same som 103

107 HØYRE SVING
No problem

108 VENSTRE SVING
No problem

109 HELT OM HØYRE
No problem


110 HELT OM VENSTRE
No problem


111 270 GRADER HØYRE
No problem


112 270 GRADER VENSTRENo problem


113 360 GRADER HØYRE
No problem


114 360 GRADER VENSTRE
No problem


115 SITT FORAN - HØYRE FREM
Denne kan han klare med handtarget per 23. sept


116 SITT FORAN - VENSTRE FREM
Denne kan han klare med handtarget per 23. sept

117 SITT FORAN - HØYRE SITT
Denne kan han klare med handtarget per 23. sept

118 SITT FORAN - VENSTRE SITT
Denne kan han klare med handtarget per 23. sept

119 SAKTE MARSJ
Har ikkje testa

120 SPRING MARSJ
Han følger med, men hopper og spretter og syns det er knallkjekt!

121 VANLIG MARSJ
No problem

122 SIDE STEG HØYRE
Kanskje ikkje det tydeligaste sidesteget, men absolutt akseptabelt

123 STOPP - VRI 90 GRADER HØYRE – STOPP
Han setter seg, hopper opp på meg i svingen, og setter seg igjen.

124 STOPP - VRI 90 GRADER VENSTRE – STOPP
Han setter seg, hopper opp på meg i svingen, og setter seg igjen.

125 SPIRAL HØYRE - HUND UTSIDE
Har ikkje testa

126 SPIRAL VENSTRE - HUND INNSIDE
Har ikkje testa

127 STOPP - 1,2,3 STEG FREM
Har ikkje testa

128 STOPP - VRI HØYRE - 1 STEG – STOPP
Han setter seg, hopper opp på meg i svingen, og setter seg igjen.

129 DOBBEL 8
Har ikkje testa


130 ENKEL 8
Har ikkje testa

torsdag, september 23, 2010

Ting å trene på til rallycupkveld den 18. oktober.

Dekk.
Han legg seg foran meg, men ikkje på stimuluskontroll. Dette har me starta med i dag, 23. september og har hatt to økter.

FVF.
Må auke strekkene, trene venstrevendingar, og holdtar. Han går fint lenge, har nydelige venstrevendingar, men setter seg tidvis skeivt når han er ivrig.

Stå fra sitt.
Dette kan eg få til med handtarget, men må trene på at han blir ståande.

Sitt/dekk og bli.
Han blir sittande når eg går rundt han, har ikkje testa om han blir liggande når eg går rundt.


Forstyrrelsar
Oppå alt det han kan per i dag, må me legge til forstyrrelsar og kvalitetssikre.


Jepp, dett var dett, så dette blir easy-peasy å få til på 25 dagar :-)

onsdag, september 22, 2010

Prosjekt Brumlebasse, knepping, og pubertet.

Ja, det føregår mykje i det litle gule svenske hovudet for tida. Han er svært interessert i flekker der Ayla har tissa, sjølv om ho er sterilisert. Han går mykje etter bakenden hennar når ho ligg og kviler, og det skal jo sjølvsagt ikkje Ayla ha noko av! Dermed blir det mykje brøling og volum om dagen. Han gir blanke i det ho forsøker å formidle, og forsøker seg to sekunder etter at ho har sagt klart og tydeleg frå.

Vidare jobber me med Prosjekt Brumlebasse, og var i går nede på hundeklubben og trente i periferiet medan lydighetskurset jobba med sine ting. Han var rimeleg hard i munnen og ganske så høg på stress i starten før han fekk roa seg nok til å kunne jobbe konsentrert. Me trente litt FVF der han gjekk altfor langt bak med godbitar som belønning, og PERFEKT med leik som belønning. Han svevde omtrent ved sida av meg då! Og då eg tok venstre heilomvending, var han i perfekt posisjon heile svingen! Til og med betre enn Ayla, og ho har (etter mi meining) ein NYDELEG venstre heilomvending!

Problemet under innkomst og slike vendingar er kneppinga i hofta. Det har ikkje gått vekk, og er nok tvert i mot høgare i lyd nå enn før. Eg syns det er forferdeleg ekkelt å høyre denne lyden, og undrar meg litt over at han ikkje har vondt. Innkomsten er uferdig, men teiknar til å bli bra. Nokre gonger setter han seg for langt bak meg, andre gonger på skeiva nesten foran meg, men stort sett svinger han svansen rett inn på plass og setter seg.

Setter seg gjer han også når me går FVF og eg stansar. Vel å merke; om eg stansar seint nok.
Vidare er han fint med meg i vanlege heilomvendingar, og han kan bli i posisjon SITT i nesten eit halvt minutt. Då bruker eg avstandsbelønning og sender han til den når tida er omme. Eg må hugse å gå tilbake til han av og til også.

Heil til slutt på kvelden i går fekk eg lov til å vera med å trene passeringar i lag med kurset. Det gjekk greit så lenge dei andre hundane var lenger vekke enn fire meter. Når det blei kortare avstand enn det, kom mister Brumlebasse fram, utan at det blei noko meir enn kortvarig brumling. Me skal nok få til dette her! Det har eg bestemt! :-)






Til slutt ein liten notis om at eg vurderer å melde meg på rallycupen til Ghita dei to siste gongene, men eg er aldeles ikkje sikker på det, og eit av kriteria mine er at eg skal gjer det om eg ikkje har jobb dei neste vekene. Engasjementet mitt går nemlig ut neste fredag, og eg har ikkje noko å gå til. Endå. Difor tenkte eg at det kan vera greit å ha noko å jobbe mot. Dessutan er Emil akkurat ni mnd den dagen neste cupkveld er. :-)

mandag, september 13, 2010

Travel helg

Lørdags morgon reiste eg og Emil opp til Ålgård for å vera med Olaug og Thassie på utstilling idag.  Eg hadde dessutan avtalt med John at Emil skulle få bruke Odin som springekamerat littegranne.
Det regna slik på lørdagen, at det ikkje blei bilete, men møtet mellom Odin og Emil gjekk heilt strålande!  John tok ut Odin først, og gjekk oppover jordet eit stykke, og då eg tok ut Emil, slapp eg han laus med ein gong, slik at han skulle få ta alt i sitt eige tempo. Men Emil sprang rett opp til Odin og helste skikkelig fint! Eg mistenker at han trudde det var Ayla med ein gong... :-)

Eg tipper dei sprang i lag i kanskje 15-20 minutter, og så var det på tide for meg å køyre til Stavanger for å kjøpe dukar og nye gardiner på Kid. Eg hadde dessutan eit ærend på Ikea, og då klokka var fem var eg attende på Ålgård.
Eg var veldig spent på korleis Emil ville klare seg i møtet med Thassie. Emil er jo ikkje Herr Forsiktig, akkurat, men då han traff Thassie for første gong på to månader, snuste dei såvidt på kvarandre, og så var dei ferdige med det. Han var ikkje brulten eller masete på henne, og ho takla han heilt fint!

Resten av kvelden gjekk med til å førebu søndagens utstillingsplanar, og både Emil og eg slokna rimelig raskt då me la oss.

Søndagen var det altså tid for utstilling for Thassie. Olaug var ikkje det minste nervøs eller stressa, mens eg stressa litt med tanke på tida... Eg har nok litt allergi mot å komme for seint til ting, og syns det er greit å vera på plass idet klokka er der. Me kom ikkje for seint (eg gjer sjeldan det), og entra utstillingsområdet ganske på slaget klokka ti.
DSC08676

Rundt utstillingsringen stod det mange bord med tålmodige pudlar oppå og dei blei stelte etter alle kunstens reglar. Nydelege hundar, med ikkje fullt så snille eigarar. Hundane blei røska i øyrene, kjefta på, kvelt av båndet, og så vidare. Det var eit par hundar som ikkje syns det var kjekt i det heile tatt, og eigarane gjorde ikkje akkurat situasjonen betre for sine firbeinte vener. Slike opplevingar gjer meg heilt nøgd med at eg ikkje driv med utstilling.
DSC08681

Olaug og Thassie gjorde god figur i ringen, og eg svulma av stolthet då dei fekk kritikken sin og gjekk ut or ringen. Dommaren påpeikte at Thassie var godt utvikla for alderen, men at fargekombinasjonen ikkje var lovleg. So what!? :-)
DSC08734
DSC08706
DSC08712
DSC08724

Etter ustillinga var ferdig, lot me Thassie og Emil springe lause litt i lag, og det gjekk kjempefint! Då dei byrja å springe litt vel heftig, passa Emil på at han ikkje tråkka på Thassie, og farten var ikkje låg, det kan eg seie! Men Thassie blei ikkje nervøs eller syns han blei i meste laget, og det syns eg var skikkelig kjekt!
DSC08740

DSC08775 
DSC08743
DSC08753
DSC08766

Eg avtalt nok eit møte mellom Odin og Emil i dag. Me skulle eigentleg halde til der me var dagen før, men pga Odin kanskje måtte ut og leite etter folk (Odin er jo ferdig Redningshund, må vite), drog me ned til Sviland for ei aldri så lita springeøkt.

Denne dagen lot eg Emil stå ute mens Odin fekk kome ut or bilen. Ingen bust eller usikkerhet, han ville rett bort med ein gong. Etter det sprang og koste dei seg til John fekk telefon om at det blei leiteaksjon. Personen var blitt vekke i det området me var i, så det var ikkje lange køyreturen for Redningshunden Odin å dra på jobb. Seinare har eg fått vite at den sakna kom til rette av seg sjølv etter kort tid. Heldigvis!

DSC08777DSC08778DSC08793DSC08787

torsdag, september 09, 2010

Kurskveld nummer fem.

Onsdag var det altså kurskveld nummer fem av seks. Det har gått så fort, og me har lært så utrulig mykje!
Denne kvelden stod starten av innlæring av ruta på tapetet, og litt meir burtrening, stå under marsj, og sette signal på det å gå inn i buret.

Ruta-treninga gjekk vel greit... eg rota litt med når belønning skulle komme, og kva han skulle gjere for å få belønninga, og likevel klarte Emil å ha progresjon i treninga! Det hjalp VELDIG å ha Hilde på sidelinja som skrøyta og kom med veiledning. Uvurderlig faktor om ein skal lukkas! Det hjelpe så veldig å IKKJE trene på eigahand!

Heilt på slutten brumla Emil på ei lita jente som stod like ved sida av oss. Ho hadde rusla rundt på plassen gjennom heile kurset, men brått var ho altså skummel. Eg greide ikkje å forutsjå det, så då han laga lyd, trakk eg han vekk derfrå, og etterpå gjekk me bort til jenta i lag og helste på henne. Han sa hei på sin sedvanlige måte, og så var ikkje ho skummel lenger.
Men han brumla på to av hundane som kom då kurset vårt var nesten over. Etter vårt kurs starter nemlig eit anna som Siv held, og dei som kjem til det kurset, har absolutt INGEN omtanke for oss som framleis står midt i treninga. Dei tek ut hundane sine or bilane sine, og står gjerne der og ser på og lar hunden stå heile bandlengda og henge i bandet sånn at me (les; eg) som har ein Brumlebasse får ein kjip slutt på ein ellers kjekk kurskveld.

Før kurset oppdaga eg ein veldig kjekk ting. Eg stod og snakka med Hilde då eg skulle ha Emil ut or bilen. Han hoppa opp og beit i bandet slik han pleier, så eg slapp det berre. Då sette han seg ned, og sat slik med tung rumpe og roleg uttrykk. Kvar gong eg rørte i bandet, beit han i det og hoppa litt. Når eg slapp det, sette han seg ned og inntok roleg-Emil-på-trening looken sin. Aha-augneblinken gjaldt altså at bandbitinga nok er innlært atferd, og ikkje nødvendigivs stressrelatert. I visse situasjonar er det nok det, men aldeles ikkje i alle.

onsdag, september 08, 2010

Hundetrening og kos.

I ånd av innlegget mitt om korleis ein skal få mest mogleg ut av ein kurskveld, kjem altså dette om hundetrening og kos.

Dei siste åra har eg gått mange kurs med eigen hund, og også haldt kurs sjølv. På alle desse kursa er det noko som går igjen. Det er mykje mogleg at dei aller fleste kjenner seg att i følgande scenario:

Eigar og hund står og trener, hunden får til noko, eigar belønner med godbit, og klapper eller klør hunden ein eller annan stad på hovudet mens hunden eter godbiten sin.

Kjenner du deg att? Omtrent alle gjer jo dette her. Kvifor nevner eg dette? Fordi dei aller færraste får med seg det som så skjer:

Ei eller fleire av desse atferdene dukker opp:

* hunden snur og vrir på seg for å komme vekk frå berøringen,
* sleiker seg om munnen,
* må plutselig klø seg,
* må plutselig slikke seg på tissen
* gjesper
* rister seg

Det er fleire ting som dukker opp, men desse seks er dei vanligaste. Fleire gonger når eg har vore deltakar på kurs, har eg observert (under eigne pausar) andre som trener sine hundar, og sett at hunden elsker godbiten, veit kva eigar belønner for, men likevel har dei ikkje den framgongen ein skulle tru dei skulle hatt. Ved nokre anledningar har eg tipsa dei om at dei kanskje skulle la hunden ete godbeten i fred og spare kosen til dei kom heim. Det blir alltid tatt godt i mot, og det blir tydeleg framgong i treninga etterpå. Det er ikkje alltid like enkelt å droppe kosen, for me er jo så stolte av dei små på fire bein, og vil så gjerne vise det ved å kose med dei. :-)

Men kan me ikkje kose med hundane våre?

Jo, kan skjønne det, men kven skal det vera kos for? Meg som eigar, eller for hunden, eller begge to? Eg vil jo helst at når eg koser med hundane mine, at dei også oppfatter det som behagelig, i det minste.

Ayla gjer ikkje det når me er ute blant andre hundar og skal trene. Då er det bare teit når hu mor skal kladde og klø og sånt. Ho godtar det, men syns ikkje det er noko kult.  
Emil er ein sjeldan gong på same måten, men han har ein tendens til å trenge meg for trygghet til tider, og då er kløing og kladding bare greit.

For å gjera det enklare å setja seg inn i korleis den hunden har det, som får godbit og blir kladda på samtidig:
Tenk deg at du og den personen du likar best i heile verda er ute på restaurant. Bordet er dekka med dei lekraste rettar, og stearinlysa lagar ei koselig atmosfære. Restauranten er nesten heilt full, det summar av stemmer rundt dykk, og så kjem tida for å ete.
Med ein gong du har tatt ein matbit, kjem personen på andre sida av bordet og skal kysse deg. Du har munnen full av mat, og der kjem personen for å KYSSE deg!?! På restauranten, blant alle menneska, RETT ETTER at du har tatt ein matbit! Kva skjer, liksom??

Du tenker at den andre sikkert ikkje såg at du nettopp hadde tatt ein matbit, så du tygger ferdig og tar ein ny bit av den fantastiske maten. Så kjem personen IGJEN for å kysse deg mens du har mat i munnen, og brått kjenner du hender oppgjennom håret ditt.. Du har jo stelt deg og styla håret og allslags, jo!
Du trekker deg unna og fnyser irritert.
Ved neste matbit gjentar det heile seg, og du byrjar å ane eit mønster i det som skjer. Igjen trekker du deg vekk og kikker stygt på personen på andre sida av bordet. Maten smakar plutseleg ikkje så godt lenger, men du er jo sulten, så du tar ein fjerde matbit. Ikkje før har du fått maten i munnen, så er personen der og kysser deg.

Du syns ikkje dette passer seg på ein restaurant, og i allefall ikkje når du skal ete. Du er glad i personen, og likar at denne kysser deg, men ikkje her, ikkje no, og ikkje når det er så mykje anna som føregår rundt dykk: Dette fortel du, kanskje ikkje i heilt reine ordelag, men absolutt på ein slik måte at dei ikkje kan misforstå. Du drøyer litt før neste matbit, for du er liksom ikkje heilt klar for eit nytt matbit-i-munnen-kyss heilt endå. Du veit   kva som vil kome, og mens du fører maten til munnen, har du allereie starta å grue deg.

Tar du poenget?

Eg vil ikkje påstå at folk ikkje må kose med hundane sine, men hvis du er av dei som koser med hunden din etter at du har belønna den under trening, og den reagerer med ein av dei seks punktene eg nevnte innleiingsvis, så er det ikkje heilt utenkjeleg at du vil oppleve endring i treninga di om du droppar kosen i akkurat den settinga.

Og berre for å ha det klart, eg snakkar ikkje om kos SOM belønning her.

Nokre hundar syns nemlig det er stas med kos som belønning, andre kan klare seg heilt og fullstendig utan kladding på trening. Men korleis skal ein vite om hunden likar berøring som belønning eller ikkje?
Ein hund som trekker seg vekk frå handa mi, likar ikkje det eg gjer. Så enkelt er det. Emil, for eksempel, kan gjerne gni seg inntil meg med sida av kroppen når han får kos som belønning, og han spretter ikkje vekk i det same eg sluttar kosen. Ayla, derimot, trekker seg vekk eller snur vekk hovudet og slikker seg om munnen. Og med ein gong eg sluttar kosen, plasserer ho seg utanfor rekkevidde eller klar til vidare trening. Det er ikkje fordi ho ikkje likar meg, men ho gidd ikkje å bli kladda på der og då. Det er ikkje personleg frå hunden si side, og eg syns det går an å respektere hunden nok til å ikkje påtvinge noko nærkontakt når den ikkje ønsker det.

På dei følgande bileta, kven kosar seg mest her?




Dette biletet i seg sjølv er særdeles skummelt, syns eg... det ser nesten ut som om det er tre ulike individ her. Hovudet til dama ser ikkje ut til å tilhøyre kroppen..  


søndag, september 05, 2010

Jesper, den fantastiske sosialiseringshunden!

I dag har Emil og eg vore så heldige at me har fått stifta bekjentskap med ein fantastisk sosialiseringshund. Vidunderet heiter Jesper, og er ein brun labrador på fem år. Han var så klok og fornuftig, den hunden, at då Emil fekk auge på han og begynte å bjeffe, snudde han bare ryggen til og og lot jyplingen få ta ting i sitt eige tempo. Bjeffinga ga seg raskt, men busten, eller pønken, la seg ikkje før etter Emil fekk helse på Jesper. Deretter var det bare fryd og gammen, og me rusla innover til Fiskelausvatn i lag. Emil delte raust med seg når det gjaldt kunnskaper om dei beste gjørmepyttane, og Jesper var raus i sin tålmodighet med Emil.

Emil var ikkje så usikker eller pågåande eller masete i løpet av turen, så det er nok bare den innleiande helsinga som vekker så store kjensler hjå Emil.

Potesokken Emil går med for tida måtte av etter første gjørmebadet, men han viste ikkje teikn til at det plaga han resten av turen.

Vel tilbake i hagen igjen, fekk dei to karane eit lite godbitsøk på plenen, og spylt av seg den verste gjørma. Emil var jo svart frå skuldrene og ned, mens Jesper såg rein ut. Heilt til me spylte av han litt... :-)

Og kameraet var sjølvsagt med, sjølv om bileta ikkje er dei klaraste eg har teke nokonsinne...

 DSC08502
Emil syns Jesper er fryktelig spennande og eksotisk, brun som han er.


DSC08508
To glade labrador rumper oppover veien.


DSC08513
Eg trur både Emil og Jesper blei litt overraska over at Jesper også tok seg ein svømmetur :-D


DSC08518
Ein fullvaksen og ein 7,5 mnd gammal labrador. Nesten like høge, så det blir spennande å sjå kor Emil endar opp...


DSC08523
I fullt frisprang nedover vegen etter eit gjørmebad.... Det ser ikkje så bratt ut, men det er det faktisk.


DSC08526
Til alle som syns Emil alltid er så kvit og rein... Slik ser han oftast ut på tur. Skitten og lukkeleg!

Og så nokre leikebilete frå plenen (eller det litle som er att av plenen etter oldenborrelarveangrepet)
DSC08530 DSC08532 DSC08534 DSC08539 DSC08541 DSC08547DSC08543